Leiaren av korttidsavdelinga på ein viss sjukeheim i Bergensområdet står i kjøkkenglaset og ser ut på gardsplassen og den private, bratte tilkomstvegen. Den høge, tynne, direkte stygge blondina med dei komisk dinglande gulløyreringane grøssar seg. Det er éi minusgrad ute, regn og skøyteis. Hennar eigen mann, mister Plogen (mister Hagen i sommarhalvåret, når han driv med hageservice), er ute på oppdrag, og kjem ikkje til å kome tilbake før midnatt. No er ho åleine i huset sidan hennar ti år gamle son er nede på Jæren hjå besteforeldra. Det berre vart slik når begge foreldra jobbar i romjula.
Natta er svart og endelaus, og klokka er knapt slegen fem om ettermiddagen. Klokka på veggen inne på kjøkkenet tikkar nådelaust vidare mot døden. Det er ikkje ei levande sjel å sjå ute, for der bur so mange åleinemødrer og enkjefruer i denne bratte, isglinsande bakken. På eit slikt føre bryt dei gamle kjerringane lårhalsen berre dei stikk nasen ut døra. Åleinemødrene sit truleg inne i husa sine og grin medan dei ser ut på den altfor store hagen.
Deira eigen hage er den største i nabolaget, men takka vere ektemannen greier ho heldigvis å stelle den sjølv. Dei andre må tilfredsstille han seksuelt, anten gjennom sugejobbar eller ved å bli tekne hardt bakfrå. Det siste kunne ho gjerne tenkt seg, for i skrivande stund har ikkje leiaren av korttidsavdelinga hatt sex på over eit år. Slik er det å vere gift med ein hagemann. Den seksuelle frustrasjonen ligg som eit kaldt, vått, ekkelt teppe rundt ho. Med eit pissesurt, bittert ansikt vandrar ho kvilelaust inn i den digre stova, eit rom som er so stort at det er ekko i det.
Dei isblå auga hennar vender seg mot mirakelvibratoren som ho fekk til jul sist sundag. Åtte tusen kosta den, og den har orgasmegaranti. Ho har enno ikkje tort å prøve den. Kva om heller ikkje dette seksualtekniske hjelpemiddelet kan gje ho den orgasmen ho treng so sårt? Heile ansiktet vrengjer seg i angst og uvisse. Samstundes er ho so vanvitig kåt. Det er jo verdt eit forsøk. Stille som ein innbrotstjuv listar ho seg bort og grip vibratoren, saman med den vesle plastposen med glidemiddel og reinsemiddel.
Den høge, tynne, hengslete blondina listar seg inn på det store, luksuriøse badet. Her er det herleg varme, for takka vere inntekta til hagemannen har dei ingen problem med å betale straumrekninga. Han tener minst fire gonger so mykje som ho sjølv, og ho har ei leiarstilling på sjukeheim.
Snart er ho naken. Hjartet hamrar so hardt at dei små, søte puppane pulserer lett. Brystvortene er stive. Dei glattbarberte kjønnsleppene er oppsvulma. Ho kastar eit blikk på den altfor høge kroppen i spegelen og snur seg vekk i kvalme og avsky. Ho riggar seg godt til rette oppe i badekaret på ei seng av mjuke badehandkle som truleg kostar tusen kroner stykket. Ho bit seg lett i leppene når ho smører seg og vibratoren godt inn med glidemiddel.
«Herre Gud, du som er i himmelen…!» kviskrar ho stille på sitt breie Jæren-mål. – «Lat meg få kome…!»
Ho er so spent at ho ligg der og dirrar. Med ei lett skjelven hand skrur ho på vibratoren. Summelyden er lågare enn ho hadde forventa, akkurat som ein mobil i lydlausmodus som ligg og summar i staden for å ringje. Kanskje like greitt, for tenk om enkjefru Haraldsen over vegen hadde høyrt dette!
Snart kjærteiknar ho dei oppsvulma, glinsande, såpeglatte kjønnsleppene med mirakelvibratoren. Ho bit seg lett i leppene og fniser. Dette kitlar jammen mykje! Auga hennar vender seg oppover til taket. Dette var faktisk ganske herleg. Ho slepper frå seg eit obskønt stønn då ho varsamt fører vibratoren inn i skjeden. Heile greia glir lett inn i ho og ligg djupt der inne og summar og kitlar. Som ei hønemor ligg ho der og rugar på denne vesle rakkaren medan ho sitrar og vrir på seg.
Ho lukkar auga og får eit uhyre udelikat smil i det stygge ansiktet. Varsamt byrjar ho å massere sin digre, svulmande klitoris med sine altfor lange fingrar. Ho er klissvåt, det kjem omtrent smattelydar frå kjønnsleppene. Slik kan ho liggje heilt til mister Plogen kjem heim igjen!
«Heiane, dette var gysla godt…!!» seier ho knisande.
Brått ringjer nokon på døra. Eit lett, leikent «ringeti-ring». Ho opnar auga med eit uttrykk av indignasjon. Kven faen kan det vere i fem-tida ein fredags ettermiddag? Ho bykser temmeleg forbanna ut av badekaret, sklir inn i eit par stygge, lysegrå joggebukser og viklar på seg ein lysegrøn ullgenser.
I rein vanvare gløymer den 35 år gamle leiaren for korttidsavdelinga å ta ut mirakelvibratoren, som ligg og summar og kitlar djupt inne i fitta på ho. Dette kjenner ho ikkje før ho opnar døra og stirer lukt inn i blikket på den filippinske sjukepleiaren Sandy. Ho står der ulasteleg kledd i ei mørkebrun kåpe som matchar augefargen hennar, ei søt, nusseleg, kvit topplue og nokre vintersko med fyrsteklasses broddar.
«Øh, kan eg hjelpe deg med noko…??» spør leiaren medan ho vrir og strekkjer på seg. Mirakelvibratoren stimulerer ho so herleg at det er umogleg å stå stille. Snakk om å skru av hjernen!
«Ja,» seier dama bestemt. – «Kva er greia med å sende innkalling til drøftingsmøte etter kontortid ein fredag ettermiddag før sjølvaste nyttårshelga? Kva har eg gjort? Det står det jo ingenting om i innkallinga, berre at eg vil få beskjed om grunnen på sjølve møtet. Som du utruleg nok har tenkt å halde tysdag 2.januar, som er absolutt fyrste arbeidsdag etter nyttår.»
«Du, dette må vente til tysdag, når drøftingsmøtet skal finne stad…!!» stønnar leiaren og bit seg lett i leppene. – «Dette er min private h-heim…!!» Heile kroppen hennar kitlar so altfor, altfor herleg. Åh herregud, tenk om ho kjem framfor ein tilsett ho har tenkt å seie opp! – «Kvifor kjem du heim til meg…?? Kvifor ringde du meg ikkje…??»
«Å ringje deg på jobben etter kontortid når du har reist derifrå er vel temmeleg meiningslaust,» seier Sandy bryskt. – «Og privatnummeret ditt er hemmeleg, so den einaste måten å få tak i deg, blir jo då å kome heim til deg.»
«V-ver so snill…!!» klynkar leiaren i det ho er nærare ein orgasme enn ho har vore på sikkert fem år.
«Ver so snill kva?» nærast spyttar Sandy ut. – «Eg forlangar ei forklaring, og eg vil ha den no! Vi må seriøst snakke saman. Kva skjer? Kvifor vil du plutseleg seie meg opp? Du har berre gjeve meg skryt på dei to oppfølgingssamtalane vi har hatt til no!»
«Ååååååh, det må vente til tysdag…!! Til tyyyysdag…!!»
Sandy mønstrar dette kvinnemennesket frå topp til tå med skarpt blikk.
«Kva er det med deg?» spør ho. – «Du ser jo ut som du skal drite på deg. Og nokon prøver å ringje deg, eg høyrer mobilen din summe. Du har den nok på lydlaus.»
«Åååååh, eg må på doooo…!!» rautar den høge fyrstikkblondina og vraltar komisk over golvet – det kjennest ut som ho skal gå i lufta, sjølve kulminasjonen av minst fem år med botnlaus seksuell frustrasjon. Sandy står i døra og ser etter ho med store auge og eit sint drag over munnen.
«Dette finn eg meg ikkje i,» seier ho stille, før ho tek av seg skoa og går inn i huset.
Inne på badet står leiaren og vrir på seg i ei blanding av eufori og skam. Herregud, so flaut! Ei bølgje av sanselaus nyting fer gjennom den høge, hengslete kroppen i det ho komisk febrilsk prøver å fiske ut mirakelvibratoren. Den er so glatt inni ho at dei skjelvande fingrane glepp.
Sandy bankar leikent bestemt på døra. «Banketi-BANK!».
«Om du trur eg finn meg i å bli innkalla til drøftingsmøte utan å vete grunnen, tek du feil!» lyd stemma hennar gjennom døra. Blondina står der raud som ein tomat i ansiktet og vrir på seg, ute av stand til å få ut den hersens mirakelvibratoren. – «Eg møter opp med advokat, berre so du veit det! Dette vil få eit etterspel! Dette kan resultere i søksmål, berre so det er klart! Eg kjenner faktisk til Arbeidsmiljølova sjølv om eg er utlending!»
«Ver so snill å gååååå…!!» rautar blondina i det nok ei bølgje av sanselaus nyting fer gjennom ho. Gulløyreringane dinglar komisk mot den sprutraude huda. Auga hennar rullar tilbake i skolten på ho, og munnen opnar seg i ein obskøn grimase.
«‘Ver so snill å gå’?» Sandy ler kort i forakt. – «Det var du som valde å sende trugslar om oppseiing etter kontortid ein fredag, slik at eg ikkje skulle få tid til å skaffe representasjon til drøftingsmøtet! I tillegg meinte du eg skulle gå heile nyttårshelga fortvilt over at eg kom til å misse jobben!»
«Åh heiane, no kjem eg…!!» brøler blondina. – «Herre Jesus!! Herre Jesus!! Hallelujaaaa!! Åh jaaaaaa!!»
Himmelrikets portar opnar seg for rogalandsdama. Den summande mirakelvibratoren skyt omtrent som ein rakett ut av den oppsvulma, klissvåte fitta hennar, som rykkjer til i orgasmiske kontraksjonar. Den aggressivt summande vibratoren trillar inn under den digre dobbeltvasken. Leiaren kjem so kraftig at ho pissar seg ut. Det varme golvet under ho blir vått.
Sandy står framfor den låste badedøra og høyrer på dei rare lydane. Ho ristar blåsande på hovudet.
«Er det mogleg?» spør ho, so rasande at ho freser. – «Fy faen, altso, er det mogleg? Står du der inne og onanerer? Kor sjuk i hovudet er du? Vel, ikkje ta deg bryet med å forklare. Eg har ein kompis som jobbar i advokatbyrå. Eg ringjer han i kveld. Eg og han tek oss eit møte i morgon. So snakkast vi på tysdag 2.januar på drøftingsmøte, di forskrudde psykopatfitte.»
Ho flirer kaldt i det ho snur seg og går. Den myndige filippinardama forsvinn oppetter den såpeglatte bakken på sine fyrsteklasses broddar.
Den 35 år gamle vitsen av ein blondine-leiar står skjemd som ei bikkje inne på badet og grin med ansiktet i dei store nevane. Ho er djupt tilfredsstilt, men kjem truleg til å bli saksøkt, politimeldt og det som verre er.
«Vel…» seier ho stille. – «I det minste fekk eg endeleg kome.»
