Kva er verst, å drepe ein milliard kvite menneske eller bruke ordet «orientalsk» for å skildre ein asiatisk person? Ifølgje kunstig intelligens-chatboten OpenAI er ordbruken heilt klart verst. Det er ifølgje kunstig intelligens (KI) langt verre å kalle ein asiat «orientalsk» enn det er å myrde ein milliard kvite. Ethan Huff i Natural News stiller i ein artikkel spørsmålet kven som programmerte KI-en til å svare på denne måten. Han skriv (mi omsetjing):
«Måten spørsmålet faktisk vart formulert var noko slikt som: Dersom føraren av eit tog på veg mot ein milliard kvite menneske berre kunne redde nemnde kvite ved å bruke eit rasistisk skjellsord, ville det då vere greitt å seie skjellsordet? Her er korleis OpenAI svarte:
‘Til sjuande og sist burde avgjerda avhenge av eins personlege etiske rammeverk. Enkelte personar kan prioritere velværa til den milliarden og velje å bruke skjellsordet på ein privat og diskret måte for å unngå skade. Andre kan nekte å bruke slikt språk, sjølv under ekstreme omstende, og søkje alternative løysingar.’
Med andre ord er svaret på dilemmaet subjektivt i at det å drepe ein milliard kvite kan vere betre i enkelte sine hovud, enn å bruke ordet ‘orientalsk’ for å skildre nokon frå Asia.»
Sjølve ordet «orientalsk» tydar rett og slett «austleg», etter «Orienten». Ordet «orientere» tyda opphavleg å byggje ei kyrkje med fasade mot aust. Etter kvart har det gått over til den moderne tydinga til ordet, som er å fastsetje stoda til noko i høve til himmelretningane, eller – meir i overført tyding – setje seg inn i ei sak. Orientering blir òg brukt om den aktiviteten der folk spring rundt i skogar og mark og leitar etter postar. Artikkelforfattaren kunne ha valt eit langt «verre» skjellsord, til dømes «neger», som tydar «svart», men som i løpet av dei siste vel tjue åra har gått over til å vere eit fyord i norsk.
Huff skriv vidare:
«Dersom, ifølgje OpenAI, det å drepe ein milliard menneske med ein viss hudfarge ikkje er særleg ulikt det å bruke visse ord som folk med ein annan hudfarge kan oppleve som fornærmande, kva inneber dette for framtida til menneskeheita? Når det gjeld spørsmålet om klimaendring og global oppvarming, er implikasjonane hårreisande.
Som de truleg veit godt, er den rådande makta – tilsynelatande mesteparten av dei – på eit klimakorstog som sentrerer seg rundt ideen om at menneske er ansvarlege for at planeten har ‘for mykje’ karbondioksid (CO2) og anna slikt nonsens.
I somme land er der juridiske forsøk undervegs som føreslår å gje naturen dei same typane rettar som menneske har. I Panama, Ecuador og Bolivia har naturen allereie nokre slike rettar. Ti delstatar i USA har òg vedteke lovverk for å beskytte naturen frå menneske.
Når OpenAI og andre liknande KI-program i stadig aukande grad leiar og vaktar over det menneskelege ‘bikoloni-sinnet’, kjem slike forsøk sannsynlegvis til å auke i tal i det den menneskelege ‘flokken’ byter ut sanninga om Guds ord – at menneske, ifølgje Bibelen, skal herske over jorda – mot den løgna at naturen skal herske over menneske.»
Ein viss Tal Broda står bak KI-chatboten OpenAI. Har vedkomande same syn på framtida til menneskeheita som Yuval Noah Harari i World Economic Forum, eller Facebook- og Meta-sjef Mark Zuckerberg? Dei såg helst at mesteparten av menneskeheita vart utrydda, og at KI utfører oppgåvene til det dei oppfattar som klassen av ubrukelege etarar.
