Kjelde på innsida av Pfizer innrømmer at mRNA er meint å drepe MILLIARDAR

Eksperimentelle mRNA-vaksinar er meint å erstatte alle moderne legemiddel, ifølgje Bill Gates, Pfizer og Moderna, som åtvarar at menneskeheita vil bli tvinga til å ta hundrevis av mRNA-sprøyter kvart år om vi ønskjer å halde fram med å delta i samfunnet. Dette skriv Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice.

Han skriv (mi omsetjing):

«Dersom det er prisen, kan du utelukke meg. For kvar dag som går finn vi nemleg ut meir om dei katastrofale effektane av dei utesta mRNA-vaksinane.

Der har vore heile legionar av menneske som har døydd plutseleg eller blitt råka av invalidiserande helsekonsekvensar, inkludert unge og friske menneske, og eit hittil usett tal av profesjonelle atletar.

Medan hovudstraumsmedia held fram med å låst som dei er forbløffa, er der no ei flodbølgje av informasjon om dei katastrofale effektane av mRNA, inkludert studiar i dei mest prestisjefylte medisinske tidsskriftene i verda.

Denne informasjonen bryt seg no gjennom dei kunstige barrierane konstruert av portvaktene til den globale eliten i media og Big Tech, og resultata er ærleg tala fabelaktige å vere vitne til. Fleire og fleire vaknar kvar dag opp til brotsverka til globalist-eliten og krev rettferd. […]

Sist veke på nederlandsk TV var der ei sending på den offentlege kanalen med ekspertar som ope kravde ein umiddelbar stans av dei genetiske mRNA-vaksinane. Kvifor? Hald på hattane, folkens. Det viser seg at banebrytande vitskaplege rapportar i dei mest prestisjefylte tidsskrifta i verda endeleg har bevist det som sokalla konspirasjonsteoretikarar har visst heile tida.

mRNA-et endrar fullstendig og menneskeleg DNA, og dette kan ikkje reparerast. Og dette er ein særs, særs dårleg ting.

Ifølgje Big Pharma-leiarar ‘er der ein komande tsunami av mRNA-legemiddel’, inkludert mot hjartesjukdom og kreft, som tilfeldigvis er dei to hovudproblema forårsaka av mRNA-sprøyter i fyrste omgang. […]

I staden for å bli dregen til internasjonale straffedomstolar for brotsverk mot menneskeheita, driv globalist-eliten og herskar over massane, og skryter over at nedstengingane, munnbinda og tvinga covid-sprøyter berre er byrjinga.

Om det ikkje var urovekkjande nok, skrytte Moderna sin leiande vitskaplege offiser [Melissa J. Moore; oms.an.] òg over at Big Pharma snart vil byrje å injisere mRNA rett inn i hjarta på folk. Ja, ho snakkar om dei same hjarta som var friske heilt til vaksineutrullinga fekk millionar av menneske over heile verda, inkludert spreke og friske unge menneske og elite-atletar, til å krepere med hjarteproblem.

Pfizer doblar innsatsen når det gjeld mRNA, og veddar sjokkerande 43 milliardar dollar på at ‘turbokreft’ er i ferd med å eksplodere rundt om i verda.

Førre månad [desember 2023] lamslo Pfizer medisinverda ved å kjøpe opp Seagen, eit lite legemiddelselskap som behandlar turbokreftformer, og som knapt tener to milliardar dollar i året.

Naturen til oppkjøpet har fått mange til å klø seg i hovuda. Der lurer noko særs nifst i detaljane i denne avtalen.

Pfizer sitt nye oppkjøp tek dei frå å vere i stand til å ‘behandle’ to av desse turbokreftformene, til å bli i stand til å behandle sju av ti. Ikkje verst for eit selskap som har som visjon å dominere marknaden ved å behandle dei same problema som dei skaper. […]

Det viser seg at å leike Gud og endre menneske-DNA ikkje var slik ein god idé – med mindre du tilfeldigvis har global avfolking i sinne.

Den globale eliten har gjentekne gonger åtvara oss at dei ser på seg sjølve som gudar, og at vi ikkje må stå i vegen for dei. Dei spøkte ikkje. Med utrullinga av mRNA-teknologi, pumpa inn i armane på milliardar av villeia menneske rundt om i verda, har dei eksperimentert med det menneskelege genom, endra DNA-et til offera sine, og resultata har vore øydeleggjande.

Det tragiske er at vi berre har sett byrjinga på tragedien. Ifølgje lekne Pfizer-dokument, kjem biverknadene til å bli mykje, mykje meir alvorlege for vaksinerte i dei neste tolv månadene.

Det er ikkje rart at 42% av amerikanarar sa i ei spørjeundersøking gjort av Rasmussen Report at det er sannsynleg eller høgst sannsynleg at dei kjem til å bli med på eit massesøksmål mot Moderna og Pfizer.

Vi kan ikkje late desse globalistane og Big Tech-selskapa sleppe unna med mord. Med tanke på at vi veit at eliten er bestemt på å avfolke verda, er det på tide å teikne ei linje i sanden. […]»

Kommenter innlegget