Den britiske regjeringa vedtek lov som lèt dei overvake ALLE apparat utan rettsordre

Nettstaden The People’s Voice rapporterer at den britiske regjeringa i all stillheit har vedteke ei ny lov som lèt dei overvake alle personlege apparat utan rettsordre, og utan at der føreligg mistanke om ulovleg aktivitet. Lovforslaget vart køyrt fort og gale gjennom parlamentet, og vil forsterke den allereie orwellianske Investigatory Powers Act. Lova har eksistert sidan 2016, og lèt den britiske staten samle informasjon om alt folket seier eller gjer på nettet, i tillegg til å gje private selskap ordre om å lagre informasjonen. Storbritannia skal seiast å vere det mest videoovervaka landet i verda, og globalist-eliten har sitt hovudkvarter i City of London, so eit slikt totalitært lovverk kjem difor ikkje som ei overrasking.

The People’s Voice skriv (mi omsetjing):

«Politico.com rapporterer: Den lova – innført i kjølvatnet av varslar Edward Snowden sine avsløringar om statleg masseovervaking – prøvde å innføre større ansvarleggjering av dei britiske etterretningsbyråa sitt omfattande spionasjeregime ved å formalisere utbreidde fullmakter til å oppfange e-postar, tekstar, netthistorikk og meir.

No utløyser nytt lovverk eit fersk raseri blant både industrileiarar og private aktørar – som seier det vil stikke kjeppar i hjula når det gjeld å beskytte privatlivet.

Industriorganet TechUK har skrive til Home Secretary [tilsvarer innanriksminister; oms.komm.] James Cleverly der dei har lufta sine klagar. Brevet til gruppa åtvarar at Investigatory Powers (Amendment) Bill [det aktuelle tillegget til Investigatory Powers Act] trugar teknologisk innovasjon, underminerer suvereniteten til andre nasjonar, og kan få dystre konsekvensar om det utløyser ein dominoeffekt i utlandet.

Teknologiselskap er djupt bekymra over ei endring som vil late Home Office [det britiske innanriksdepartementet] sende meldingar som hindrar dei i å utføre tekniske oppdateringar som kan hindre informasjonsdeling med britiske etterretningsbyrå.

TechUK argumenterer at endringane, kombinert med allereie eksisterande fullmkater, kan ‘gje ei de facto fullmakt til å nedleggje veto for selskap på ubestemt tid til å endre produkta og tenestene som dei tilbyr i Storbritannia’.

‘Ved å bruke denne fullmakta kan staten hindre innføringa av nye krypteringsmetodar, eller stoppe utviklarar frå å rette opp sårbare punkt i koden som staten eller deira partnarar gjerne kunne ha tenkt seg å utnytte,’ sa Meredith Whittaker, president i Signal, ein kryptert meldingsapp, til POLITICO då lovforslaget fyrst vart avdekt.

Home Office er bestemte på at det er eit teknisk og prosedyremessig sett av justeringar. Home Office-minister Andrew Sharpe sa at lovforslaget sitt komitéstadium i House of Lords at lova ‘ikkje kom til å… forby kryptering eller introdusere veto-fullmakter for ministeren… i motsetnad til kva enkelte uriktig spekulerer i’.

‘Vi har alltid vore tydelege på at vi støttar teknologisk innovasjon og private og sikra kommunikasjonsteknologiar, inkludert kryptering,’ sa ein talsperson for regjeringa. ‘Men dette kan ikkje kome på kostnad av offentleg tryggleik, og det er kritisk at avgjerder blir tekne av dei som er demokratisk ansvarleggjort.’»

Lovforslaget har, trass protestar, likevel blitt køyrt i ein fæla fart gjennom parlamentet, og med det risikert indignasjonen til lovgjevarar. Industrien appellerer allereie til parlamentsmedlemmer om at lovforslaget må reviderast:

«‘Vi legg vekt på det kritiske behovet for nok tid til å grundig diskutere desse endringane, og setje søkjelys på at rigid undersøking er grunnleggjande, med tanke på den internasjonale presedensen dei vil setje og den særs alvorlege effekten,’ står det i TechUK-brevet.

Konteksten til alt oppstyret er den oppheta debatten om kryptering som utfalda seg under vedtaket av den tidlegare Online Safety Act, som selskap og aktivistar argumenterte kunne tvinge selskap til å bryte kryptering i nettryggleiken sitt namn.

Lovforslaget sa til sjuande og sist at regjeringa kan krevje innføring av denne teknologien når det lèt seg ‘gjennomføre tenkisk’ og samstundes ivareta privatliv.

Apple, WhatsApp og Signal har truga med å trekkje ut tenestene sine frå Storbritannia om dei blir bedne om å underminere kryptering under britiske lover.

Sidan Online Safety Act vart vedteken i november, har Meta erklært at dei har byrja utviklinga av kryptering på si teneste Messenger.

I respons kom Cleverly med ei melding der han sa han var ‘skuffa’ over at selskapet hadde utført dette trass gjentekne statlege åtvaringar om at det ville gjere identifisering av barnemisbrukarar på plattforma vanskelegare. […]»

Ei gruppe ved namn Big Brother Watch og medlemmer av House of Lords uttrykkjer bekymring for at det nye lovverket kan bli brukt til å spionere på folk flest utan nokon gyldig lovleg grunn, inkludert medlemmer av parlamentet sjølve. House of Lords vil vidarebehandle lovforslaget 23.januar, før det går vidare til House of Commons for debatt der. TechUK er av den oppfatning at lovforslaget til sjuande og sist vil gjere teknologiselskap om til ein forlenga arm av overvakingsstaten.

Kommenter innlegget