Det går for tida rykte om at Elon Musk, eigaren av Tesla, SpaceX og X (tidlegare Twitter) har eit bekymringsverdig rusproblem. Wall Street Journal publiserte 6.januar 2024 ein sverteartikkel om Musk der dei kjem med desse påstandane – artikkelen ligg bak betalingsmur. NRK vidareformidla desse påstandane i ein nyheitsnotis 7.januar. Der skriv dei:
«Avisen Wall Street Journal skriver at toppfolk i Elon Musks selskaper Tesla og SpaceX er bekymret for milliardærens narkotikabruk.
Det skal lenge ha vært kjent at Musk bruker diverse lovlige og ulovlige rusmidler, opplyser WSJ. Det skal være snakk om LSD, kokain, ecstacy [sic], fleinsopp, marihuana og ketamin, ifølge kilder WSJ har snakket med.
Rusutfoldelsen skal skje på private fester der deltakerne skriver under på taushetserklæringer og gi[r] fra seg mobilen før de gjester festen, skriver avisa.»
No slår Musk tilbake mot denne sverteartikkelen, melder Russia Today (RT). På sundag 7.januar la han ut eit innlegg på X-kontoen sin, ein dag etter at Wall Street Journal publiserte ein lengre artikkel om dei påståtte bekymringane leiarar i selskapet har om bruken hans av ulovlege rusmiddel. RT skriv (mi omsetjing):
«Tesla-gründeren, med referanse til eit berykta intervju med Joe Rogan i 2018 der Musk røykte marijuana på kamera, forklarte: ‘etter det eine draget med Rogan samtykte eg, etter førespurnad frå NASA, om å gjennomgå tre år med tilfeldig rusmiddeltesting. Ikkje eingong restmengder vart funne av verken dop eller alkohol.’
‘@WSJ [Wall Street Journal] passar ikkje eingong til å klargjere eit bur for ein fugl,’ konkluderte han, og la til ein ‘bæsj’-emoji.
I sin artikkel med overskrifta ‘Elon Musk Has Used Illegal Drugs, Worrying Leaders at Tesla and SpaceX’, hevda avisa at fleire leiarar og styremedlemmer i begge selskapa var bekymra over at det dei såg på som Musk si ubereknelege åtferd var forårsaka av bruk av ulovlege rusmiddel. Desse skulle visstnok ha inkludert ikkje berre cannabis, som han vart sett røykje med Rogan, men òg ketamin – som han hevdar at han har lovleg resept på – LSD, kokain, ecstasy, og magiske soppar.
Musk sin bror Kimbal og minst éin noverande SpaceX-styremedlem tok visstnok narkotika med Musk, sjølv om det ikkje vart skrive om dei var blant dei som visstnok var bekymra over vanane til milliardæren. Musk har visstnok brukt narkotika på ‘private festar rundt om i verda’, der dei som var til stade vart bedne om å signere konfidensialitetsavtalar eller levere inn mobiltelefonane sine.
Medan ‘folk nære Musk’ var sagt å vere ‘bekymra for at [narkotikabruken hans] kunne forårsake ei helsekrise’, fokuserte avisa meir på dei potensielle implikasjonane for føretaka hans, spesifikt lagnaden til 14 milliardar dollar i statlege kontraktar som SpaceX har. ‘Narkotikamisbruk’ – bruken av reseptbelagde eller ulovlege substansar ‘på ein måte som avvik frå godkjent medisinsk tilråding’ – kan setje i fare Musk si tryggleiksklarering og vere eit brot på føderale kontraktørskrav.
Etter hendinga med Rogan, sendte SpaceX tilfeldig ut narkotikahundar på eigedommen til selskapet, og leiarar ‘byrja å åtvare tilsette om å følgje selskapet sine reglar til ei kvar tid, inkludert å ikkje bruke ulovlege rusmiddel sjølv utanfor arbeidstida’, sa kjelder frå innsida til WSJ.
Trass fokuset på narkotika, erkjende reportasjen at til og med dei som var bekymra for åtferda til Musk, ikkje var sikre på om dei skulle skulde det på rusmisbruk eller andre problem slik som hans ‘konsekvente mangel på søvn’, sidan han ligg på autismespekteret eller er (sjølvdiagnostisert) bipolar. Få investorar klaga over åtferda hans då selskapa hans gjorde det sopass godt som dei gjorde det i seinare år, innrømte den [artikkelen].
Musk-fans på X har fordømt ‘sverteartikkelen’, som tenkjetank-direktør Jeffrey Tucker sa var ‘den typen vondsinna ting du kunne forvente å sjå i Aust-Tyskland eller gamle Sovjetunionen’.»
