I våre dagar er karbondioksid (CO2) den store, stygge ulven som står bak den påstått menneskeskapte klimakrisa. Dette har ført til Det grøne skiftet, der køyretøy og apparat som går på bensin, diesel og andre «fossile drivstofftypar» blir forsøkt fasa ut til fordel for sine «grøne» motstykke. Denne hovudlause og uansvarlege politikken ser ein konsekvensar av til dømes i Oslo, der sprengkulda for tida fører til at dei elektriske bussane som vart skrytte opp i skyene for ei tid tilbake, ikkje fungerer. Som eit resultat har fleire hundre bussavgangar blitt innstilte slik at folk ikkje kjem seg på jobb. Global oppvarming og klimaendring er i beste fall feil bruk av klimamodellar, i verste fall rein oppdiktig. Dette bruker politikarane som påskot for å råke til dømes transportnæringa, som andre næringar er heilt avhengige av. Men er CO2 so farleg som dei alle hysterisk påstår?
Den britiskfødde, amerikanske teoretiske fysikaren og matematikaren Freeman Dyson (1923-2020) hadde eit anna syn på saka. Han meinte i si tid at CO2 er bra for planeten, i motsetnad til kva tilhengjarane av Det grøne skiftet står og skrik på innpust og utpust. Auka førekomst av CO2 i atmosfæren vil faktisk gjere Jorda grønare. Ethan Huff i Natural News skriv i ein artikkel om Dyson (mi omsetjing):
«Tilbake i 2015 deltok Dyson i eit intervju med Conversations that Matter, der han forklarte at dei mange klimamodellane som blir brukt av global oppvarming-fanatikarar for å spå framtida for miljøet, berre er passande for å forstå kva klimaet gjer akkurat no, eller kva det gjorde i fortida.
‘Målt frå rommet blir heile jorda grønare som eit resultat av karbondioksid, so det gjev auka utbyte innan landbruk, det får skogane til å vekse, og det aukar veksten i den biologiske verda – og det er viktigare og sikrare enn effektane på klimaet,’ forklarte Dyson.
Dyson, i fall du ikkje veit kven han er, var ein anerkjent ekspert på klimarelaterte tema. Han er blant dei mest feterte figurane innan det 20.hundreårets fysikk, og har vore pioner for omfattande arbeid innan kvantefelt-teori, astrofysikk, tilfeldige matrisar [random matrices på engelsk], matematisk formulering av kvantemekanikk, kondensert materie-fysikk, kjernefysikk og ingeniørkunst. […]
Tilbake i 2006 publiserte Dyson eit verk kalla The Scientist as Rebel [«vitskapsmannen som ein opprørar»], der han openlyst stilte spørsmålsteikn ved – gisp! – rolla menneskeleg aktivitet har i global oppvarming og klimaendring. To år seinare deltok han i eit intervju med Physics World der han essensielt avskreiv klimaindustrien som ein pengeutsugingsoperasjon.
Etter Dyson sitt syn burde alle pengane som blir brukt på å adressere klimaendring, heller bli brukt på å adressere ‘andre problem som er meir presserande og viktigare, slik som fattigdom, smittsame sjukdommar, offentleg utdanning og helse’. Dyson klargjorde òg på den tida at same kva som skjer med klimaet, ‘vil det ikkje gjere oss nokon skade’.
‘Ein har menneskeskapt klimaendring,’ kom Dyson seinare til å innrømme i sitt 2015-intervju med Conversations that Matter. ‘Det er eit spørsmål om kor mykje, og om det er godt eller dårleg.’
‘For det fyrste so skjøner vi ikkje detaljane. Det er truleg langt mindre enn det som generelt blir påstått, og det viktigaste er at der er enorme ikkje-klimaeffektar av karbondioksid som er overveldande i favør [og] som ikkje blir tekne til etterretning.’
Dyson la til at, som målt av satellittar, ‘veks heile Jorda seg grønare som eit resultat av karbondioksid i atmosfæren’.
Arbeidet til Dyson rundt klimatema går heilt tilbake til 1978, då han fyrst byrja å studere effektane CO2 har på atmosfæren og vegetasjonen. Han oppdaga allereie då at CO2 er livsviktig for landbruket, plantelivet og alle typar andre vekstar i den biologiske verda.
‘Og det er viktigare og meir sikkert enn effektane på klimaet,’ sa han.
Meda CO2-nivåa har auka med rundt 40% sidan den gongen Dyson fyrst byrja å studere det, ‘har rundt halvparten av det gått til å auke vegetasjonen’, avslørte Dyson før han gjekk bort.
‘Det er enormt nyttig både for matproduksjon og for biomangfaldet, bevaring av artar og alt anna som er godt.’
Dyson viste til forsking som går endå lenger tilbake, til 1960-talet då den japanske klimaeksperten Suki Manabe utvikla verdas fyrste klimamodell som evaluerte effektane av aukande CO2 på planeten. Basert på dette avgjorde Dyson at Manabe sin klimamodell, saman med alle andre klimamodellar som kom til å bli produsert i etterkant, peiker på éin ting og berre éin ting:
‘Desse klimamodellane er utmerka verktøy for å forstå klimaet, men dei er særs dårlege verktøy for å spå klimaet.’»
