Det har blitt spådd uvanleg kalde temperaturar i mesteparten av den amerikanske Midtvesten neste veke (veke 3). Ein ventar temperaturar so låge som -50 grader Fahrenheit, som tilsvarer -45 grader Celsius. Dette er temperaturar ein vanlegvis finn i Antarktis eller i dei inste delane av Sibir. Til samanlikning er den offisielle kulderekorden i Noreg -51,4 grader Celsius, som ifølgje Nettavisen vart målt i Karasjok 1.januar 1886. Dette er vel tjue grader kaldare enn den lågaste temperaturen som er målt i Longyearbyen på Svalbard, som var -29,9 grader Celsius i mars 2020. Den lågaste temperaturen som er dokumentert nokosinne, var på den dåverande sovjetiske Vostok-stasjonen i Antarktis 21.juli 1983 (som er vinter på den sørlege halvkula), der temperaturen var -89,2 grader Celsius (-128,6 grader Fahrenheit). Dette dannar kontekst til desse mildt sagt urovekkjande vêrmeldingane.
Meteorologane kallar det komande vêrfenomenet i Midtvesten for ein «polar vortex» / «polar midtvirvel», eller arctic blast («arktisk kaldfront»). Denne iskalde fronten vil visstnok rulle nedover frå Alaska og inn i den nordvestlege delen av USA som ligg ved Stillehavet. Deretter vil den bevege seg nedover til dei sentrale og midtvestre delane av landet dei neste fem til ti dagane, dette ifølgje meteorolog Ryan Maue. Dette melder Natural News, og dei skriv vidare (mi omsetjing):
«The National Weather Service (NWS) sitt senter for klimaføreseing [Climate Prediction Center] seier at denne kalde fronten vil verkeleg gjere seg til kjenne seint i neste veke [veke 3], der den fører med seg temperaturar som i enkelte område vil liggje heile 78 grader [25 grader Celsius] under normalen for denne årstida.
Ei pågåande stratosfærisk varmehending over Nordpolen får skulda for denne trugselen, sidan den skyv vekk den polare midtvirvelen og sender all denne særs kalde lufta nedover til dei 48 delstatane under seg.
Somme område vil få underkjølt regn medan andre vil bli lesst ned av snø. Eit lyspunkt i dette er ein varmrygg som held på å danne seg i søraust, som kan ende opp med å stoppe den kalde lufta i den vestlege halvdelen av USA og Canada. […]
Dersom denne arktiske kaldfronten kjem som planlagt, kan ein samanlikne den med kaldvêrskatastrofen i kjølvatnet av stormen Uri i februar 2021, som førde til at meir enn fire millionar innbyggjarar i Texas vart utan straum og varme i heile 70,5 timar [nesten tre døgn; oms.an.].
I den stormen vart sjokkerande 365 generatorar slegne ut, slik at mesteparten av Texas ikkje hadde straum. Fordi The Lone Star State er dårleg utstyrt for slike vêrhendingar, enda den opp med å bli ein av dei verste katastrofane i delstaten si historie.
Skildra som det største straumbrotet i amerikansk historie, sette Texas-katastrofen søkjelyset på behovet for eit meir robust straumhandteringssystem i heile landet.
Denne nyaste polare midtvirvelstormen fører med seg ein diger snøstorm i nordaust som allereie har dumpa minst 15 inches [38 centimeter] snø i Hudson Valley. Å reise langs den øvre austkysten er kaotisk og i somme område avgrensa.»
Dei krevjande vêrforholda har ført til trafikale utfordringar i store delar av det austlege USA. Mellom anna vart 164 flyavgangar avlyst på Boston sin internasjonale flyplass på grunn av snøstorm. Togtenester, slik som den til Amtrak, har òg blitt råka.
Vêrforholda i USA er temmeleg like dei som har vore i delar av Noreg den siste tida. Tungt snøfall i til dømes Agder har ført til skulestengingar og mellombels stans i postlevering. Hammerfest var nyleg isolert på grunn av snøskred på den einaste innfartsåra til byen. Sprengkulde i Oslo har slege ut bortimot heile den elektriske bussparken. Entreprenørar hevdar til media at dei aldri har sett so glatte vegar før. Sjølv køyrde eg i overkant av fire mil på nesten samanhengande hålkeføre då eg køyrde til Bergen frå Sunnfjord etter juleferie.
Låge temperaturar og mykje snø er eit temmeleg vanleg fenomen midt på høgste vinter – men dei ekstremt låge temperaturane som er varsla i Midtvesten ligg langt utanfor normalen. Det kan få ein til å stille seg spørsmålet om denne «arktiske kaldfronten» kan vere menneskeskapt. Teknologi for å endre vêret har eksistert i minst 100 år, og sokalla chemtrails kan i prinsippet provosere fram dårleg vêr – dei kan til dømes generere nedbør som har såpeliknande tilsetjingsstoff i seg, slik at vegane blir særs glatte. Kan noko liknande finne stad i Noreg? Det har jo aldri vore problem å køyre på vinterføre tidlegare…
Ein kan med rette stille spørsmålet om «nokon» driv og køddar med vêret for å øydeleggje jordbruksland i Midtvesten, som forsyner mesteparten av USA med grønsaker og korn. Og kan generering av glatte vegar overalt rett og slett vere eit middel djupstaten har for å halde oss der vi er, og ta ifrå oss rørslefridommen?
Sjå òg «Det kvite hus følgjer no den same solblokkerande geoengineering-planen som vart kalla ein ‘konspirasjonsteori’ for berre to år sidan», publisert 19.oktober 2022, og «Å kontrollere vêret har vore mogleg iallfall sidan 1916, viser evidens», publisert 4.november 2022.
