Dødsengel på ferde? Fleire dødsfall i helseføretak etter at sjukepleiar injiserte pasientar med vatn frå springen i staden for medisinar

På nyåret dukka det opp ei historie på nettstaden 100percentfedup.com om ein sjukepleiar i Medford i den amerikanske delstaten Oregon på den amerikanske vestkysten. Vedkomande skal ha injisert pasientar ved helseføretaket Asante Rogue Regional Medical Center med vatn frå springen i staden for deira ordinerte medisinar. Nyheitskanalen NBC 5 News har frå fleire kjelder blitt fortalt at fleire pasientar skal ha døydd på grunn av denne feilbehandlinga. Dødsenglar i helsesektoren er diverre ikkje eit ukjent fenomen, og i dette tilfellet har politiet gjort det rette og oppretta etterforskingssak.

NBC 5 News skreiv (mi omsetjing):

«Fleire kjelder seier at ein sjukepleiar ved Asante Rogue Regional Medical Center injiserte fleire pasientar med vatn frå springen i eit forsøk på å dekkje over sitt misbruk av sjukehuset si forsyning av smertestillande medikament, spesifikt fentanyl […].»

So mange som ni eller ti personar utvikla visstnok infeksjonar og døydde. Vatn frå springen er ikkje sterilt, so faren for infeksjon av bakteriar som måtte finnast til dømes i vassrøyra er difor absolutt til stade. Av same grunn bør ein aldri oppbevare til dømes kontaktlinser i vanleg springvatn, men heller bruke steril kontaktlinsevæske. Av same grunn bør ein heller aldri bruke heitt vatn frå springen til matlaging, men heller koke opp vatnet slik at bakteriane døyr. Å injisere ikkje-sterilt vatn er omtrent det dummaste ein sjukepleiar kan gjere. Dr. Robin Miller fortel til Complex at dette kan føre til sepsis (blodforgifting), lungebetennelse og infeksjon i organa i kroppen.

Fentanyl har om lag same effekt som heroin, men somme typar kan vere hundre gonger sterkare enn morfin. Som helsefagarbeidar har eg fyrst og fremst vore borti sokalla fentanyl-plaster som gradvis tilfører legemiddelet til kroppen. Då eg braut beinet på julaftan 2022 fekk eg to dosar fentanyl via venekateter (intravenøst). Fentanyl vart i mitt tilfelle brukt korrekt, altso å lindre akutte, sterke smerter – det er jævla vondt å brekke beinet. Illegal bruk av fentanyl har særs høg risiko for overdose og død, og er no den vanlegaste årsaka til overdosedødsfall i USA. Ein har i ein del år snakka om ei fentanyl-krise i USA – legemiddelet kjem på mystisk vis til landet, men det er sannsynlegvis aktørar i den overnasjonale djupstaten som står bak dette. Motgifta til fentanyl er legemiddelet nalokson.

Som alle opioidar er fentanyl særs avhengigheitsskapande, noko som forklarer kvifor sjukepleiaren i Oregon valde å stele legemiddelet frå jobben, for so å injisere vanleg springvatn på pasientane sine. Det som er særs underleg, er kvifor vedkomande ikkje heller brukte vanleg sterilt vatn frå små flasker – for slike er det vanlegvis rikelege mengder av på helseføretak, og dei er ikkje gjenstand for den same omfattande kontrollen som A-preparat har (via til dømes narkotika-rekneskap, der ein sit og tel talet tablettar eller ampullar av morfin og morfin-deriverte legemiddel slik som til dømes Oxycontin og Oxycodon). Historia frå Oregon provar vel berre det at rusavhengige ikkje alltid tenkjer klart og handlar rasjonelt.

Eller, med tanke på haldninga til enkelte sjukepleiarar, so handla vedkomande med forsett for å ta livet av folk personen meinte hadde levd lenge nok. Eller kva seier du, Morfin-Mona?

Kommenter innlegget