Nord-Korea hyrar russisk influensar for å fremje turisme i det diktatorstyrte regimet

Det isolerte regimet Nord-Korea har no hyra ein russisk influensar for å fremje turisme i landet, melder The Sun. Det diktatorstyrte kongedømmet har hyra ein 23-årig kvinneleg influensar ved namn Viktoria for å fremje skiresorten Masikryong, som ligg tre timar med bil frå hovudstaden Pyongyang. Modellen, som har eigen Instagram-konto og ei rekkje andre kontoar på andre sosialmedieplattformer, har nesten 80 000 følgjarar. Ho skriv om det nylege opphaldet i Nord-Korea, og korleis lærte seg å stå på ski etter instruksar på engelsk. Ho skildrar opphaldet som behageleg.

Med tanke på ryktet til Nord-Korea, kan ho ha fått spesialbehandling av regimet.

Viktoria ser ut til å budd i Nord-Korea sidan november 2023, noko som har ført til påstandar om at ho er knytt til den russiske ambassaden i Pyongyang. The Sun peiker på at vanlege nordkoreanske menneske er fullstendig fråverande i denne promoteringa. Dei skriv at den einaste måten ho kunne fått heile resorten for seg sjølv, var etter ordre frå sjølvaste Kim Jong-Un, og under strengt oppsyn frå hans styresmakter (som ein naturlegvis ikkje ser på nokon av bileta).

Pyongyang skal frå februar 2024 byrje å tilby pakketurar til Masikryong frå Russland. Opphaldet inkluderer femdagars-opphald på resorten, og opphald på fire- og femstjerners hotell i Vladivostok, som er den næraste russiske byen frå grensa til Nord-Korea. Prisen ligg på rundt 590 britiske pund, eller i overkant av 7700 kroner.

Dei fleste brukarar av sosiale media som har kommentert dette, ser ut til å sjå på dette som rein propaganda frå regimet si side. Natural News skriv følgjande (mi omsetjing):

«I kjølvatnet av Viktoria sitt innlegg om Masikryong-turen sin, tok brukarar til orde om opphaldet hennar i eremitt-kongedømmet – som har hatt stengde grenser for utanlandske turistar lenge. Mesteparten av brukarane peikte på kontrasten mellom innlegga hennar på sosiale media og realiteten av å bu i den despotiske staten. Andre peikte i mellomtida på det strenge forbodet mot sosiale media i landet.

‘Dersom du verkeleg flytta til Nord-Korea, ville det fyrste dei [styresmaktene] gjorde, vere å ta ifrå deg den fordømte telefonen,’ skreiv ein brukar. Ein annan brukar skreiv at utan ‘offisiell godkjenning’ ville ho ha blitt ‘fengsla i 50 år med straffarbeid’.

Ein tredje brukar la til: ‘Eg skjøner eigentleg ikkje korleis dette er mogleg. So vidt eg veit, har ikkje utlendingar høvet til å kome dit for permanent opphald.’ The Sun skreiv òg denne observasjonen, men peikte òg på den nordkoreanske leiaren sin ‘ubereknelege’ natur.

I mellomtida fryktar enkelte russarar at den pynta promoteringa har som mål å hjelpe dei tilpasse seg eit liv i ein verkeleg totalitær stat – som er langt meir autokratisk enn deira eige heimland. ‘Russarar blir innført i livet i Nord-Korea,’ sa ein brukar. ‘Ein kosakk vart sendt… for å fortelje kor flott alt er.’

Andre igjen spekulerte rundt bakgrunnen til Viktoria, der i det minste somme antyda at ho kan vere kona til ein russisk diplomat eller ein annan tenestemann som har oppdrag i Pyongyang. Andre antok at ho kunne vere del av eit ‘Kreml-prosjekt’ for å fremje Nord-Korea, støtta av Kim.

Fremjinga kjem etter at den russiske presidenten Vladimir Putin oppmuntra innbyggjarar til å reise på ferie til Nord-Korea. Ifølgje The Sun, ser trekket ut til å vere ei takkemelding til eremitt-kongedømmet for rolla det har hatt i å forsyne missil og artilleri til Russlands krig mot Ukraina. Dei to landa koser seg med kvarandre oppi Moskva sin ‘spesial-militæroperasjon’ mot Kyiv [Kiev] som byrja i februar 2022. […]

Dette kjem òg etter eit møte mellom dei nord-koreanske og russiske leiarane i Vladivostok i september 2023, saman med stadig nærare relasjonar mellom forsvarsministrane i begge nasjonane. Missil laga i Pyongyang har blitt brukt på slagmarka i Ukraina når russarar har byrja å bruke dei.»

Kommenter innlegget