14.januar 2024 publiserte Hemali-redaktør Julia Schreiner Benito eit podcast-intervju med dei to advokatane Barbro Paulsen og Adara Ryum Høeg. Der var temaet rettsstaten, pandemien og ikkje minst den prinsipielt særs viktige Iris Frohe-saka. Som Saksyndig som einaste alternative medium rapporterte i desember 2023, so tapte Frohe oppseiingssaka si i lagmannsretten. No avslører dei to advokatane til Hemali-redaktøren at dei ventar på svar frå Høgsterett om at anken blir godteken.
Barbro og Adara har starta advokatfirmaet Bergfruene. Ei bergfrue er ein blome som veks i berg, og som nesten ikkje treng jordsmonn for å vekse. Namnet er med andre ord ikkje valt tilfeldig, men refererer til den kampen det er å kome seg opp og fram i ei verd som blir stadig meir absurd og menneskefiendtleg.
Eit tema som Frohe-saka og «pandemien» har sett søkjelys på, er om Noreg eigentleg har ein rettsstat lenger. Om det seier Barbro:
«Rettsstat? Det har eskalert til det absurde. Vi har nå saker i barnevernet og helsesystemet som berører hvilket politisk verdensbilde du har. Ytringer og delinger i sosiale medier kan være nok. Dette er helt nytt […].»
Her vil eg spesifikt trekkje fram Haaland-saka som vart mykje omtala på alternative media i sommar, og som NRK til slutt publiserte ein artikkel om 21.desember. Barbro Paulsen var advokaten til Stavanger-mannen, som vart innlagt etter å ha posta det enkelte meiner er «for mange» innlegg på Facebook. Det verserer òg eit ubekrefta rykte om at nokon i maktapparatet i Rogaland var den som tipsa politi og helsevesen om denne «maniske» åtferda.
Podcast-intervjuet med dei to advokatane tok opp korleis «pandemien» fekk fram ein intoleranse for meiningsskilnader ein knapt har sett maken til i norsk offentleg debatt. Det heile kulminerte i ein parodi på seg sjølv då tidlegare statsminister Erna Solberg i byrjinga av januar kalla kritikk mot dei nye endringane i smittevernlova for «konspirasjonsteoriar» fleire gonger i talen sin i Stortinget. Slik intoleranse for annleis meiningar ser tilsynelatande ut til å vere i strid med visjonen om «mangfald» og «inkludering».
Om dette seier Adara:
«Mange snakker om mangfold […]. Men hva med mangfoldet av meninger og måter å se verden på? Jeg tror at vi lever i forskjellige virkeligheter, og pandemien viste hvor intolerante vi kan bli. I medisinske spørsmål, for eksempel, er du villig til å stå opp for rettigheter hos dem du er uenig med?»
Dei to advokatane bekreftar at Iris Frohe vart idømt sakskostnader på heile 444 479 kroner. Alt Iris gjorde var å be om medisinskfaglege grunngjevingar for dei differensierte retningslinjene for uvaksinert helsepersonell som var i kraft i 2021, kvifor ho som uvaksinert måtte gå med munnbind og teste seg to gonger i veka, medan hennar «fullvaksinerte» kollegaer slapp det. Dei same spørsmåla stilte eg til min dåverande arbeidsgjevar våren 2021. Resultatet var skriftleg åtvaring. So vart det trugslar om avskjed. I motsetnad til Iris, gjekk eg aldri til retten med mi eiga oppseiingssak fordi eg fekk tilbod om og godtok sluttavtale. I motsetnad til meg, tok Iris det utruleg modige valet å gå til sak mot ein mektig, kommunal arbeidsgjevar, i dette tilfellet Hamar kommune. Det ho har gjort er soleis til stor inspirasjon for oss andre, og for alle dei som burde ha gjort det same som ho. «Pandemi»-tiltaka var uvitskaplege og ulovlege frå fyrste stund, og i ein skikkeleg rettsstat ville dei aldri ha blitt innført.
Barbro seier om Iris:
«Iris har fremlagt tung dokumentasjon […] på at forskjellsbehandlingen ikke var medisinsk forsvarlig. Hun ba om medisinskfaglig grunn for den. Hamar kommune har ennå ikke dokumentert at Iris hadde større risiko for å smitte andre enn de uvaksinerte [hadde].»
Både Adara og Barbro meiner at Iris vart straffa av retten for å vere «vanskeleg»:
«Hun vant delvis frem i Hamar lagmannsrett om kommunens usaklige oppsigelse. Likevel ble hun idømt dennes advokatkostnader, en svimlende sum for familien. Hun fikk verken sluttpakke eller erstatning. Det er i strid med norsk rettspraksis og bestemmelsene om sakskostnader i tvisteloven. Altså et brudd på alminnelig rettspraksis som angår oss alle, mener Adara og Barbro.»
Dei to seier òg at dei stundom har jobba pro bono med saka, altso utan det vanlegvis skyhøge salæret som advokatar vanlegvis er berykta for å krevje. Adara har følgjande å seie om dette:
«Vi liker Iris, hun turte å gjøre det som mange burde ha gjort, hun er et forbilde […]. Jeg følger min samvittighet, og vi har lyst til å hjelpe henne. Derfor har vi til dels jobbet gratis med saken. Det truer rettsstaten dersom vi ikke våger den økonomiske risikoen det er å gå til sak mot det offentlige.»
Engasjementet til advokatane i nettopp Iris-saka er altso av ein idealistisk karakter. I dagens samfunn, som ifølgje Barbro er gjennomsyra av at alt kostar pengar, kven vågar eigentleg å køyre ei eller fleire rundar i rettsvesenet mot ein mektig aktør som har gjort urett mot enkeltindividet? For å føre skam til skade valde i tillegg Hamar kommune å leige inn ein privat advokat til saka i lagmannsretten i staden for å bruke kommuneadvokaten. Dette kan ha vore eit forsøk på å gjere sakskostnadene endå høgare for fleirbarnsmora. Folk flest trur at staten og andre offentlege organ alltid handlar i god tru mot enkeltpersonar – heilt til dei sjølve eller nokon dei kjenner opplever grov urett gjort mot dei av nettopp offentlege aktørar. Få er til dømes skeptiske til Barnevernet før dei sjølv står oppi ei sak.
I slike tider med historisk intoleranse, og der offentlege organ so lett kan bli brukt som våpen mot «dissidentar», kven vågar då å gå imot straumen? Adara hevdar rundt på rundt 42:30-merket at mange andre sjukepleiarar og helsepersonell òg vart oppsagt eller fekk åtvaringar for å ha «feil» meiningar om covid, mRNA-injeksjonar og tiltak. Eg stiller gjerne spørsmålet om kollegaene deira på noko tidspunkt prøvde å forsvare dei, eller om dei berre heiv dei under bussen for å redde sine eigne skinn. Det er alltid lettast å vere feig.
Kor viljuge er vi eigentleg til å forsvare meiningane til dei vi er ueinige i? Aldri har det vel vore lettare å avskrive dei med annleis meiningar som avvikarar. Av denne grunn er det viktigast av alt å presisere at Iris Frohe har kjempa ein kamp for oss alle. Saka hennar handlar fyrst og fremst om å tore å gå til motkamp mot ein aktør som berre blir meir totalitær for kvar dag som går. Triksa blir skitnare og spelet styggare. Politi, helsevesen og barnevern blir brukt om kvarandre i ein hjarterå og nådelaus prosess som har som intensjon å bryte folk ned og drive dei til undergang.
Hugs kampen hennar, for ein dag kan det vere du som plutseleg blir det neste offeret til staten.
