Rapport åtvarar: Framtidige pestar vil rette seg mot spesifikke menneskerasar

Konstruerte patogen har lenge vore ei teoretisk bekymring, men teknologiske framsteg har raskt flytta sofistikerte bioteknologiske våpen frå det abstrakte til ein absolutt realitet – og ein ny rapport frå det amerikanske forsvaret peiker på ein spesifikk type biologisk våpen som dei meiner vil bli framtida til krigføring. Dette rapporterer Natural News. Dei skriv vidare (mi omsetjing):

«Ein rapport frå Rand Corporation som vart finansiert av Det nasjonale forsvarsinstituttet for forsking [National Research Defense Institute] og Forsvarsministerens kontor [Office of the Secretary of Defense] viste potensialet konstruerte patogen har til å tene som våpen, og la vekt på kor viktig det er for land å ta desse teknologiane til etterretning når dei legg strategiar og planar.

Rapporten identifiserer syntetisk genererte og genomisk målretta pestar som eit område av større interesse.

‘Teknologiske forbetringar, inkludert messenger ribonukleisk syre (mRNA)-vaksinar, bruken av CRISPR (clustered regularly interspaced short palindromic repeats [«oppsamla korte palindromiske gjentakingar med jamlege mellomrom»], gensekvensar som eit genkonstrueringsverktøy, og framsteg innan BCI (brain-computer interfaces «hjerne-datamaskin-grensesnitt»], kan forflytte strategiske kalkuleringar,’ står det å lese.

I fortida tok ein ikkje biologiske våpen særleg alvorleg fordi der var slik ein stor risiko for tilleggsskade om ein sleppte dei laus. Fordi patogen forflyttar seg so lett, vart risikoen for at dei påverkar dei som slepper dei lause, lenge vurdert som for høg til å gjere dette ein levedyktig krigføringsmetode.

Derimot er ein av bakdelane til raske framsteg i bioteknologi, evolusjonen til konstruerte patogen som kan velje seg ut individ med spesifikke genetiske markørar, noko som tydar at visse grupper av menneske kan bli gjort til mål utan å skade dei som slepper laus våpena. I tillegg, at CRISPR og kunstig intelligens-teknologiar blir meir kostnadseffektive for kvar dag som går, er desse våpentypane venta å bli eit stort fokus når våpenutviklinga går framover.

Ein annan grunn til at desse våpena blir brukt, er det faktum at det kan vere særs vanskeleg å spore kjelda til slike patogen. Som eit resultat kan desse biovåpena vere særs attraktive for hemmelege operasjonar, fordi det vil vere vanskeleg å identifisere dei og halde dei ansvarlege.

Rapporten peiker på: ‘Til samanlikning med ikkje-overførbare patogen, er overførbare ibuande vanskelege å knytte til ein aktør, eller til og med vere vanskeleg å vurdere om er naturlege eller menneskeskapte… og har mykje større potensiale for massedødsfall og forstyrring av samfunnet.’

Potensialet til denne typen våpen tydar at tryggleiken ved biolaboratorium aldri har vore viktigare. Å skape avanserte bioteknologiske våpen krev teknologi på høgt nivå som kan vere særs dyr, som tydar at mange land, paramilitære operasjonar og terrorgrupper vil mange ressursane til å utvikle dei. Derimot kan vondsinna aktørar stele teknologien frå laboratorium i meir avanserte land som jobbar med denne typen teknologi.

Ei rekkje biotryggleikslaboratorium har dukka opp rundt om i verda som er utstyrt til å arbeide med menneske- og dyrepatogen. Laboratorium som er i stand til å handtere dei farlegaste patogena, BSL-4-laboratorium, blir bygt i hopetal, og minst 30 nye laboratorium med denne klassifiseringa har dukka opp i Europa sidan tusenårsskiftet. I mellomtida driv asiatiske land slik som India og Filippinane og byggjer 18 nye BSL-3 og BSL-4-laboratorium, og sjølv om forskinga deira er meint å finne løysingar på naturlege patogen, utgjer desse institusjonane òg ei rekkje mål for dei som er ute etter å stele patogen. […]

I fjor haust [oktober 2023] åtvara Kina sitt største etterretningsbyrå mot trugselen til genetiske våpen som er i stand til å velje seg ut spesifikke rasar. Eit innlegg av Ministeriet for statstryggleik på ein kinesisk sosialmedie-app åtvara: ‘Dersom brukt av individ eller organisasjonar med andre motiv, kan genetiske våpen til og med bli utvikla for å drepe mål innan ein på førehand bestemt rase, og dermed selektivt angripe mål med spesifikke rasegenar.’

Dei la til at genetiske våpen er ein større trugsel enn tradisjonelle kjemiske og biologiske våpen, fordi dei er so lette å spreie, vanskelege å unngå og [vanskelege å] isolere, og særs lette å gøyme.»

2 comments

  1. Uten nevneverdig religiøs tilnærming tror jeg på reinkarnasjon basert på prinsippet om at «energi ikke kan oppstå eller forsvinne (bare skifte form)», og at vår oppgave, som levende, tenkende vesener, er å etterlate jorden i bittelitt bedre forfatning enn ved ankomst. Dersom «alle» var bekymret for å bli gjenfødt som «gatebarn i Romania» eller «dansegutt i Afghanistan», ville folk fort ha endret adferd i håp om å slippe en grusom oppvekst i «neste liv».

    For svært mange er livet allerede å regne som helvete på jord, og denne trenden blir bare verre så lenge psykopatklassen får leke gud; for første gang i verdenshistorien (antageligvis) står vi overfor krefter som ønsker å permanent endre de grunnleggende menneskelige byggesteiner ved å defacto endre vårt DNA. Dette er dårlige nyheter når man tror på «gjenfødelse» om enn i kraft av redistribusjon av energi.

    Bibelen sier vel noe om både himmel og helvete på jord, og jeg ser ikke bort fra at det er «energi-runddans-prinsippet» den tar for seg; hvis vi alle levde som om vi visste at det var en reell fare for å bli gjenfødt en vilkårlig plass på kloden i morgen, hadde verden vært et langt langt bedre sted å oppholde seg, kanskje tilogmed «himmelsk»..?

    Likt av 1 person

    • Dette er ein særs innsiktsfull kommentar, StormFrog. Reinkarnasjon og karma blir av psykopatar hånleg avfeia som om det skulle vore eventyrhistorier. Det ein gjer i livet burde lage ekko i evigheita. Folk gjer dei uhyrlegaste handlingar mot sine medmenneske fordi dei slepp unna med det. Våre elitar vil ta livet av størsteparten av menneskeheita og forventar å aldri bli ansvarleggjorde for det. Grunnen til at dei går so skamlaust fram, er at ingen enno er sterke nok til å utfordre dei. Bøller vel seg ut svake offer fordi slike ikkje kan ta igjen.

      Konseptet om at ein blir straffa i neste liv for handlingane sine i dette livet, er ei mager trøyst for dei av oss som har blitt råka av grov urett som vi anten sjølv ikkje kan gjere rett, eller få hjelp av andre til å gjere. Grov urett blir utført kvar einaste dag, og likesæle og mangel på empati gjer at slike handlingar forblir ustraffa. Systemet er ikkje lenger laga for å hjelpe dei svake, her skal vi helst gå til grunne. Naturtilstanden er tilbake for fullt, og dette ser ein fyrst og fremst på all uretten som skjer i arbeidslivet. Saker slik som den til Iris Frohe – og mi eiga sak – viser at styringsretten fritek arbeidsgjevar fullstendig frå all ansvarleggjering, om dei so øydelegg liva til menneska under seg.

      For å ta ein aldri so liten klisjé, so skjer urett når gode menneske står på sidelinja og gjer ingenting.

      Likar

Kommenter innlegget