Ifølgje World Economic Forum (WEF) avviser folk i heile verda globalist-agendaen fordi dei har for mykje informasjon til rådigheit. Dermed kan løysinga, ifølgje milliardærklubben sin interne logikk, vere å iverksetje beinhard sensur som ein metode for å gjenopprette folks tillit til den globale eliten. Dette rapporterer The People’s Voice. Dei skriv (mi omsetjing):
«Jeanne Bourgault, president og adm.dir. i Internews, ein internasjonal nonprofit som tilbyr ‘støtte’ til medieformidlarar i meir enn 100 land, adresserte korleis ein hindrar spreiinga av anti-globalistisk informasjon i ein paneldebatt under Davos-konferansen som hadde tittelen Defending Truth.
‘Global tillit overfor institusjonar forvitrar, reflektert i korleis 40% av folket konsekvent stoler på nyheiter. Å myndiggjere internettbrukarar med leseferdigheiter innan medieinformasjon, setje i verk informasjonsintegritet og forbetre gjennomsiktigheit er vitale for å adressere spreiinga av falsk informasjon,’ skreiv WEF om seansen som fann stad torsdag [18.januar 2024].
Paneldeltakarane, inkludert Bourgault, prøvde å svare på spørsmålet ‘Kva handlingar treng interessentar å iverksetje for å ivareta eit sunt tillits-økosystem?’
The Blaze rapporterer: Bourgault forklarte at ein av dei mest effektive måtane å hindre folk i bli eksponert for sokalla unøyaktig informasjon, er å utvikle lister eller retningslinjer for annonsørar som seier kor dei skal bruke pengane sine og ikkje.
‘Desinformasjon tener pengar, og vi treng å følgje dei pengane, og vi treng å jobbe med, spesielt, den globale annonseringsindustrien,’ sa Bourgault. ‘Mange av desse dollarane går til temmeleg dårleg innhald. So de kan jobbe verkeleg hardt med ekskluderingslister eller inkluderingslister berre for å verkeleg prøve å… fokusere annonsepengane deira mot dei gode nyheitene og informasjonen. Dei nøyaktige og relevante nyheitene og informasjonen.’
Bourgault uttrykte frustrasjon over at sosialmedieplattformer ikkje tilset nok ‘tillits- og tryggleiksfolk’ for å overvake og fjerne ‘desinformasjon’ som blir delt på deira plattformer.
Ifølgje heimesida til Internews, har nonprofitten som mål å hjelpe folk over heile verda med å få tilgang til ‘pålitelege nyheiter og informasjon slik at dei kan ta informerte val om liva sine og halde makt ansvarleg.’
‘Vi trenar journalistar og digitalrettsaktivistar, taklar desinformasjon og tilbyr forretningsekspertise for å hjelpe medieformidlarar bli finansielt berekraftige,’ står det vidare på heimesida.
Organisasjonen har som mål å eliminere ‘desinformasjon designa for å manipulere val, forvrenge offentleg debatt, oppfordre til vald eller underminere folkehelsa’. Internews nemner òg behovet for å halde sosialmedieplattformer ansvarlege for å sikre at ‘kvalitetsinformasjon’ som blir delt på nettet blir ‘prioritert’, medan ‘desinformasjon blir fjerna’.
Med-paneldeltakar Vera Jourová, visepresident for verdiar og gjennomsiktigheit i Europa-kommisjonen, hevda at desinformasjon presenterer ei utfordring når det gjeld styrking av global tryggleik og samarbeid.
‘Desinformasjon er ein tryggleikstrugsel. Og mange la kanskje ikkje merke til det, men det var del av den russiske militærdoktrinen at dei kjem til å starte informasjonskrig. Og vi er i den no,’ fastslo Jouravá. ‘Korleis vi tenkjer på det i [Den europeiske union]: Vi fokuserer på å forbetre systemet der folk vil få skikkelege fakta.’
Jouravá hevda at EU ikkje prøver å sensurere meiningar eller språk. Når det gjeld kva slags steg EU tek for å hindre spreiinga av falsk informasjon, sa ho at sosialmedieselskap no er tvinga ved lov å fjerne desinformasjon.
Ho la til at ‘siste utveg-løysinga’ for å løyse problemet med sokalla unøyaktig informasjon, er ‘politi’. Jouravá peikte på auken av antisemittisme og sa at desinformasjon delt på nettet kan føre til fysiske trugslar.»
