Dr. David Martin: Den neste terrorkampanjen mot verda er allereie under planlegging

Nettstaden VigilantNews rapporterte 18.januar 2024 (mi omsetjing):

«World Economic Forum heldt eit møte på 47 minutt i Davos denne veka [veke 3] med tittelen ‘Preparing for Disease X’. På det møtet åvara dr. Tedros Adhanom Ghebreyesus, generaldirektøren i Verdas helseorganisasjon, at den neste pandemien ikkje er eit spørsmål om viss, men når.

Teknologen og gründeren dr. David Martin, ofte kjent for sine høgst populære talar til Europaparlamentet, er einig – men frå eit noko annleis perspektiv. Han sa, under ei strøyming som vart sendt på X, at den neste terrorkampanjen mot verda allereie er under planlegging.

[Videoen kan sjåast i originalartikkelen.]

‘Det dei gjer akkurat no er at dei planlegg rekkjefølgja av hendingar der dei faktisk kan setje i gang nok ein terrorkampanje, som deretter utløyser ikkje berre behovet for eit anna påstått medisinsk mottiltak, men denne gongen òg kjem til å involvere det andre stykket som dei mislykkast i å oppnå med covid-kampanjen, som er utslettinga av kontant-baserte transaksjonar i kommersiell samhandling, fordi det viser seg at ein av dei tinga som dei desperat treng å gjere, er å sikre seg at dei har sentral kontroll på flyten av verdiutvekslingar og kartlegginga av nettverka tilknytt desse.’

Dr. David Martin nemnde at hans organisasjon, M*CAM International, ‘held fram med å halde eit vake blikk med alle dei 64 planlagde og finansierte patogena som står i kø for å bli sleppt laus på menneskeheita.’

Han sette søkjelyset på at dei pågåande hendingane i Davos [dette var i førre veke; oms.an.] tener som ei førebuande øving for nok ei pandemiøving ‘for å gjere seg klare til vedtakinga av IHR (Internasjonale helseretningslinjer), Verdas helseorganisasjon si traktatreform, som er meint å overta ein suprasuverenitet mot alle erklærte kriser…’

‘Dei fomla seg inn i covid,’ sa dr. Martin, ‘og uheldigvis (for dei) utførde dei ikkje den fullstendige overtakinga av kontroll som dei ønskte, som er nøyaktig kva som står på agendaen i Davos denne veka.’

2024-møta til World Economic Forum kan sjåast på weforum.org

Vel, desse nyheitene er frå førre veke, men er på alle måtar høgaktuelle denne veka. Følg spesielt med tanke på kva som skjer 27.januar. Ver førebudd på at norske media kjem til å distrahere dykk på alle tenkjelege og utenkjelege måtar. Då tenkjer eg spesielt på ei viss plagiatsak og WEF-disippelen Ingvild Kjerkol. Dei ønskjer at vi ikkje skal fokusere so altfor mykje på kva som skjedde i Davos førre veke, og kva som skal skje denne veka i forhold til IHR. Det skulle ikkje overraske meg om dei kastar Kjerkol under bussen for at nordmenn skal sjå andre vegen.

Kommenter innlegget