Martin Armstrong: World Economic Forum er den største trugselen mot menneskeheita

Førre veke (veke 3) fann den årlege konferansen i den sveitsiske skilandsbyen Davos stad, der milliardærklubben World Economic Forum (WEF) og deira lojale støttespelarar møttest. Med leiar Klaus Schwab sine eigne ord, har hans lydige disiplar, hans Young Global Leaders, «penetrert» regjeringar og kabinett rundt om i den vestlege verda. No ønskjer dei å gjenoppbyggje tillit blant vanlege folk, som naturleg nok har byrja å fatte meir og meir mistanke til kva dette Bond-skurk-aktige forbrytarsyndikatet eigentleg har som intensjon.

Martin Armstrong på ArmstrongEconomics seier det rett ut: World Economic Forum er den største trugselen mot menneskeheita. Han skriv (mi omsetjing; alle uthevingar er Armstrong sine eigne):

«Klaus Schwab er ein notorisk kontrollfrik. Han bruker det trekket på heile verda. Hans World Economic Forum har gjeve ut sin ‘Global Risks Report’ for 2024, der han no har erklært at TRUGSEL NUMMER ÉIN mot menneskeheita ikkje lenger er krig og Russlands invasjon av ein påstått suveren stat, terrorisme eller til og med ikkje sjukdom etter å ha fått trumfa gjennom at heile verda måtte late seg vaksinere under den siste falske pandemien.

Schwab har no til og med redusert sin tidlegare NUMMER ÉIN-trugsel mot menneskeheita og klimaendring til NUMMER TO for å fremje si éiverdsregjering der leiaren av FN sit som leiar, noko som vil eliminere demokrati og kvar ein rett folket har til å røyste.

[WEF si oversikt over topp-globale risikoar adressert av ‘multi-interessent-engasjement’ kan sjåast her.]

Nei, no er NUMMER ÉIN-trugselen mot menneskeheita kvar ei usemje med denne WEF-agendaen, som han no har klassifisert som ‘feilinformasjon og desinformasjon’. Det er denne feilinformasjonen og desinformasjonen som driv og polariserer samfunnet. Som dei skriv i rapporten sin:

‘Feilinformasjon og desinformasjon, som har dukka opp som den mest alvorlege globale risikoen forventa dei neste to åra, vil både av utanlandske og innanlandske aktørar bli brukt som verktøy til å utvide splittingar innan samfunn og politikk.

Naturlegvis tydar det at det einaste håpet for menneskeheita no er SENSUR og slutten på frie ytringar. Rapporten viser korleis vi alle, steg for steg, misser fridommane våre. Som det står i WEF-rapporten:

‘Vedvarande falsk informasjon (bevisst eller ikkje) som blir vidt spreidd via medienettverk, flyttar folkeopinionen på ein betydeleg måte mot mistillit overfor fakta og autoritet. Det inkluderer, men er ikkje avgrensa til: falsk, bedragersk, manipulert og fabrikkert innhald.’

I mellomtida har det amerikanske Census Bureau [Folketeljingsbyrået] prøvd å utvide sin personlege informasjon om kvar person og eigedommen deira gjennom sin obligatoriske American Community Survey (ACS) [årleg program for spørjeundersøkingar relatert til demografi; oms.an.]. Dei er òg ute etter å utvide spørsmåla til å omfatte seksuell legning, kjønnsidentitet og mentalhelsa til personane i kvart hushald, i tillegg til funksjonshemmingar i alle former. Mange ser på dette som nok eit åtak på vår personlege fridom og privatliv, og at desse tilleggspørsmåla utgjer intimideringstaktikkar for å tvinge folk til å respondere ved å framtvinge tale i strid med First Amendment [relatert til mellom anna ytringsfridommen; oms.an.; det er òg bruk av ytringsfridommen å ikkje ytre seg om noko; oms.komm.], og er i strid med retten til privatliv når det gjeld statleg innsyn under Fourth Amendment [som mellom anna forbyr urimelege ransakingar av privat eigedom; oms.an.].

Legg til dette fjerninga av papirpengar og det å tvinge på samfunnet denne Sentralbankstyrte digitalvalutaen, og det å nekte folk å stemme over om dei vil ha dette eller ikkje. Statar vil innføre total kontroll og alt dette er fordi dei i 1913 vedtok 13th Amendment som tillét direkte skattlegging, som Grunnlovsfedrane forbaud. Dette har no utvikla seg til deira desperate forsøk på å vete alt om alle, og dersom vi fann ein tidollarseddel på parkeringsplassen og ikkje sa ifrå til dei, her er dykkar 50%.

Ein tidlegare styremedlem i WEF, på den tida leiaren av IMF [Det internasjonale pengefondet], og no leiaren i Den europeiske sentralbanken, innrømmer at der vil bli kontrollar på Sentralbankstyrte digitalpengar. Eg [Martin Armstrong] rapporterte tilbake i 2021 at Bank of England føreslo at digitalvaluta burde vil programmerbar. Ei mor burde bli i stand til å blokkere barnet frå å bruke pengar på snop. Dersom mamma kan gjere dette, kan Big Brother gjere dette på ein diger skala.

Alle som har lese Marx kan føle hatet mellom linjene mot alle som hadde meir enn han. Han forstår aldri menneskeheita, og so fort du fjernar den menneskelege kvaliteten frå nysgjerrigheit, sluttar alt avansement å eksistere. Det er det som felte kommunisme. Det var kanskje best illustrert av Nixon sin berømte Kjøkkendebatt med Krustsjov, som viste korleis amerikansk levestandard blir betre og betre berre på grunn av privat innovasjon.

Eg var ein av dei topp-tre marknadslagarane på gull tilbake på 1980-talet. IRS [det amerikanske skattevesenet] la seg opp i mine operasjonar og erklærte meg vilkårleg for å vere ein bank. Dei sa at fordi grunnlova hadde sagt at gull var pengar, var eg ein bank, og bota ville bli på 50 000 dollar per transaksjon på 10 000 dollar eller meir. Eg spurde om dei rett og slett berre ville ha nøkkelen til føretaket mitt. Dei sa nei; dei innsåg at eg ikkje visste at eg var ein bank. Dei kom og byrja å revidere kvar transaksjon. Eg såg at dei trekte ut namn på til og med 3000 dollar. Då eg sa at eg trudde dette gjaldt 10 000 dollar eller meir, sa dei at dersom eg ikkje ville ha bråk, ‘skulle eg halde kjeft!’. Neste dag kom dei med lastebilar og tok alle rekneskapsregistera mine. Eg sendte inn pengar for skatten min i 1980, der eg gjetta kor mykje eg hadde tent fordi eg ikkje lenger hadde rekneskap. Då eg sa at eg ikkje kunne levere inn inntektsskatten min, vart eg fortalt at dei utførde revisjon på meir enn 3000 av klientane mine, og dette tok prioritet. Då eg endeleg fekk rekneskapen min tilbake, bøtela dei meg 500 000 fordi eg hadde levert inn for seint. Då eg protesterte, sa dei at eg aldri spurde om kontoen min kunne kome til kontoret deira.

Eg pensjonerte meg frå føretaket. Eg ønskte ikkje å bli trakassert kvart år, og risikoane var altfor høge so fort dei heilt vilkårleg erklærte meg for å vere ein bank. Det ville ALDRI ha skjedd under Grunnlova, som forbyr direkte skattelegging. Dei driv stadig og utvidar krava sine og makta si. Eg fekk ein tilbakebetalingssjekk frå IRS på rundt 100 000 dollar eit år. Eg løyste den inn. Eit år seinare kravde dei renter og straffegebyr frå meg fordi eg burde ha visst at det var deira feil. Dei er ALDRI ansvarlege for feila sine. Dersom du ringjer IRS og dei seier kva som helst til deg og du lyder, dersom det var ein feil, er det likevel din feil, og du vil bli ikravd renter og straffegebyr.

Inntektsskatten vil øydeleggje det vestlege samfunnet akkurat som direkte kontroll drap kommunisme. Dette er det 2032 handlar om. Ein venn som voks opp i Aust-Tyskland trudde faren hans var i ferd med å tørne etter at Berlin-muren fall i 1989. faren fekk tak i Stasi-mappa si og fann ut at alle han trudde var hans venner, tysta på han til staten. Han kom heim og byrja å slo hòl i veggen og trekte ut skjulte mikrofonar. Fram til hans død frå derav, nekta han å snakke med nokon andre enn sin næraste familie.

Der er eit lys i enden av tunnelen som inspirerer håp. Ja, dei neste åtte åra vil bli kaotiske – eg er lei meg for det. Men ALLE STATAR FELL ofte av sin eigen korrupsjon – sjølvmord. Dess meir drakoniske dei blir i dette desperate forsøket på å halde på makta, dess meir sannsynleg er det at alt dette vil rase saman.

Det som finn stad i Europa er eit direkte resultat av marxisme sidan det òg omfamnar total kontroll av samfunnet i kvart aspekt med reguleringar. Då desse nauta påførde sanksjonar mot Russland, innsåg dei aldri at dei berre kom til å stengje for sin eigen økonomiske vekst. Likevel kom dei likevel til å permanent splitte verdsøkonomien mellom OSS og DEI.

Ikkje berre slo sanksjonane tilbake mot spesielt Tyskland, men då dei omfamna Ukraina, den mest korrupte regjeringa på Jordas overflate, for deretter å trekkje seg tilbake medan dei nykonservative instruerte ukrainarane til å sprengje Nord Stream i lufta. Åh, no kom dei til å tvinge Russland ned på kne. Problemet var at det tvang Tyskland og Europa ned på kne. Den tyske staten gjekk inn i resesjon og miste nesten 20 milliardar euro i inntekt, og so lytta dei til WEF og pressa Klimaendring gjennom i full fart. Den tyske kanslaren Olaf Scholz kalla bøndene for ekstremistar, noko som berre auka misnøya. Igjen, på grunn av sanksjonen mot Russland, gjekk staten inn for å gjere slutt på drivstoff-subsidiar for bønder, alt dette fordi Tyskland har støtta Ukraina.

Dei i regjeringa er karrierepolitikarar, so dei vil alltid sjå verda gjennom si eiga sjølvinteresse. So lenge som der finst karrierepolitikarar, vil vi aldri ha ei regjering av folket for folket. Bøndene har ingen rett til å protestere so lenge som dei som sit med makta ser det bak lukka dører. Dei burde berre halde kjeft og lyde kva enn slags kommando som blir gjeven.

Desse premienauta har vendt seg mot landbruk, og bøndene har fått Tyskland til å stoppe opp akkurat som i Nederland. Dette vil berre bli eit større problem når dumskapen til dei med makta kastar det vestlege samfunnet på randa av fortaping, akkurat som kommunismen fall på grunn av si manglande evne til å fungere rasjonelt eller effektivt.»

Kommenter innlegget