Korleis gjekk Moderna frå å vere på randa av konkurs før «pandemien» til å bli eit selskap med ein verdi på 100 milliardar dollar nesten over natta? Svaret er enkelt: omfattande overvaking og sensur av nettsider og enkeltpersonar som kom med kritikk av covid-«vaksinane». Dette skriv Ethan Huff i Natural News. Han skriv vidare (mi omsetjing):
«Nyleg offentleggjorde dokument viser at Moderna stod i fronten for ein nettsensur-kampanje laga for å halde deira mRNA (modRNA)-inkejsonar mot covid i distribusjonslinja for ein ‘kur’, trass utbreidd kritikk og skepsis rundt tryggleiken og effektiviteten.
Moderna valde seg ut tre personar spesifikt som var særs uttalande gjennom ‘pandemien’ når det gjaldt risikoane som var knytt til det å bli mRNA-stukken: journalist Alex Berenson, Stanford Health-professor Jay Bhattacharya og skodespelar Russel Brand.
I eit tilfelle rapporterte Moderna ein Russel Brand-video der han uttrykte bekymring overfor den tidlegare britiske helsetenestemannen Jonathan Van-Tam, som var essensiell i å lage retningslinjer for covid-19, for deretter å få ei stilling på høgt nivå i Moderna.
Moderna skal ha rekruttert og sleppt laus partnarar som overvaka nettbaserte media for å halde auge med Berenson, Bhattacharya og Brand. Ein av desse var Public Goods Project, ein ‘nonprofitt’-organisasjon som, slik som mange andre nonprofittar, får midlar direkte frå Big Pharma. Public Goods Project spelte ei essensiell rolle i sensur og knebling av covid-sprøyte-skeptikarar på Twitter (no X). […]
Føremålet med Moderna sin nettbaserte ‘overvakings’-innsats var å bli kvitt ‘medisinsk feilinformasjon’, slik Moderna definerte det. Hovudmålet var å undertrykkje all tvil eller kritikk rundt selskapet sine covid-sprøyter, som viste seg å bli ei gedigen gullgruve for selskapet.
Ikkje berre gjekk Moderna til verks på dåverande Twitter med denne sensurkampanjen, dei valde seg òg ut ymse ‘uavhengige’ medieformidlarar, so vel som hovudstraumsmedia slik som New York Times, kvar gong noko ‘negativt’ vart publisert hjå ein av desse formidlarane om Moderna-sprøytene.
Dei nyleg avdekte dokumenta, kjent som «Moderna-filene», avslører at Moderna valde seg ut ikkje mindre enn 150 millionar nettsider som del av ein masseovervakingsoperasjon laga for å halde profitten intakt, same kor mykje dette kosta folkehelsa.
‘Dokumenta ser ut til å vise at Moderna køyrer ein innsats for forholdet mellom konsern og offentlegheita som er laga for å styrke dalande vaksinesal under påskot av å hjelpe folkehelsa,’ fastslo journalist Lee Fang, som hjelpte til med å avdekkje Moderna-filene med hjelp frå Real Clear Investigations.
Då folket sitt behov for Moderna sin sokalla ‘booster’ byrja å svinne i fjor haust, la Arpa Garay, selskapet sin dåverande kommersielle offiser, skulda på ‘uinformerte vaksineskeptikarar’, og kom med ei oppmoding til investorane at Moderna burde finne nye måtar ‘gjennom økosystemet’ til å sikre seg at ‘kundar blir utdanna når det gjeld behovet for vaksinen’.
Garay, som illevarslande ikkje gjekk inn i vidare detalj, sa òg at, saman med Public Goods Project, driv Moderna allereie og implementerer ei rekkje strategiar laga for å konfrontere det han kallar ‘den underliggjande årsaka til vaksinenøling’ for å ‘stengje ned’ all ‘feilinformasjon’ på nettet.
Ein av desse strategiane er kjent som ‘Infodemi-treningsprogrammet’, ei indoktrineringsplattform for helsepersonell som bruker kunstig intelligens (KI)-overvaking for å halde auge med samtalar på nettet, spesielt blant hovudstemmer som har mange følgjarar.
‘Slik som Twitter-filene set Moderna-rapportane fokus på presset frå mektige aktørar – spesielt stat, Big Tech og Big Pharma for å identifisere og brennemerkje avvikande meiningar om etablissement-forteljingar som risikable ytringsformer,’ skriv [Lee] Fang om Moderna-filene. ‘Det veksande nettverket som denne innsatsen lit på, viser veksten av det som har blitt kalla det sensur-industrielle komplekset.’
‘Moderna sine vaklande finansar antydar òg, i det minste på noverande tidspunkt, grensene til det prosjektet.’»
