Er Taylor Swift ein psyop?

Dersom du sit med kjensla av at popstjerna Taylor Swift dukkar opp overalt i media for tida, so er det ikkje berre noko du innbiller deg. Dama er verkeleg overalt, og ein kan lure på om det ligg ein agenda bak denne openberre over-eksponeringa av ei som har eit heilt okay talent. No nyleg var det til dømes avisoverskrifter i heile verda om at sokalla deepfakes av ei tilsynelatande naken Taylor hadde gått viralt på nettet, og X måtte faktisk mellombels blokkere søk på plattforma. Saksyndig har enkelt greidd å få tilgang til desse kunstige nakenbileta, og må erkjenne at dei er so godt laga at ein skulle tru dei var ekte. Kanhende dei er det, og at deepfake-historia er ein måte å «reinvaske» ho. Kanhende det òg er ein måte å gje ho endå meir merksemd, ein slags porno-relatert falsk flagg-operasjon frå djupstaten.

«Tyler Durden» i ZeroHedge spekulerer i ein artikkel publisert 30.januar om Taylor Swift kan vere ein psyop – ein psykologisk operasjon. Han skriv innleiingsvis at den noverande nyheitssyklusen gjev inntrykket av at ho er overalt. Han har statistikken på si side, for denne oversikta frå Bloomberg viser at overskrifter i konsernmedia som inneheldt «Taylor Swift» byrja å stige i fyrste halvdel av 2023, for so å nå nye rekordar no i år. Han skriv òg (mi omsetjing):

«Songarinna, som har laga ein heil karriere ut av å syte over å ha valt feil menn, har blitt pitcha av etablerte media for å endeleg finne den ‘perfekte matchen’: Travis Kelce i Kansas City Chiefs.»

Eit X-innlegg frå Nick Adams (Alpha Male) skriv at nettoverdien til Swift i april 2023, før ho byrja å date Travis Kelce, var 570 millionar dollar. I januar 2024 hadde den stige til 1,1 milliardar. Ho dobla tydelegvis rikdommen sin ved å bli i lag med denne Travis.

Tyler skriv vidare:

«Lat oss byrje med Michael Benz, ein tidlegare tenestemann i Utanriksdepartementet under Trump, der arbeidet hans har blitt omtala i kongresshøyringar. Han la på X ut ein video frå 2019 der ein representant frå Pentagons grein for psykologiske operasjonar slengde ut ideen om å gjere Taylor om til eit verktøy for å kjempe mot ‘desinformasjon’.»

X-brukaren «The Patriot Voice» la 10.januar 2024 ut eit innlegg der han skreiv følgjande:

«Under eit NATO-møte vart ideen om at Taylor Swift skulle bli brukt som ein PSYOP for Pentagon lagt fram. Det ser ut som dei valde å gå den vegen. Ho blåste opp ut av ingenstad, og har no blitt klistra opp overalt.

Eg sa det heilt frå byrjinga av.

Ikkje berre er Taylor etter eiga innrømming ei satanisk heks, men ho blir òg brukt som eit Pentagon-psyop-verkøty for å vippe tusenvis av ungdommar over til å stemme på Demokratane og ‘bekjempe feilinformasjon’ på nettet. I praksis er ho ein propagandist for venstresida om ho innser det eller ikkje. Eg trur ho er ganske klar over kva ho er involvert i.

For å gjere ting verre, so kopla dei ho saman med Travis Kelce fordi mange amerikanarar har fjesa sine klistra fast i TV-skjermen og ser på fotball. Han er ein særs effektiv seljar for Pfizer, der han sel mRNA-død til dei uvetande massane.»

Tyler Durden skriv at den veldige auken i Taylor Swift-omtalar kjem fordi konsernmedia er livredde for framveksten av alternative media. Nyleg uttala Wall Street Journal-leiar Emma Tucker under WEF-elitemøtet i Davos at ‘vi ikkje lenger eig nyheitene’. Og når det gjeld forholdet Taylor har til Travis, hevdar X-brukaren «Chief Nerd» at forholdet er 100% falskt.

Det er elles ei kjent sak at Soros-familien i 2019 kjøpte rettane til musikken til Taylor, og at ho like etter stod fram som super-liberal, dette ifølgje Jack Posobiec. I eit svar på innlegget hans på X skreiv tidlegare presidentkandidat Vivek Ramaswamy:

«Eg lurer på kven som kjem til å vinne Super Bowl neste månad. Og eg lurer på om der vil kome stor president-støtte frå eit kunstig og kulturelt opphaussa par no i haust. Berre litt vill spekulasjon frå mi side, lat oss sjå om dette held stand dei neste måtte månadene.»

Taylor Swift seier sjølv om oppkjøpet av musikkrettane:

«Etter at eg vart blankt nekta høvet til å kjøpe min eigen musikk, vart heile katalogen min selt til Scooter Brauns Ithaca Holdings i ein avtale som eg vart fortalt vart finansiert av Soros-familien, 23 Capital og Carlyle Group.»

Tydar det at ho no er komen inn i «porteføljen» til styrtrike, mektige George Soros og må lystre hans minste vink?

Kanskje lystrar ho ein langt verre motstandar. Mike Stone skriv for HenryMakow.com 30.januar 2024 om koplinga Swift har til det sataniske. Han stiller spørsmålet ‘Har George Soros, Scooter Braun og Carlyle Group, som eig all musikken til Swift, tvinga ho inn i eit fabrikkert forhold med Kelce for å fremje ein satanisk agenda?»

Målet med dette forholdet kan vere å kombinere to superkjendisar inn i «ein posisjon av maksimal kulturell påverknadskraft». Dersom Kansas City Chiefs vinn Super Bowl, vil dette gje Travis enorm prestisje. Dei vil dermed kunne bruke sin posisjon til å påverke veljarane til årets presidentval. Gjett kven Taylor Swift støttar… Jepp, den openbert kognitivt svekte Joe Biden. Dersom Kabalen kan rigge eit heilt presidentval, kan dei enkelt rigge amerikansk fotball. Laget til Travis kjem dermed til å vinne meisterskapen. Ikkje fordi dei er gode, men fordi nokon vil at dei skal vinne.

Og so har vi då Taylor, og hennar stundom nifse åtferd på scena.

Sjå òg «Taylor Swift blir skulda for å promotere HEKSERI og SATANISME på turné», publisert 10.desember 2023.

Mike Stone skriv:

«Ikkje berre er Swift ei heks, enkelte seier ho er ein klon av Zeena LaVey, tidlegare øvsteprestinne i Church of Satan. Swift og LaVey er jo slåande like kvarandre. […] Der er òg ein slåande likskap mellom friaren til Swift, Travis Kelce, og faren til Zeena LaVey, Anton LaVey, grunnleggjaren av Church of Satan og forfattaren av Den sataniske bibelen. So fort du ser likskapen, får det forholdet mellom Swift og Kelce til å sjå sjukt, forskrudd og incestuøst ut.»

Han skriv vidare:

«Kelce inngjekk nyleg ein avtale på tjue millionar dollar for å skryte over Pfizer sin falske vaksine og influensasprøyte. Tenk litt på det. Millionar av menneske er døde og endå fleire millionar er uføre og skadde, og so har vi Kelce, som sel sjela si til djevelen. Han treng ikkje eingong pengane. Han er ikkje ein skodespelar i motbør som gjer det han kan for å få ein fot innanfor bransjen. Kelce er allereie mangemillionær.

Legg saman bitane i puslespelet, og det er ut som om Swift og Kelce har blitt para og presentert til folket som ein måte å indoktrinere dei hjernedaude massane til heksekunst og satanisme. Som eit siste, desperat forsøk på å lure so mange som mogleg til å ta den dødelege og falske vaksinen. Å fremje abort, som vi alle veit er ei form for satanisk barneofring. Og so endeleg å promotere bedragaren som læst som han er Joe Biden i presidentkampanjen komande november. Det er ein psyop med fleire agendaer, og veit de kva? Det fungerer.

Hjernedaude kvinner får dånedimpen av Kelce og sit og ser på NFL. Men som ikkje kan få ein date og bruker tida si på å runke til porno, lyttar til Taylor Swift-songar og runkar til ho. Noko som gjer dette eit godt tidspunkt å nemne at Mr. Ed, transkjønn-eksperten, berømt sa ein gong at Swift faktisk vart fødd som gut.»

Stone hevdar til slutt at Taylor Swift er i ferd med å krevje tilbake rettane til musikken sin, som Soros og gjengen betalte 330 millionar dollar for. Ho kan dermed ha inngått ein avtale om å gå inn i eit offentleg forhold med Kelce, i byte mot å få tilbake musikkrettane. Er dette ei form for utpressing? Kven veit.

Faktum er iallfall at Taylor Swift er overalt i mediebiletet, og at dette kan vere del av ein underliggjande agenda.

Kommenter innlegget