Franske bønder tek protestane sine til hjartet av EU

Sjå òg «Franske bønder i harnisk: Blokkerer motorvegar og sprayar møk på offentlege bygningar», publisert 24.januar 2024, og «Bønder omringar Paris i protest mot miljøpolitikken til Macron», publisert 31.januar 2024.

Bøndene i Europa har den siste tida mildt sagt vore misfornøgde med landbrukspolitikken til EU. I fleire land har det brote ut store protestar, og mest forbanna ser dei franske bøndene ut til å vere. Frankrike er rekna som eit av verdas beste jordbruksland, og det at ein globalistisk aktør no prøver å øydeleggje denne livsviktige næringa, får mange til å sjå raudt – med rette.

Nettstaden The People’s Voice skriv at franske bønder no set seg på traktorane og køyrer heilt til sjølve hjartet av EU (mi omsetjing):

«Dei europeiske bøndene har blokkert franske vegar og er på veg til Brüssel for å protestere mot den grøne agendaen, favorisert av globalistar slik som president Emmanuel Macron. Dei åtvarar at dei vil danne ein blokade i Brüssel akkurat som dei gjorde i Paris.

Bortsett frå Brüssel og Frankrike på onsdag [31.januar], var der aktive bondeprotest-rørsler i Tyskland, Polen og Romania. Denne veka sa òg bondeorganisasjonar i Spania at dei kom til å slutte seg til aksjonen mot overregulering frå Brüssel.

Ksat rapporterer: Bønder stengjer av fleire trafikkårer i Belgia, Frankrike og Italia onsdag, sidan dei har som mål å forstyrre handel i større hamner og andre økonomiske livslinjer. Dei flytta seg òg nærare Brüssel like før eit EU-toppmøte, i eit stadig press for å oppnå betre prisar for produkta sine, og mindre byråkrati rundt arbeidet sitt.

Protestane hadde ein umiddelbar effekt onsdag, sidan EU sin eksekutive kommisjon formidla planar om å verne bøndene mot billege importvarer frå krigsråka Ukraina, og late bønder bruke noko av jorda som har blitt tvinga til å liggje brakk ut av miljømessige grunnar. Planane må framleis godkjennast av medlemsstatar og parlamentet, men dei utgjorde ei plutseleg og symbolsk erkjenning.

‘Eg vil berre forsikre dei om at vi gjer vårt beste for å lytte til bekymringane deira. Eg trur vi adresserer to særs viktige (bekymringar) dei har akkurat no,’ sa EU-kommisjonen sin visepresident Maroš Šefčovič.

Rallya er ein del av bondeprotestar gjennom heile det 27 nasjonar store EU, og har vist korleis berre nokre få hundre traktorar kan kvele trafikken i hovudstader frå Berlin til Paris, Brüssel og Roma. Millionar i heile blokka har stått overfor forstyrringar og vanskar for å kome seg på jobb, eller opplevd at legetimar har blitt avlyst fordi protestdeltakarar sperra vegen for dei.

‘Det har openbert ein stor økonomisk påverknad. Ikkje berre for selskapet vårt, men for mange selskap i Flandern og Belgia,’ sa Sven Pieters i transportselskapet ESC i den belgiske hamnebyen Zeebrugge ved Nordsjøen.

Eit klimaks i Belgia er sett til torsdag, då bønder har planar om å protestere utanfor EU-hovudkvartera under eit toppmøte med statsleiarar. Dei har planar om å få problema sine på agendaen til toppmøtet og vinne nokre punkt når det gjeld den økonomiske børa dei står overfor, og den auka konkurransen frå nasjonar sopass langt vekke som Chile og New Zealand.

‘Det er viktig at vi lyttar til dei,’ sa den belgiske statsministeren Alexander De Croo. ‘Dei står overfor gigantiske utfordringar, frå det å tilpasse seg klimaendring til det å motverke miljøforureining.’

Belgia har fortida EU-presidentskapen, og De Croo sa at han kom til å ta opp temaet under toppmøtet som eit seint tillegg til ein agenda som er sentrert rundt det å gje bistand til Ukraina etter den russiske invasjonen for nesten to år sidan.

Den franske presidenten Emmanuel Macron har sagt at han ønskjer å utsetje ein frihandelsavtale med søramerikanske nasjonar på grunn av den bastante opposisjonen til EU-bønder, og kjem til å diskutere temaet på toppmøtet.

Trass dei omfattande vanskane behandlar statar i EU protestane, som for det meste har vore fredelege, med ekstrem varsemd.»

Kommenter innlegget