Henry Makow: «Eg vart fødd inn i ein satanisk kult»

No når satanistane har blitt eksponert innser Henry Makow at han vart korrumpert av eit samfunn han naivt stole på. Tilbake på 1960-talet, då Makow var tenåring, var konsensus at ei kvinne oppnådde sine mål i livet som ei kone og ei mor. Ikkje kvar kvinne måtte følgje denne stien, men den var tilrådd for dei fleste. Takka vere satanisme (feminisme og kommunisme), har kvinner bytta ut denne ærefulle rolla med å vere pornodronningar og horer, for so å bli forkasta når sexappealen deira forsvinn. Dette skriv Makow i ein artikkel på nettsida si.

Han skriv (mi omsetjing):

«Det verkar fjernt å seie at eg vart fødd inn i ein satanisk kult.

Men det er den viktigaste påverknadskrafta i mitt liv.

Likevel kan eg ikkje sjå det fordi eg, som folk flest, er satanisk besett.

Vi kan ikkje sjå oss sjølve.

Eg snakkar ikkje om ei eller anna mindre sekt.

Eg snakkar om samfunnet som eit heile.

Samfunnet har blitt innvigd i ein satanisk kult, jødisk kabalisme, altso frimureri, kommunisme, materialisme.

Karakteren og oppfatningsevna vår vart bestemt av satanistar, som regel kabalist-jødar og frimurarar.

Mitt døme

Skaparen burde bli dyrka (lydd) og feira. Han snakkar til oss gjennom sjela vår og burde vere vårt konstante fokus.

Som ein ungdom var den fyrste tingen samfunnet lærte meg at GUD ER DØD.

Som ein uvedkomande har Han blitt kasta ut frå skaparverket Sitt.

Eg lærte liturgien til eksistensialismen. ‘Mennesket må skape si eiga meining fordi der ikkje finst noka ibuande meining i livet.’

For noko skitprat! Livet har ibuande meining. Livet er eit mirakel.

Vi arva eit tempel, men valde å flytte inn i kjellaren. […]

Den andre tingen eg lærte er at samleie er den høgste opplevinga livet har å tilby. Det er mystisk! Det er ein religion! Kjelda til meining og nøkkelen til personleg utvikling.

So eg, den lettlurte tosken, vart sexavhengig.

Eg kasta vekk livet mitt på jakt etter kimærar, sex og romantisk kjærleik.

Du kan aldri oppnå ein illusjon.

Den tredje tingen eg lærte var å jakte på pengar. So eg, den lettlurte tosken, utvikla ei gambling-uvane.

Verda er no eit gigantisk kasino der milliardar av menneske inngår veddemål på direkten.

Eg, den sjølvutslettande idioten, var dum nok til å anta at samfunnet hadde ei form for visdom, eller moralsk autoritet.

Den fjerde tingen var at eg subtilt gjekk utifrå at menneske er det som er nærast Gud, uendeleg interessant når mesteparten faktisk er temmeleg dumme, pretensiøse og keisame.

Å ta ein doktorgrad i engelsk litteratur var som å lese innvollar i ‘store meisterverk’.

Dei sat på ei eller anna esoterisk ‘sanning’. Dette var ‘humanisme’.

Postmodernisme er endå dummare. Der finst inga objektiv sanning. Alt er persepsjon.

Pisspreik. So trist.

Det moderne utdanningssystemet er ei indoktrinering i kabalisme (kommunisme).

Eg brukte for mykje tid på å sjå opp til andre menneske, i staden for å sjå opp til Gud, vegen til mi eiga sjølvutvikling.

Eg vart deformert av desse ‘moderne’ (altso satanistiske) sjibboletta.

Eg, vrengt ut av fasong, var ein skugge av det eg kunne ha blitt.

Eg lid framleis av denne indoktrineringa. Gud er ei ånd, perfeksjon. Gud består av dei spirituelle absolutta som vi alle lengtar etter: Sanning, Kjærleik, Venleik, Fred, Rettferd og Helse. Satanisme er det motsette av desse ideala. Vondskap er godt; usant er sant; sjukt er friskt; hat er kjærleik; krig er kjærleik etc. ‘Modernisme’ er satanisme.

Programmeringa held fram

Vi druknar i porno og snusk.

Det moderne samfunnet er som ein senil idiot som ser unge damer pakke opp den same gamle innpakninga og læst som det framleis er av ei viss interesse.

Satanistar har gjort kvinner om til pornostjerner og horer.

No når satanistane har blitt eksponert, ser eg kvifor eg vart korrumpert av eit samfunn som eg naivt stolte på.

Og eg prøver å gjenfinne den menneskelege forma mi.

Gradvis vil òg samfunnet vakne.»

Kommenter innlegget