Atter ein gong har kjøpte og betalte faktasjekkarar rykt manns- og kvinnesterke ut for å sverte dei som er på menneskeheita si side. Natural News rapporterer (mi omsetjing):
«Tyske bønder som utførde ein fredeleg protest mot kutt i subsidiane deira har blitt stempla som konspirasjonsteoretikarar av ei tysk faktasjekkarside, og det kjem ikkje som ei overrasking med tanke på kven som finansierer faktasjekkarane.
Protestane det er snakk om stoppa nesten opp heile Berlin, der meir enn 10 000 bønder tok til gatene med sine truckar og traktorar. Ved Brandenburg-porten stilte 500 traktorar seg opp i ein konvoi kvar dag i ei veke. Det vart rapportert om vegsperringar i fleire byar, inkludert München, Nürnberg, Bremen og Köln, der kvar involverte tusenvis av traktorar og truckar.
Protestane braut ut etter at den tyske regjeringa bestemte at dei skulle fase ut eit skattekutt på landbruksdiesel i eit forsøk på å balansere budsjettet for 2024 etter ei avgjerd av forfatningsretten tvinga dei til å gå tilbake til møtebordet med forbruksplanane sine. Mange bønder argumenterte at det å kutte subsidiar ville slå dei konkurs. Sjølv om regjeringa sidan har gått ein tanke tilbake på dette og sagt at dei skal spreie subsidiekutta på landbruksdiesel over ein periode på fleire år, følte dei fleste bønder at dette ikkje var nok.
Det er ei forståeleg bekymring, men nyheits- og faktasjekkarsida Correctiv lanserte ein svertekampanje mot bøndene, og stempla dei rett og slett som høgreekstreme konspirasjonsteoretikarar som spreier russisk propaganda og covid-19-desinformasjon.
Sjølv om det kan vere sant at enkelte av bøndene har andre bekymringar utover subsidiekutt, slik som covid-19-restriksjonar, deler ikkje alle det same synet. Correctiv forklarte ikkje kva type ‘desinformasjon’ bøndene spreidde om viruset, ei heller kom dei med nokon bevis som belegg for påstandane sine om at dei på ein eller annan måte er knytt til den russiske regjeringa. Dei berre sa at enkelte kontoar på X som støtta bøndene, òg hadde innlegg som ‘fall saman med metodane til eit pro-russisk propaganda-nettverk’, noko som er eit temmeleg svakt argument.
Tyske media har òg vore raske med å peike ut at ei nynazistisk gruppe støtta protestane, sjølv om Den tyske bondeforeininga har avvist støtta til gruppa på ein ganske utvitydig måte.
Bøndene trefte sannsynlegvis ein nerve i regjeringa ved å skulde regjeringa sin klimapolitikk for subsidiekutta, sidan omstokkinga av budsjettet som førde til kutta vart driven av eit behov for å frigjere midlar for klimahandlingsprosjekt. Enkelte av protestdeltakarane kravde til og med oppløysing av den tyske regjeringa og nye val.
Følg pengane
Det burde ikkje kome som noka overrasking at dei som støttar Correctiv er Meta, eigarane til Facebook, som var meir enn viljuge til å gå saman med den amerikanske regjeringa om å sensurere innlegg som gjekk mot det offisielle statlege covid-19-narrativet. Dei får òg midlar frå Open Society Foundations, ein nonprofit-organisasjon som vart grunnlagt av globalisten George Soros, so vel som den noverande tyske regjeringa.
Bruken av faktasjekkarar for å sverte dei som kjem med upopulære meiningar er ikkje noko nytt. Det har gått føre seg i årevis, og det gjekk i høggir under pandemien, då faktasjekkarar vart brukt for å diskreditere alle som våga å antyde at covid-19 kom frå ein laboratorie-lekkasje, eller at vaksinar er risikable. Freedom of Information Act-førespurde dokument og Twitter-filene har begge bevist at regjeringar og andre organ ofte støttar faktasjekkargrupper for å hjelpe dei med å fremje sine politiske agendaer.
Jeffrey A. Tucker forklarte forholdet mellom regjeringar og faktasjekkarar i ein eksposé for The Epoch Times, der han skreiv: ‘Staten ønskjer å sensurere, men kan ikkje gjere det, so den vender seg til sosialmedieselskap for å gjere skitarbeidet. For å gjere dette hand-i-hanske-samarbeidet mindre openbert, føretek selskap ofte ei outsourcing til ein faktasjekkar-organisasjon, noko som gjer kontrollinjene endå meir utydelege’.»
