Carrie Johnson, kona til den tidlegare statsministeren i Storbritannia, Boris Johnson, har blitt avslørt som ein okkult satanist som dyrkar Aleister Crowley, som har blitt skildra som «den mest vondskapsfulle mannen i verda». Dette melder Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice. Han skriv (mi omsetjing):
«Avsløringane kjem nokre dagar etter at Vladimir Putin avslørte overfor Tucker Carlson at Johnson som statsminister saboterte ein fredsavtale mellom Ukraina og Russland, noko som førde til fleire hundre tusen dødsfall.
Bilete av kona til Johnson som viser ho delta i sataniske handlingar har no dukka opp, mellom anna eit bilete av ho ved sida av ein mann som har «gjer som du vil» og «stort beist» [do as thou wilt og big beast på engelsk] skrive på kroppen sin.
Via Daily Mail:
Produksjonen var basert på skriveria til den sjølverklærte mystikaren Aleister Crowley, ein uhemma okkultist som solte seg i glansen av å vere berykta som ‘den mest vondskapsfulle mannen i verda’. Han døydde i 1947.
Crowley si form for dyrking involverte sadomasochistiske sexritual med menn og kvinner, trolldommar som han hevda kunne påkalle gudar – og bruk av narkotika, inkludert kokain oh heroin.
I stykket har Miss Symonds [Carrie Johnson] på seg ein svart kjole og flerrete svarte tights med tung, svart sminke smurt rundt auga.
I eit av bileta står ho på kne på golvet med eit bord i bakgrunnen. På bordet står det skrive orda ‘cognac, c*** og cocaine’ [konjakk, fitte og kokain; oms.an.] – ein referanse til eit av dei mest berykta dikta til Crowley.
Ei flaske konjakk og ein liten haug med kvitt pulver, som ein trur representerer kokain, er på bordet, som er omringa av ein sirkel av kort. Orda ‘Do As Thou Wilt’ [‘gjer som du vil’] er skrive med krit midt i sirkelen.
Saman med Miss Symonds sit ein mannleg student i berr overkropp med ‘Big Beast’ [‘stort beist’] og ‘Do As Thou Wilt’ skrive på brystkassen og halsen med svart blekk.
Crowley sitt dikt Leah Sublime inkluderer dei styggkjefta linjene: ‘Straddle your Beast, My Masterful B*** [truleg ordet bitch, ‘megge’], Spit on me, scarlet, Mouth of my harlot… Soak me in cognac, c*** and cocaine’.»
Ei omtrentleg norskspråkleg omsetjing av dette vulgære diktet ville ha vore noko à la dette:
Sal beistet ditt, mi meisterlege megge / Spytt på meg, skarlaksraud / Munnen til skjøkja mi… / Dynk meg i konjakk, fitte og kokain
At kona til ein tidlegare statsminister dyrkar ein mann som dreiv med slikt, og sjølv deltok i liknande sataniske sexritual, vil nok ikkje gjere mykje frå eller til for ein mann som allereie øydela sitt gode namn og rykte under «pandemien». Om ein fyrst har skite i buksa, speler det lita rolle om ein òg pissar seg ut.
