Der har blitt skrive og sagt mykje om intervjuet Tucker Carlson gjorde med president Vladimir Putin førre veke. I skrivande stund har videoen på Twitter åleine blitt sett nesten 200 millionar gonger, noko som sannsynlegvis gjer den til den mest sette nyheitshendinga i historia. Dette skriv den amerikanske legen og politikaren Ron Paul (faren til senator Rand Paul) for nettstaden AntiWar.com, og han skriv vidare (mi omsetjing):
«Mange millionar sjåarar som kanskje ikkje har hatt tilgang til den andre sida av historia, vart informerte om at Russland/Ukraina-militærkonflikten ikkje byrja i 2022, slik hovudstraumsmedia stadig driv og rapporterer, men at den faktisk byrja åtte år tidlegare med eit USA-støtta kupp i Ukraina. Amerikanske media rapporterer ikkje om dette fordi dei ikkje vil at amerikanarar skal byrje å stille spørsmål ved vår intervensjonistiske utanrikspolitikk. Dei vil ikkje at amerikanarar skal sjå at det at regjeringa vår blandar seg opp i saker i andre land – anten ved hjelp av ‘fargerevolusjon’, sanksjonar eller bomber – har reelle og dødelege konsekvensar for dei på mottakssida av utanrikspolitikken vår.
For meg er derimot det mest interessante aspektet ved Tucker Carlson sitt intervju med Putin, reaksjonen til amerikanske hovudstraumsmedia. Som Putin sjølv sa under intervjuet: ‘i propaganda-verda er det særs vanskeleg å slå USA.’ Sjølv ein tilfeldig titt på rapporteringa til amerikanske hovudstraumsmedia før og etter intervjuet vil vise kor rett han har om det. I dagane og vekene før intervjuet var amerikanske media fylt med historier om kor forferdeleg det var at Tucker Carlson skulle intervjue den russiske presidenten. Alle sa at der var fare for at Putin kom til å spreie ‘desinformasjon’.
(Sjå òg «Tucker Carlson gjorde seg til ‘forrædar’ for å intervjue Putin – og verda ELSKA det!», publisert 13.februar 2024.)
Det at Putin kunne seie noko som ville setje landet hans i eit betre lys var, sa dei, grunn nok til å ikkje intervjue han. Om ein skal følgje den logikken, kvifor ha journalistikk i det heile? Alle som blir intervjua av journalistar – og iallfall alle verdsleiarar – vil forsøke å måle eit roseraudt bilete. Jobben til ein journalist i eit fritt samfunn burde vere å rapportere og late folket avgjere. Men på ein eller annan måte har dette gått tapt. I desse dagar seier hovudstraumsmedia til dykk kva de skal tenkje, og dersom de vågar å motstride det, vil de bli kansellerte!
Det som amerikanske hovudstraumsmedia var verkeleg uroa for, var at ‘den andre sida av historia’ kunne byrje å høyrast sann ut for folket. So dei gjekk til åtak på bodbringaren.
CNN si rapportering om Tucker-intervjuet oppsummerer temmeleg greitt reaksjonen over heile linja i amerikanske hovudstraumsmedia. Overskrifta deira var: ‘Tucker Carlson er i Russland for å intervjue Putin. Han gjer allereie lydig som Kreml seier.’
Ved å rett og slett gjere det som brukte å bli kalla ‘journalistikk’ – intervjue og rapportere om menneske og hendingar, gode eller dårlege – ‘gjer ein altso lydig som’ intervjuobjektet eller rapporten seier?
Ikkje rart at med-journalist Julian Assange har vore innesperra i ein gulag i so mange år. Han våga å anta at det å vere journalist i eit fritt samfunn inneber å rapportere om det som er godt, vondt og stygt sjølv om det set dei bak makta i eit dårleg lys.
Til sjuande og sist viser den massive suksessen til Tucker Carlson sitt intervju med Vladimir Putin éin gong for alle at det amerikanske folket er dritleie av propagandistane og løgnarane i sine hovudstraumsmedia. Dei leitar ikkje etter statlege narrativ, men etter sanninga. Det er den verkeleg gode nyheita til dette intervjuet.»
