Kontrollfrik-milliardærar skubbar verda mot kanten av stupet

Dei fleste av dykk har nok høyrt om oligarkar, men har de høyrt om kontrolligarkar? Seamus Bruner, forfattaren av den nye boka Controligarchs: Exposing the Billionaire Class, their Secret Deals and the Globalist Plot to Dominate Your Life, [«Kontrolligarkar: Eksponering av milliardærklassen, deira hemmelege avtalar og den globalistiske planen om å dominere livet ditt»] seier at kontrolligarkar er verre enn oligarkar sidan dei verkeleg ønskjer å kontrollere kvart eit aspekt i alle sine liv. Dette melder Ethan Huff på NewsTarget, systersida til Natural News.

Mi omsetjing:

«‘Desse folka har so å seie eit gudekompleks, men på steroidar,’ sa Bruner, som tener som forskingsdirektør ved Government Accountability Institute (GAI) [«institutt for ansvarleggjering av staten»] til programvert Mark Bauerlein i eit nyleg intervju på podcasten First Things.

‘Av dei rundt 3100 milliardærane i verda blir berre rundt 30 nemnt i denne boka [Controligarchs]… Folk som Bill Gates, Mark Zuckerberg, Jeff Bezos, George Soros… og sonen hans Alex Soros – desse fyrane bruker rikdommen sin til å gjere ikkje akkurat so fabelaktige ting.’

Sidan byrjinga av 2020 då Wuhan-koronavirus (covid-19)-‘pandemien’ vart lansert, har mange av verdas rikaste milliardærar dobla nettoformuen sin – medan fleire titals millionar amerikanarar, inkludert eigarar av føretak, vart kasta inn i insolvens og fattigdom.

‘Mark Zuckerberg gjekk frå rundt 60 milliardar til nesten 120 milliardar dollar i dag i løpet av pandemien fordi alle var nedstengt, heldt seg heime og sat på Facebook,’ sa Bruner. ‘Og Jeff Bezos dobla nesten nettoformuen sin.’ […]

Ein annan multimilliardær som drog formidabel nytte av ‘pandemien’, er milliardær-eugenikar og Microsoft-medgrunnleggjar Bill Gates, som kjøpte opp hundretusenvis av mål med amerikansk jordbruksland som del av hans skjulte agenda.

‘Dei brukte pandemien, med World Economic Forum-grunnleggjar Klaus Schwab sine ord, som ei moglegheit,’ la Bruner til. ‘Pandemien var ei moglegheit til å omorganisere samfunnet og ‘byggje oppatt betre’ på ein ‘grønare’ måte.’

‘Folk forstod eigentleg ikkje i juli 2020 då Klaus Schwab erklærte ‘The Great Reset’ kva ein pandemi hadde med klimaendring å gjere. Men vi byrjar å sjå at ‘klimaendring’ berre er den neste krisa dei ønskjer å bruke som ei moglegheit til å ikkje berre bli rikare, men til å konstruerte system for tyrannisk kontroll.’

Det som verda såg under covid er berre ein forsmak på kva globalist-milliardærane har planlagt for sin neste verdsomspennande bløff: klimaendring. De bør forvente ting som matkontroll, energikontroll, at alle blir påtvinga upålitelege elektriske køyretøy, mobiltelefonar og det at menneskekroppar blir ein del av det sokalla ‘Internet of Things’, smartbyar og global finansiell kontroll, blant andre autoritære tiltak.

Ein liten indre kjerne av global-elististar som blir kalla ‘The Good Club’ møttest i 2009 på Manhattan for å byrje sine ‘filantropiske’’ forsøk på å ta over verda ved hjelp av desse og andre tiltak. Medlemmane i The Good Club inkluderte namn som Bill Gates, Oprah Winfrey, George Soros, David Rockefeller og Ted Turner, blant andre.

‘Bill Gates, George Soros og David Rockefeller er i grunnen dei tre medvertane [av det fyrste møtet i The Good Club],’ seier Bruner. ‘Dei inviterte eit halv eller heilt dusin av sine milliardær-kompisar… Dei møttest alle våren 2009.’

‘Konteksten er haleenden av den globale finanskrisa… dei kunne ane at ‘bøndene’ var i ferd med å gjere opprør… Den andre delen av [konteksten] var at Barack Obama akkurat hadde blitt valt til president [og] at mange på The Good Club-møtet i New York hadde gjort mykje for å få han der, spesielt George Soros, so dei ønskte å bruke Obama-moglegheita til sin fordel.’

Det amerikanarar no er vitne til er ei kontrollert øydelegging av landet deira og livet som dei ein gong kjende, noko som til slutt vil bane vegen for ein ny verdsorden.»

Kommenter innlegget