Boris Johnson indignert etter å ha blitt avslørt som sabotør av Ukraina-fredsavtalen

Sjå òg «Kona til Boris Johnson avslørt som SATANIST og dyrkar av Aleister Crowley!», publisert 13.februar 2024.

Den tidlegare britiske statsministeren Boris Johnson hadde nyleg eit «mini-raserianfall» etter å ha blitt avslørt under Tucker Carlson sitt intervju med Vladimir Putin; Johnson hadde sabotert forsøk på å få til ein fredsavtale mellom Ukraina og Russland. Dette skriv Paul Joseph Watson på nettstaden Modernity.news (mi omsetjing):

«Under intervjuet bekrefta Putin det som fyrst kom fram i fjor om rolla til Johnson i å forlenge krigen.

David Arahamiya, leiaren av det styrande partiet i Ukraina, avslørte at Johnson hadde forkludra ein fredsavtale som kunne ha gjort slutt på fiendtlegheitene berre nokre månader etter den russiske invasjonen.

Putin bekrefta dette då han sa: ‘Han hadde skrive under på enkelte av provisjonane, men ikkje alle. Han signerte, og deretter sa han sjølv at vi var klare til å skrive under, og krigen kunne ha vore over for lenge sidan. 18 månader sidan. Derimot kom statsminister Johnson, snakka oss ut av det og vi gjekk dermed glipp av sjansen. Vel, de gjekk glipp av det. De gjorde ein feil.’

Johnson vart tydeleg oppskaka av avsløringa. Han responderte med ein kort video som hadde som intensjon å bli spreidd på sosiale media, der han fremja sin lengre respons i ein Daily Mail-artikkel.

‘Rundt om i verda sit folk og ser på det latterlege intervjuet med Vladimir Putin utført av Tucker Carlson,’ freste Boris. ‘Og vi må ikkje falle for denne veven av løgner, framfor alt formeininga om at Putin på ein eller annan måte kjem til å lykkast i Ukraina; det er stikk motsett, han er dømt til å mislykkast,’ la han til.

Johnson nemnde ikkje det faktum at fleire hundre tusen liv kunne ha blitt spart dersom han ikkje hadde gripe inn for å setje ein stoppar for fredsavtalen.

Tory-parlamentsmedlem Nadine Dorries avslørte òg i boka si at Johnson saboterte fredsavtalen.

Tydelegvis har ingen journalistar enno vore modige nok til å utfordre Johnson etter avsløringa.

Som «banthebbc» skriv som kommentar til den korte videoen:

«Dei einaste taparane i denne ynkelege affæren er Boris Johnson, dei fleire hundre tusen som fullstendig unaudsynt vart drepne i den unngåelege krigen, og dei britiske skattebetalarane som har fått milliardar sløst vekk på ein tredjerangs skodespelar som har som einaste ferdigheit at han kan spele piano med kuken.»

Kommentar frå Saksyndig: Med tanke på kva kona til Boris driv med, gjer han nok sjølv langt meir kontroversielle ting med sin eigen kuk enn å spele piano med den!

1 comments

Kommenter innlegget