Liberale går av hengslene: Dei vil at Tucker Carlson skal straffeforfølgjast for å ha intervjua Putin

Etter at intervjuet mellom den amerikanske journalisten Tucker Carlson og Russlands president Vladimir Putin gjekk på lufta og vart sett av fleire hundre millionar, har liberale i USA no gått fullstendig bananas. Dei krev no i fullt alvor at Carlson skal straffeforfølgjast for landssvik under Spionasjelova. Dette melder Natural News, og dei skriv (mi omsetjing):

«Det banebrytande to timar lange intervjuet til Carlson markerer fyrste gong Putin har gått med på å setje seg ned med ein amerikansk journalist sidan byrjinga på konflikten med Ukraina for to år sidan. Carlson har modig snakka ut mot Biden-administrasjonen fordi dei støttar Ukraina.

Han forklarte at han ønskte å utføre intervjuet fordi ‘amerikanarar har rett til å vete alt dei kan om ein krig dei er implisert i’. USA har sendt meir enn 75 milliardar i bistand til Ukraina, inkludert finansiell, militær og humanitær støtte, i ei tid når investeringar i nasjonaltryggleik og innanlands-utfordringar, slik som grensetryggleik, er sårt trungne.

Intervjuet, som kan sjåast på Brighteon, vart sendt torsdag [8.februar 2024], og Tucker har oppmoda folk om å dele det fordi han fryktar at enkelte plattformer kan fjerne det. […]

Kritikarar som lenge har skulda Carlson for å støtte Russland, byrja å krevje at han skal bli straffeforfølgt under Espionage Act [«spionasjelova»], og det til og med før intervjuet vart sendt.

I ein video lagt ut på X sa advokat Ian Corzine at sjølv om intervjuet i seg sjølv strengt teke kan vere lovleg, trur han at Carlson kan møte på ‘verkeleg store problem seinare’, med tanke på det han skildrar som den ‘supervide’ ordlyden i Spionasjelova, som forbyr amerikanarar å spionere på vegner av andre land.

Derimot trur han at den grunnlovsfesta garantien for pressefridom òg kan spele inn.

‘Har Tucker Carlson intensjon om å skade USA? Dette er punktet der Spionasjelov-saka mot Tucker blir svakare, og den blir endå svakare når du veit at den amerikanske regjeringa har plikt til å følgje diktata i den amerikanske grunnlova. Grunnlova garanterer pressefridom, og den amerikanske høgsteretten har gjort alt den kan for å beskytte denne provisjonen og journalistar.’

Han sa at vi ikkje kan utelukke moglegheita for at han kan bli straffeforfølgt på eit punkt i framtida for ‘oppdikta skuldingar’.

Det kvite huset kan ikkje vere særleg blide no når Putin var viljug til å seie i intervjuet det som dei ser ut til å prøve – og ikkje lykkast i – å skjule: Biden er ikkje eigentleg den som styrer for tida.

‘Vi er overtyda om at han ikkje styrer landet,’ sa Putin. ‘Lat oss seie at vi har gode kjelder som bekreftar det, men det er openbert for alle å sjå med eigne auge. USA har no gått inn i ein mørk periode. Det har uansvarleg leiarskap.’

Dekning av intervjuet i hovudstraumsmedia har stort sett vore lite flatterande, der pressa stiller spørsmål ved historiekunnskapane til Tucker. Dei klagar òg over at han lét Putin gjere all snakkinga – ein absurd kritikk med tanke på at Putin var sjølve intervjuobjektet. Hillary Clinton kalla han [Tucker] til og med ein ‘nyttig idiot’.

Carlson skulle visstnok vere gjenstand for sanksjonar i Europa, der reportasjar siterte medlemmer av Europa-parlamentet, som bad om EU-sanksjonar mot han. Derimot sa ein talsperson at medan dei relevante EU-organa ikkje diskuterer sanksjonar, kan dei i teorien sanksjonere mot ‘propagandistar’ som manipulerer informasjon for å ‘underminere suvereniteten og den territoriale integriteten til Ukraina, og som fremjar den ulovlege og brutale aggresjonen til Putin’.

Sjølv om diskusjonar for tida ikkje går føre seg, kan medlemsland framleis føreslå sanksjonar, men dei treng bevis og ei einstemmig avgjerd frå dei 27 EU-medlemslanda. […]

Dmitry Peskov, ein talsperson i Kreml, har sagt at dei ikkje trur Carlson er pro-russisk, men erkjende at han tek ein annleis ståstad mot konflikten enn den mange andre journalistar tek.

Han sa: ‘Posisjonen hans er annleis frå den til andre. Den er på ingen måte pro-russisk, den er ikkje pro-ukrainsk, den er pro-amerikansk, men står i det minste i kontrast til posisjonen til tradisjonelle anglo-saksiske media.’

Carlson har òg bede om eit intervju med Volodymyr Zelensky, den ukrainske presidenten, men det ser ut som han ikkje har fått innvilga dette ønsket. Det er derimot verdt å merkje seg at ingen såg ut til å ha problem med at CNN intervjua Putin i fortida.

Det er tydeleg at liberale som har gått av hengslene ikkje vil anna enn å sjå Carlsons fall. Den ivrige forfølginga deira av Carlson og deira desperasjon til å finne ein grunn til å straffeforfølgje han får dei berre til å sjå verre ut. Kvifor har dei sånn panikk? Er dei bekymra for at sanninga om Ukraina-krigen skal bli avslørt?

Carlson held fast på at vi har ein rett til å høyre det Putin har å seie og ta våre eigne avgjerder, men vi veit alle kor truga det Demokratiske parti føler seg av fritenkjarar. Det er ikkje det slag overraskande at dei ikkje ønskjer den typen nasjonaldebatt om Ukraina som dette intervjuet kan inspirere til.»

Kommenter innlegget