Afrikanske innvandrar-sjukepleiarar i den britiske helsetenesta viste seg å ha forfalska autorisasjon

Meir enn 700 sjukepleiarar og jordmødrer rekruttert frå Nigeria av den britiske helsetenesta er no under etterforsking for å ha fått stadfortredarar til å ta prøver for dei på eit afrikansk testsenter. Dette inneber at dei har fått autorisasjonane sine på feilaktig grunnlag. Dette rapporterer nettstaden The National Pulse. Dei skriv (mi omsetjing):

«Peter Carter, tidlegare toppleiar i Royal College of Nursing (RCN), skildrar operasjonen som ‘bedrageri i industriell skala’, og sa at det var ‘særs urovekkjande’ å vete at der finst opplegg som ‘lèt sjukepleiarar stå på desse prøvene, eller late dei bruke surrogat som tek eksamenane for dei, fordi implikasjonen er at vi endar opp her i Storbritannia med sjukepleiarar som ikkje er kompetente’.

Av dei 717 involverte sjukepleiarane arbeider allereie 48 for National Health Service (NHS) [det britiske offentlege helsevesenet; oms.an.], og står overfor individuelle høyringar føre Nursing and Midwifery Council (NMC) [«sjukepleiar- og jordmorsrådet»]. Derimot har ikkje NMC makt til å ta autorisasjonen frå nokon av dei før høyringane byrjar i mars.

669 andre sjukepleiarar som enno ikkje har hamna i helsepersonellregisteret har blitt nekta tilgang der, men mesteparten har allereie migrert til Storbritannia, mange med familien på slep.

I staden for å sikre interessene til britiske pasientar og helsearbeidarar, ser fagforeiningar ut til å heller stille seg på dei nigerianske svindlarane si side, og påstår at dei fekk ‘dårlege råd’ og difor ikkje burde bli deportert. Fagforeininga GMB lovpriste til og med nigerianarane for å vere ‘viljuge til å dra opp røtene til liva sine og slå seg ned her for å jobbe i ei helse- og omsorgsteneste som lid av ei bemanningskrise’ – trass det faktum at deira manglande kvalifikasjonar kan setje pasientane sine liv i fare.

Rundt 27% av NHS-sjukepleiarane er innvandrarar, det same er 35% av legane. Innvandrarar er òg ganske so overrepresenterte blant legar som har mist autorisasjonen sin for feilbehandling – heile 72%.»

Kommenter innlegget