Det er i våre dagar diverre eit velkjent fenomen at dei med «feil» meiningar opplever å bli offer for yrkesforbod, slik som til dømes skjedde med Fjordman i kjølvatnet av 22.juli-terroren. Opphavleg skreiv han under pseudonym nettopp for å unngå slike konsekvensar, men nokon lak identiteten hans til offentlegheita. Det å publisere namn og andre sensitive opplysningar om personar mot deira vilje, og med føremål å skade livet og karrieren deira, er kjent som doxing. Det er dette direktøren i ei britisk foreining for ytringsfridom ønskjer å gjere med dei som kritiserer Israel.
Nettstaden Information Liberation skriv (mi omsetjing):
«Douglas Murray, direktøren i British Free Speech Union, erklærte måndag [19.februar 2024] eit nytt initiativ som har som mål å doxe Israel-kritikarar for ‘hattale’, og hindre dei i å få seg jobb.
‘Douglas Murray er direktør i British Free Speech Union. Han skal no leie eit initivativ for å få strengare straffer for dei som blir skulda for hattale, og stengje ‘intolerante’ ute frå jobbmoglegheiter basert på innlegg på sosiale media!’ kommenterte Keith Woods på X.
‘Desse ytringslovene har blitt brukt til å råke nasjonalistar meir enn nokon andre – Murray sin landsmann Sam Melia skal i fengsel for å dele ut klistremerke om masseinnvandring, og dette er det han jobbar på – for ei skam!’
Tafsik Organization, som står bak initiativet, seier på nettsida si at dei driv lobbyverksemd for nye hattale-lover for å stengje folk ute frå å få seg jobb, og frå å reise fritt:
‘Føreslå ei hatforbrytar-liste à la sexforbrytar-liste for dei som blir dømt for hatkriminalitet vil gjere handheving meir straumlinjeforma, innføre reiserestriksjonar, avgrense tilgang til visse offentlege stader, og betydeleg påverke jobbmoglegheiter for å halde dei som kjem med hat ute frå maktposisjonar.’»
Dei seier òg at dei driv og byggjer ei doxing-database ved hjelp av ansiktsgjenkjenning og AI. Der skal dei bruke som grunnlag bilete og videoar frå innlegg på sosialmedieplattformer slik som X (Twitter), TikTok og Facebook. Det som blir rapportert til den databasen vil kunne finnast ved hjelp av eit enkelt søk, og sterkt påverke dei uthengde personane sitt rykte og moglegheitene deira for å finne jobb. Ein potensiell arbeidsgjevar kan enkelt finne ut om personen er nokon dei ønskjer å ha som del av personalgruppa. Allereie i dag driv enkelte arbeidsgjevarar og søkjer på Internett og Facebook for å gjere «bakgrunnsundersøkingar» av kandidatar til ei stilling.
Problemet her ligg i sjølve definisjonen av «hattale» eller «hatefulle ytringar». Kva er ei hatefull ytring? Eg har mistanke om at Tafsik og David Murray har sine heilt spesifikke definisjonar på den. Murray er elles kjent som ein flammande forsvarar av Israel si krigføring i Gaza, noko fleire delte X-innlegg i originalartikkelen vitnar om. Enkelte meiner at den israelske regjeringa faktisk kan vere dei som eigentleg står bak dette «doxing-database-initiativet».
