Tucker Carlson seier at Boris Johnson kravde ein million dollar for eit intervju

Paul Joseph Watson på nettstaden Modernity.news skriv at etter at den tidlegare statsministeren i Storbritannia Boris Johnson skjelte Tucker Carlson ut for å ha intervjua Vladimir Putin, tilbydde Carlson seg å intervjue Johnson. Det kunne Johnson, men kan skulle ha ein million dollar for det.

Mi omsetjing:

«Som vi tidlegare sette søkjelys på, responderte Johnson på Putin-intervjuet ved å leggje ut ein kort video der han gjekk til åtak på Tucker for å snakke med den russiske presidenten.

‘Rundt om i verda sit folk og ser på det latterlege intervjuet med Vladimir Putin utført av Tucker Carlson,’ sa han.

‘Og vi må ikkje falle for denne veven av løgner, framfor alt ideen om at Putin på eit eller anna vis kjem til å lykkast i Ukraina; tvert imot er han dømt til å mislykkast,’ la han til.

Tucker responderte ved å tilby Johnson den nøyaktig same plattforma for å kome med sine tankar, men Boris kravde eit latterleg vederlag.

‘So eg er borte i Moskva og ventar på å gjere dette intervjuet, det kjem ut at vi gjer det, og eg blir straks fordømt av denne fyren ved namn Boris Johnson,’ sa Carlson. ‘Og Boris Johnson kallar meg ‘eit verktøy for Kreml’ eller noko i den dur… so eg kjem med førespurnad om eit intervju med [Jonson], fordi han stadig driv og fordømmer meg.’

‘Omsider tek ein rådgjevar kontakt med meg og seier: ‘Han ønskjer å snakke med deg, men det kjem til å koste deg ein million dollar.’ Han vil ha ein million i amerikanske dollar, gull eller bitcoin – dette skjedde i går eller dagen før!’ sa Tucker til Glenn Beck.

‘Fyrst då vil han forklare sin ståstad når det gjeld Ukraina. Altso går han til åtak på meg utan å forklare kvifor eg tek feil, naturlegvis, eller kvifor han har rett – dette er forresten fyren som, etter ønske frå den amerikanske regjeringa, stoppa fredsavtalen i Ukraina for halvanna år sidan, og er av denne grunnen ansvarleg for dødsfalla til fleire hundre tusen menneske.’

(Sjå òg «Boris Johnson indignert etter å ha blitt avslørt som sabotør av Ukraina-fredsavtalen», publisert 18.februar 2024.)

‘Eg sa: ‘Eg intervjua akkurat Vladimir Putin – eg forsvarer ikkje Putin, men [han] bad meg ikkje om ein million dollar!’ So du seier til meg at Boris Johnson er mykje meir slu, mykje meir nedrig enn Vladimir Putin. So heile denne greia er ei jækla utpressing.’

Under eit intervju utført i november i fjor avslørte David Arahamiya, leiaren av det herskande partiet i Ukraina, at Johnson hadde stukke kjeppar i hjula for ein fredsavtale som kunne ha gjort slutt på fiendtlegheitene berre nokre månader etter den russiske invasjonen.

Putin bekrefta dette under intervjuet sitt med Carlson, og sa: ‘Han hadde påført signaturen sin på enkelte av provisjonane, men ikkje alle. Han signerte, og so sa han sjølv at vi var klare til å skrive under, og krigen kunne ha vore over for lenge sidan. 18 månader sidan. Derimot kom statsminister Johnson, snakka oss ut av det og vi gjekk glipp av den sjansen. Vel, de gjekk glipp av den. De gjorde ein feil.’

Boris har ikkje berre avslørt seg sjølv som ein skamlaus krigshissar, men òg ein svikefull og grådig tosk.»

Kommenter innlegget