Google får kjeft for ultra-woke KI som nektar å generere bilete av kvite menneske

Google sin nyaste chatbot, Gemini, latin for «tvillingar», får mykje kritikk for tida fordi den produserer bilete som kanskje er politisk korrekte, men som er historisk unøyaktige – for å seie det mildt. Etter det eg har fått med meg, er chatboten tilsynelatande ute av stand til å lage bilete av kvite menneske. Sjølv vikingar blir framstilt som mørkhuda, og chatboten presterer til og med å lage eit bilete av ein kvinneleg pave, når vi alle veit at alle pavar i verdshistoria har vore kvite menn.

Nettstaden NewsAddicts.com rapporterer (mi omsetjing):

«Etter kvart som brukarar har utforska Universets meistrar sin progressive natur med dette nye verktøyet, har Google no blitt tvinga til å beklage for ‘å ha kome med unøyaktigheiter i visse historiske bilete som har blitt generert på førespurnad’.

Ifølgje New York Post har Gemini, Google sin lovpriste chatbot, fått motbør denne veka [veke 8] for å ha skapt i overkant progressive og faktamessig ukorrekte bilete når dei fekk førespurnad om å skape slike bilete.

Førespurnadene som vart gjevne til chatboten resulterte i merkelege utfall slik som ein kvinneleg pave, svarte vikingar og kjønnsreverserte versjonar av anerkjende måleri og fotografi.

Når New York Post bad om å få laga eit bilete av ein pave, produserte Gemini bilete av ei dame frå søraust-Asia og ein svart mann med paveantrekk, og ignorerte totalt det faktum at gjennom historia har alle 266 pavane vore kvite menn.

Andre brukarar har rapportert om liknande sprø interaksjonar med KI-en.»

X-brukaren Michael Tracey bad om eit bilete av grunnlovsfedrane, som historisk var kvite menn. Her er resultatet. Patrick Ganley bad òg om bilete av grunnlovsfedrane, utan å lykkast. Visste du forresten at indarar og negrar var med i nazistiske SS Waffen under Andre verdskrigen? Det påstår Gemini at dei var. Jeremy Sonne rapporterer at Gemini nekta å lage eit bilete av ei kyrkje i San Francisco fordi det visstnok kan støyte Ohlone-folket å sjå ei kyrkje i sitt tradisjonelle territorium.

Google gjekk til slutt ut på X og sa at Gemini nok har bomma litt her. Dei jobbar no med å forbetre biletgenereringsverktøyet. Om dette var eit genuint uhell eller nokre utru tenarar som ville kødde seg litt, er uvisst. Om det er ein del av globalist-eliten sin overordna visjon om å utrydde kvite menneske gjennom befolkningsutskifting og historieforfalsking, er òg eit spørsmål ein gjerne kan stille seg. Same kor djupt ein dukkar ned i kaninhòlet, viser denne historia at KI er ein relativt ny teknologi som framleis er på eksperimentstadiet.

Litt komisk ironi til slutt: Saksyndig bruker vanlegvis gratis-biletetenesta Pexels for å finne illustrasjonsbilete til artiklane. I dette tilfellet søkte eg etter «white people». Der kom ikkje opp nokon relevante treff. Difor bruker eg heller eit bilete av ein katt som illustrasjon.

Kommenter innlegget