Nettstaden NewsAddicts.com rapporterer at ein journalist i Florida har blitt pågripen og skulda for fjorten føderale brotsverk for å ha spreidd videoar av Tucker Carlson frå den tida han jobba i Fox News. Dei skriv (mi omsetjing):
«Timothy Burke, ein 45 år gammal mann, vart sikta for eitt tilfelle av konspirasjon, seks tilfelle av ulovleg tilgang til ei beskytta datamaskin, og sju tilfelle av inngrep i eller avsløring av munnleg eller elektronisk kommunikasjon.
Dersom han blir funnen skuldig i alle tiltalepunkta, kan Bruke potensielt risikere ei maksstraff på 62 år i eit føderalt fengsel.
Etter å ha blitt lauslaten på kausjon får ikkje Burke kommunisere med sin påståtte med-konspiratør.
Justisdepartementet (DOJ) sa at Burke og hans medsamansvorne fekk tak i og utnytta sensitiv informasjon, slik som brukarnamn og passord, for å få ulovleg tilgang til datamaskiner eigd eller brukt av dei fornærma organa.
Ifølgje siktinga greidde Burke og hans medsamansvorne å stele usendte videoklipp av Carlson ved å hacke seg inn i StreamCo, eit USA-basert nettstrøymeteneste-selskap leigd inn av Fox News.
Føderale påtalemakter har skulda Burke og hans medskuldige i å skaffe seg og stele opphavsrettbeskytta informasjon frå nettsida til StreamCo.
Vidare skulle dei visstnok ha brukt desse listig stolne opplysingane til å gripe inn i, laste ned og lagre strøymedata frå StreamCo sine kringkastarkundar.
Dei mistenkte fekk visstnok tak i videoar av Carlson på ein mikrofon som framleis var på etter slutten på eit Tucker Carlson Tonight-program.
I mai 2023 offentleggjorde Media Matters, ein venstreorientert propaganda-organisasjon, hemmelege videoar av Carlson i samtale med personale i Fox News.
Desse videoane vart lekne ein månad etter at Carlson vart oppsagt frå Fox News.
Vidare dukka der opp videoklipp frå Tucker sitt intervju med Kanye West på nettet i oktober 2022.
Teknologibloggen Motherboard la opphavleg ut videoane.
‘Fox News sendte nyleg eit intervju i to delar mellom Tucker Carlson og Ye, artisten tidlegare kjent som Kanye West,’ står det å lese i artikkelen.
‘Motherboard har fått tak i delar av intervjuet som vart redigert vekk frå den endelege sendinga. Desse inkluderer fleire antisemittiske ytringar frå Ye, ein lang og underleg digresjon om ‘falske barn’ som han påstod hadde blitt planta i huset hans for å manipulere hans eigne barn, og ei ytring om at han er vaksinert mot covid-19.’
Burke sin advokat kom med ei pressemelding:
‘Denne etterforskinga byrja tydelegvis etter at den tidlegare Fox News-personlegdommen Tucker Carlson sitt intervju med Kanye West, der herr Carlson redigerte vekk vesentlege mengder rasistiske og antisemittiske kommentarar frå West.
Desse fråstøytande kommentarane vart eksponerte av herr Burke si modige – og fullstendig lovlege – rapportering om informasjonen han fann i offentlege kjelder, på nettsider som var tilgjengelege utan nokon brukar-ID eller passord.’
Advokatane til Burke sendte eit brev til ein assisterande amerikansk advokat der det stod:
‘Det var audmjukande fordi herr Burke var i stand til å finne og avsløre informasjon om Carlson/West-intervjuet.’
Brevet la til at Fox News ‘var audmjuka fordi dei hadde gjort desse klippa tilgjengelege for folket på ein slik måte at herr Burke kunne – og greidde å – finne dei og spreie dei.’
Maddux sa til Tampa Bay Times:
‘Dette er ikkje hacking, dette er god etterforskingsjournalistikk. Vi nektar openbert bestemt for desse tiltalepunkta, og vi ser fram til moglegheita for å forsvare han og reinvaske han.’
Burke sine juridiske representantar tilbakeviste påstandane om hacking inn i Fox News-databasen, og sa i staden at journalisten fekk tilgang til videoane via ein hyperlink som førde til direkte video-klipp som var fritt tilgjengelege utan passord eller kryptering.»
