Sjå òg «Journalist som tilrådde folk å ‘hoppe over frukosten’ for å spare pengar FÅR SPARKEN!», publisert 24.februar 2024.
Takka vere den folkefiendtlege politikken til eliten, slit stadig fleire med å få endane til å møtast. Mange slit òg med å skaffe nok mat til hushaldet, noko som har fått media til å kome med råd om å hoppe over måltid for å spare pengar. No har adm.dir. i den amerikanske frukostblandingsprodusenten Kellogg’s fått motbør for å kome med eit noko mildare råd: Amerikanarar kan spare pengar ved å ete Kellogg’s frukostblanding til middag!
Nettstaden The Post Millennial rapporterer (mi omsetjing):
«Under eit nyleg intervju med CNBC føreslo Kellogg’s-adm.dir. Gary Pilnick at amerikanarar kan spare pengar ved å ete frukostblanding til middag.
Rådet hans vart ikkje godt teke imot av kundane, der mange gjekk ut på sosiale media for å ytre tankane sine om temaet.
‘Kategorien frukostblanding har alltid vore prismessig rimeleg, og den har tendens til å vere eit flott val når kundane er under press,’ sa Pilnick. ‘Vi må nå kundane der vi er, so vi reklamerer for frukostblanding til middag.’
‘Når ein tenkjer på kostnaden for frukostblanding til ein familie versus kva dei elles kan gjere,’ la han til, ‘so kjem det vil å bli langt billegare.’
Når han vart pressa av CNBC-ankeret om eit slikt forslag kan ‘bli feil motteke’ av kundane, sa Pilnick at det trudde han ikkje, og gjekk til og med so langt som å hevde at det kom til å ‘bli temmeleg godt motteke’.
‘Når vi ser på alle dataa våre,’ forklarte han, ‘veit vi naturlegvis at frukostblanding er val nummer eitt for heimforbruk. Vi forstår at til frukost viser det seg at meir enn 25% av forbruket vårt finn stad utanfor frukost-settinga, mykje av det skjer til middag, og den førekomsten held fram med å vekse.’
Pilnick konkluderte med å spå at so lenge kundane er ‘under press’, vil frukostblanding halde fram med å ‘trende’.
Medan dataa kanskje viser éin ting, viser folkeopinionen på sosiale media ein annan.
‘Beklagar, men Kellogg’s sin nye kampanje ‘frukostblanding til middag’ viser at vi har eit alvorleg fattigdomsproblem i USA, og dette er løysinga for å tene pengar på det,’ skreiv ein brukar på X.
‘Fakta,’ svarte ein annan. ‘Alt Kellogg’s kan gjere for å tene meir pengar på folk i krisetider. Eg lurer på kva deira adm.dir. et til middag? Prisauke dagen lang utan fnugg av medkjensle. Skam, skam.’
‘Kellogg’s er verdt 19 milliardar dollar og tente 1,6 milliardar i profitt i 2023,’ skreiv ein annan X-brukar. ‘So, medan 1 av 4 militærfamiliar, 1 av 6 amerikanarar og 1 av 9 barn er mat-utrygge, driv Kellogg’s og skryter over å feire den mat-utryggleiken og reklamerer for ‘frukostblanding til middag’. Skammeleg. Grådig. Vondskapsfullt.’
Dette er ikkje fyrste gong Kellogg’s har pusha ideen om å ete frukostblanding til middag. I 2022 køyrde selskapet ein annonse som føreslo at det var eit fullstendig normalt og sunt alternativ til ekte mat med slagordet ‘gje kyllingen fri i kveld’.
Motbøren kjem midt oppi skyhøge matprisar rundt om i landet, og forbrukarar har ikkje måtte bruke so stor del av inntekta på mat på over 30 år.»
