Kanadisk transpedofil som vart arrestert for oppbevaring av barneporno var forkjempar for kjønnsskifte hjå barn

Denne artikkelen set søkjelyset på ei mogleg kopling mellom transkvinner (menn som kler seg ut som kvinner og vil bli sett på som kvinner) og ein fetisj-subkultur ved namn sissy porn (bokstavleg tala «pysegut-porno»). Nemnde pornografi-sjanger går ut på at ein ung mann eller gut blir gjenstand for ei «forvandling» til ei meir feminin utgåve, men beheld sine mannlege kjønnsorgan, som ofte er små og ikkje fullt utvikla. Saksyndig har som vanleg gjort research om «sissy porn» og kan (lettare kvalm og sjokkert!) konstatere at sjangeren er særs populær hjå enkelte grupper i samfunnet.

Menn som kler seg som damer vart tidlegare kalla transvestittar. No er dei beskytta av eit drakonisk lovverk som i all hast har blitt innført for å hindre normale menneske i å kome med legitim kritikk av denne praksisen.

Er menn som kler seg ut som damer del av ein slik fetisj-kultur? Blir dei seksuelt opphissa av det? I so fall er det djupt bekymringsfullt at dei i våre dagar sit i salar fulle av barn og les eventyr til dei, kanskje med eitt eller to av dei på fanget. Om ein koplar transkvinner til fetisj-sjangeren, får ein straks ein langt mørkare dimensjon. Då handlar det ikkje om å oppnå aksept for at ein er trans og dermed annleis, men om å oppnå seksuell stimulering av å vise seg fram for verda i søte, vakre kjolar – og ikkje minst oppnå seksuell stimulering av å vise seg fram for barn. Når dei oppmuntrar barn til å ta del i denne galskapen, og vere prinsar eller prinsesser alt etter kva dei sjølve «vil», burde alle varselsbjøller ringje.

Nettstaden En-volve.com skreiv 8.mars 2024 – ironisk nok på kvinnedagen – om ein kanadisk transperson (mann som kler seg ut som kvinne) som vart arrestert for andre gong for å ha oppbevart barneporno. 39 år gamle Krystel Lauzon vart pågripen 11.januar etter at politiet sitt etterforskingsteam for seksuell utnytting av barn på Internett utførde ei ransaking av heimen hans, og beslagla PC-en hans for analyse.

Nettstaden skriv (mi omsetjing):

«I 2020 vart Lauzon arrestert for oppbevaring av barnemisbruksmaterial, men på grunn av covid-19 gjekk ein ikkje vidare med saka før 2022. Han vart då dømt til fire års fengsel etter å ha erklært seg skuldig i tiltalane for produksjon, distribusjon og oppbevaring av barneporno. Men Lauzon ser ut til å ha blitt lauslaten ein gong før november 2023, under vilkår som han raskt vart teken i å bryte.

Når franskspråklege nyheitsformidlarar rapporterte om hans nyaste arrestasjon, refererte dei tl Lauzon som ei ‘kvinne’, dette inkluderer L’Info du Nord og CIME Laurentides.

Reduxx [nettstad for transrelaterte nyheiter; oms.an.] har oppdaga fleire sosialmedie-profilar som tilhøyrer Lauzon som inneheld urovekkjande material.

Innlegg som har blitt delte på Facebook-sida til Lauzon, der han skildrar seg sjølv som ‘ei transkvinne som gjennomgår hormonterapi’, indikerer at han var besett av ein pornografi-sjanger kjent som sissification, eller sissy porn, som viser menn eller gutar som blir ‘skifta over til’ unge kvinner eller mindreårige jenter.

I dei meir hovudstraumsvennlege versjonane, referert til som sissy captions, er bileta typisk av kvinner i fetisj-kostyme eller, alternativt, barnlege silkekostyme, følgt av tekst som antydar at kvinnene er biologiske menn. Bileta er tilsynelatande laga for å bli spreidde i vidt omfang, og går utanom sensuren på plattformer slik som Facebook ved å unngå bruken av eksplisitt pornografi.

‘Du er klar over at det å vere avhengig av sissy porn vil føre til at du til slutt lever som ei kvinne, vel?’ står det i ein slik sissy caption delt av Lauzon i 2020. Han kommenterte: ‘Eg hadde det allereie i meg, men ja, dette er verkeleg det som skjedde, hehe.’

Lauzon delte òg ofte bilete på Facebook-kontoen sin som viste unge kvinner og det som ser ut som tenåringsjenter i seksuelle positurar. Han har òg laga fleire innlegg om det å medisinsk feminisere unge gutar.

I 2021 delte Lauzon støttande ei melding frå Amy Fournier, ein transaktivist som byrja medisinske inngrep i ein alder av 16.

‘Eg ønskjer å seie at eit skifte ikkje endrar ditt barns sinn på nokon måte, det er berre det fysiske som endrar seg. Han forblir den same personen. Og eg meiner at det einaste som burde spele ei rolle for foreldre, er å sjå ungen sin lykkeleg,’ skreiv Fournier, og heldt fram: ‘EG HAR EIN PENIS OG EG ER EI JENTE. Eg var sju år gammal då eg innsåg at eg lika menn. Og eg visste rundt åtteårsalderen at eg var annleis.’

Heilt tilbake til 2012 la Lauzon sjølv ut innlegg om sokalla ‘trans-ungar’, og bad om at foreldre støttar barn som var ‘laga på ein unik måte’.

Med berre store bokstavar [som Saksyndig her gjengjev som små] skreiv Lauzon: ‘Eg vil leggje ut igjen og igjen, so mange gonger som det er naudsynt for å forklare at barn med spesielle behov ikkje er rare, sprø eller sjuke… Dei vil berre ha det som alle andre vil ha… å bli akseptert!! Kan eg stille eit spørsmål, vil nokon andre leggje ut denne meldinga til ære for alle barn som vart laga på ein unik måte. Eg kjem til å sjå kven som har eit hjarte, eg kjenner dei som vil kopiere og leggje ut. Vi er alle menneske trass alt… !!!!’

Urovekkjande nok avslører Lauzon sin SoundCloud-profil at han hadde ‘lika’ eit lydspor der eit barn skrik av smerte.»

Lauzon er ikkje den einaste transpersonen i Canada som har skapt avisoverskrifter for seksuelle handlingar mot barn. Om dette antydar eit mørkt mønster hjå enkelte transkvinner, er uvisst. Men at lovverket – òg her i Noreg – har gjort det lettare for slike å forgripe seg på barn fordi dei er sett på som ei «sårbar gruppe», er det mykje som tydar på.

Kommenter innlegget