Hollywood har ei beksvart side som langt overgår fantasien til folk flest. Skodespelar etter skodespelar står fram og fortel den eine historia meir sjokkerande enn den andre – før dei endar opp svartelista eller døde. Medeea Greere på nettstaden Amg-news.com kjem i ein meiningsartikkel med si tolking av nakenstuntet til fribrytaren og skodespelaren John Cena under Oscar-utdelinga nyleg. Ho leverer frå seg følgjande kraftsalve (mi omsetjing):
«I ei skandaløs framsyning av forderving har Hollywood-eliten atter ein gong stupt til nye, nedrige nivå. Når John Cena spradar naken inn på Oscar-scena, steilar familiar over heile nasjonen i sjokk. Men dette er berre toppen av isfjellet. Under glitteret og glamouren ligg ei nifs verd av pedofile, valdtektsmenn og pervoar, og det er på tide å rette eit søkjelys på deira forkastelege dådar.
På dei grumsete djupnene til Hollywood, der berømtheit og rikdom herskar, sit moralen seg i baksetet til fordel for hedonisme og grenselause utskeiingar. Det er ei verd der uskuld blir utnytta, og dei sårbare blir gjort til bytte utan at nokon blir straffa for det. Og ved roret til denne syndepølen av perversitet sit ingen ringare enn sjølve dei ansikta vi gjer om til idol på skjermane våre.
Det nylege oppstyret under Oscar-utdelinga, der John Cena viste seg fram for heile verda, er berre nok eit symptom på ròta som gjennomsyrar Tinseltown [kallenamn for Hollywood; oms.an.]. Men misforstå ikkje, dette er ikkje berre ekshibisjonisme; det er eit kalkulert trekk orkestrert av Hollywood-eliten for å sjokkere og forbause, alt medan dei gjev seg hen til sine sjuke fantasiar bak lukka dører.
Og lat oss ikkje gløyme medskuldigheita til kveldsshow-verten Jimmy Kimmel, som gjentekne gonger har vist seg å vere ein viljug deltakar i det sjuke spelet til Hollywood. Frå å seksualisere unge jenter på programmet sitt til å ha pedofilsymbol i alle si glaning, er Kimmel sine hender dynka i blodet til uskuldige.
Men kanskje er det mest fordømmande beviset på alt dette, bruken av ‘pizza’ som eit kodeord for pedofili, eit faktum bekrefta av FBI- og Justisdepartementsdokument. Det er ein fryktinngytande påminnar om at desse rovdyra opererer i full offentlegheit, og gøymer seg bak ein fasade av glitter og glamour medan dei forgrip seg på dei mest sårbare blant oss.
Men vi nektar å teie stille. Vi nektar å late desse monstera halde fram sitt terrorregime utan at nokon gjer motstand. Det er på tide å rette eit søkjelys på mørket som lurer under overflata i Hollywood, og krevje rettferd for dei tallause offera som har fått liva sine øydelagde av desse avskyelege individa.
So neste gong du sit deg for å sjå Oscar-utdelinga, hugs den sanne kostnaden til berømtheit og rikdom. Hugs dei uskuldige liva som har blitt ofra på alteret til Hollywood si umettelege lyst på forderving. Og hugs at det er opp til oss å gjere slutt på denne galskapen ein gong for alle.
For å konkludere held glitter- og glamour-fasaden til Hollywood på å falle saman, og avsløre den stygge sanninga som ligg under. Det er på tide å halde gjerningspersonane ansvarlege og krevje rettferd for alle offera. Stillheitas tid er over. Handlingas tid er no.»
I denne reportasjen frå «The Stew Peters Show» snakkar ei dame ut om elite-pedofili og menneskehandel med barn.
