California vurderer eit Canada-liknande lovforslag om eutanasi som oppmuntrar til SJØLVMORDSTURISME

Tillegg til delstaten California si eutanasilov End of Life Options Act, skal tillate intravenøs eutanasi, utvide kriterium slik at dei inkluderer alvorlege og ulækjelege medisinske tilstandar, og tillate dei med tidleg eller mellomstadie-demens å gje samtykke til å få avslutta livet. Ei sopass liberal tilnærming til eutanasi vil få folk frå andre delstatar til å reise til California for å få hjelp til å døy – i praksis sjølvmordsturisme, slik ein ser i Europa, der til dømes nordmenn reiser til land som Sveits for å få døy. Dette melder Alex Schadenberg LifeSiteNews. Dei skriv (mi omsetjing):

«I 2016 legaliserte California assistert sjølvmord, for deretter å utvide lova i 2021.

California debatterer no om fleire utvidingar og ei endring i lova for å tillate ‘Canada-liknande’ medisinsk drap.

8.mars 2024 publiserte eg [Schadenberg] ein artikkel om California Senate Bill 1196, eit lovforslag som skal:

1) Tillate intravenøs eutanasi slik som i Canada. No tillèt California assistert sjølvmord (gift som pasienten tek gjennom munnen når og kor han sjølv vel, med eller utan vitne). Dette lovforslaget opnar opp for intravenøs død. Dette utgjer eutanasi/drap.

2) Endre kriteria frå dødssjuke (seksmånaders prognose) til den kanadiske modellen: ‘ein alvorleg og ulækjeleg medisinsk tilstand’. Altso vil der ikkje vere noka tidsgrense og ingen krav om dødeleg sjukdom.

3) Late menneske med tidleg til mellomstadie-demens å gje samtykke til assistert sjølvmord eller eutanasi, sjølv om dei har ein tilstand som svekkjer evna deira til å gje samtykke.

4) Fjerne kravet om at ein må bu i California. California vil dermed slutte seg til delstatane Oregon og Vermont, fjerne bustadskravet og opne opp for sjølvmordsturisme.

5) Fjerne 48-timars-venteperioden mellom den fyrste og andre førespurnaden frå pasienten – død same dag [som ein ber om det].

6) Fjerne 2031 solnedgangsklausulen i den kaliforniske lova om assistert sjølvmord. [Sunset clause er tidspunktet der ei lov sluttar å gjelde; oms.an.].

Maggie Hroncich skreiv ein artikkel som vart publisert i New York Sun 18.mars, der ho forklarte dei føreslegne endringane til California sin End of Life Options Act. Hroncich skriv:

‘Lovforslaget, som av kritikarar blir kalla det ‘mest ekstreme’ utvidingsforslaget i USA, vil ifølgje støttespelarane gje pasientar større medisinsk autonomi.

Medan forsøk på å utvide legeassistert død er i høggir rundt om i landet, vil lovgjevarane i California vurdere eit tiltak som utvidar tilgang til prosedyrane for demenspasientar, leggje til nye måtar legemiddel kan bli inntekne, og opne tilgang til innbyggjarar frå andre delstatar.

Senate Bill 1196, introdusert av delstatssenator Catherine Blakespear, skal utvide California sin End of Life Options Act til å inkludere pasientar med ‘ein alvorleg og ulækjeleg medisinsk tilstand’, slik at dei kan be om legeassistert død i tillegg til pasientar med ein dødeleg sjukdom.’

Senate Bill 1196 bruker liknande språk som Canada sin eutanasilov:

‘I Canada skjer sjokkerande fire prosent av dødsfalla ved hjelp av assistert sjølvmord – noko som fører til at det er den femte mest vanlege dødsårsaka der, slik som The New York Sun har rapportert. Nyleg har reportasjar dukka opp om at ein far ber ein kanadisk domstol om å stoppe det assisterte sjølvmordet til hans 27 år gamle dotter, som han seier har autisme og difor ikkje møter kriteria for assistert død.

California-lovforslaget skal kome med nye vilkår som vil krevje at ein pasient er i ein tilstand av ‘irreversibel nedgang i evne’ og oppleve ‘fysisk eller psykologisk liding’ som er ‘uuthaldeleg for individet og ikkje kan lettast på ein måte som individet opplever som akseptabel’. I tillegg må det vere ‘rimeleg føreseieleg’ at tilstanden kan bli den naturlege dødsårsaka til pasienten.

Lovverket, dersom det trer i kraft, vil òg utvide assistert død til å tillate pasientar med ‘tidleg til mellomstadie-demens’, tillate intravenøs administrasjon av legemiddel heller enn det noverande kravet om at det må takast gjennom munnen eller gjennom fordøyingskanalen, fjerne 2031-datoen [då lova sluttar å gjelde] og fjerne kravet om at ein må vere fastbuande i delstaten.’ […]

Lovforslaget kan føre til ‘drapsturisme’ […] og det at intravenøs administrasjon blir tillate, tydar at legar aktivt utfører døden heller enn å assistere ein pasient med å sjølv administrere dei dødelege legemiddela. ‘Eutanasi blir selt til folket som det å tillate kompetente vaksne som er i stand til å gje samtykkje, å få døy av gift […]. Å tillate eutanasi for menneske med demens lèt legar drepe nokon som ikkje er samtykkekompetente.’

Hroncich pakka ting inn i denne artikkelen, men Senate Bill 1196 vil tydelegvis ikkje berre utvide lova om assistert sjølvmord, men òg tillate eutanasi, òg kjent som drap. Dette er ikkje ei utviding av lova. Dette kjem til å bli legaliseringa av eutanasi.»

Kommenter innlegget