Vitskapsfolk beviser at popmusikk har blitt verre dei siste 50 åra

Ein ny studie som har sett på songtekstar og musikk frå dei siste 50 åra, har konkludert at popmusikk har blitt vitskapleg verre over tid. Emosjonar i songane har òg blitt meir negative og sinte. Dette melder nettstaden The People’s Voice. Dei skriv vidare:

«Studien, som vart publisert i Scientific Reports, fann ut at engelskspråklege songar har blitt sinnslammande gjentakande dei siste femti åra i kategoriane rap, country, pop, R&B og rock.

The Post Millennial rapporterer: Leiande forfattar av studien, Eva Zangerle, og andre skreiv i konklusjonen til artikkelen: ‘Vi finn at songtekstar har blitt enklare over tid når det gjeld fleire aspekt ved songtekstar: kor rikt vokabularet er, kor lettleseleg det er, kompleksiteten, og talet gjentekne strofer.’

‘Resultata våre bekreftar òg tidlegare forsking som fann ut at songtekstar har blitt meir negative på den eine sida, og meir personlege på den andre,’ la dei til.

I tillegg skreiv forfattarane: ‘Analysen vår viser at songtekstar har blitt sintare i alle sjangrar, der rap viser den største auken i sinne.’ Country-musikk hadde den lågaste auken i sinne og negative kjensler over tid.

Forfattarane slo fast at informasjonen som vart samla når det gjeld mønsteret i songar, kan bli ‘brukt til å vidare studere og overvake kulturelle artefaktar og endringar i samfunnet’.

Vidare la dei til at dette innsynet kan signalisere ‘endrande meiningar i samfunn og endringar i bruken av emosjonelt ladde ord og kjenslene uttrykt i songtekstar konsumert av dei ymse typane av publikum (alder, kjønn, land/delstat/region, utdanningsbakgrunn, økonomisk status, etc.).’

Saman med denne oppdaginga har amerikanske leseferdigheiter falle til dei lågaste nivåa på fleire tiår blant elevar. Færre og færre les bøker samanlikna med slutten på 1900-talet. Begge er ein indikator som liknar den stadig mindre kompleksiteten til songtekstar, i det at lesing og kompleks litterær forståing ser ut til å gå nedover.

Forfattarane spekulerte i studien at det at musikken har blitt enklare kan vere eit resultat av at fleire og fleire amerikanarar rett og slett bruken musikk som bakgrunnsstøy.»

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget