Tidlegare general i det amerikanske luftforsvaret åtvarar mot EMP-hending under komande solformørking

Ein pensjonert general i United States Air Force (USAF) åtvarar at ei elektromagnetisk puls-hending (EMP) kan skje under den totale solformørkinga 8.april 2024. Dette melder Natural News. Dei skriv:

Den pensjonerte USAF-generalen Blaine Holt kom med denne ytringa under eit nyleg intervju med programverten for Inspired-kanalen, Jean Nolan.

«Eg høyrer frå eit par stader at der vil vere eit potensial dei neste vekene, og eg kan ikkje samlokalisere det med 8.april. Men der er ein risiko for at det, ein eller annan stad i nasjonen vår, kjem til å finne stad ei EMP-hending, eller elektromagnetisk puls-hending,» sa Holt til Nolan.

«Det kunne ha vore passande om det skjedde i området som den totale solformørkinga finn stad i. Vel, då ville du kanskje hatt ei regjering som forklarer det vekk, at dei seier noko slikt som, ‘åh, denne solformørkinga er ikkje som andre’,» heldt Holt fram. «Vi har hatt ein solstorm fordi vi har blitt marinerte i den nyheitshistoria dei siste fire åra, at solstormar er like rundt hjørnet, og at dei er dårlege, og at det kan øydeleggje elektronikken vår. Vel i røynda er dette sant om det er den rette typen, og det er jo nettopp den rette typen. Vi har ikkje sett slikt, trur eg, sidan midten på 1800-talet.»

Nord-Amerika vil oppleve ei total solformørking måndag 8.april, som byrjar rundt 11:07 om dagen, Stillehavstid, på Mexico sin stillehavskyst. Frå der vil formørkinga deretter gå gjennom USA og krysse – i følgjande rekkjefølge – Texas, Oklahoma, Arkansas, Missouri, Illinois, Kentucky, Indiana, Ohio, Pennsylvania, New York, Vermont, New Hampshire og Maine.

Formørkinga vil òg vere synleg frå mindre delar av Tennessee og Michigan. Etter Maine vil formørkinga halde fram gjennom Canada i sørlege Ontario, Quebec, New Brunswick, Prince Edward-øya og til slutt Cape Breton.

Holt la til at fysikarar òg åtvarar folk mot Schumann-resonansen, som er frekvensar som kan føre til at menneskeheita misser alt.

Han peikte ut at den føderale regjeringa åtvarar amerikanarar mot slike ting og ber dei om å gjere noko, og det kan berre tyde at dei må gjere det fordi regjeringa veit noko som folk flest ikkje veit noko om.

Ei mogleg EMP-hending må ikkje takast for gjeven

Holt sa at potensialet for ei EMP-hending ikkje må takast for gjeven, og kvar amerikanar må førebu seg på å ta seg av familien og lokalsamfunnet. […]

Han la vekt på at folk ikkje burde fjerne EMP-trugselen frå lista av ting dei treng å bekymre seg for.

Holt gav folk òg råd om å gjere undersøkingar og få vern mot eit EMP-åtak ved å ha kostnadseffektive middel slik som ein Faraday-behaldar. Mange ting kan skje under ei EMP-bølgje, og det å beskytte elektronikk mot pulsen slik som eit Faraday-bur kan hjelpe folk.

Nolan sa at dette er underlege tider, og at bodskap, åtvaringar, katastrofeerklæringar og kriser i ymse delstatar ikkje er i samsvar med historia, og alle potensielle farar som ei solformørking kan utgjere.

Holt sa at der finst massevis av guidar på nettet om korleis ein lagar Faraday-liknande greier for folk som ikkje har verken tid eller pengar, som vil late dei kome seg velberga gjennom stormen. Han la so til at verdifull elektronikk burde bli prioritert for desse bura, slik som smarttelefonar, leidningar, batteri og annan elektronikk folk treng.

General Blaine Holt sitt intervju kan sjåast her. Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget