Møtet på Nordre Toppe

Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er fiktive.

Det er framleis fullt dagslys ute klokka seks om ettermiddagen ute på Nordre Toppe – det største burettslaget på Vestlandet. Utanfor det lokale møtehuset har der samla seg ein skare med menn og kvinner godt over pensjonsalder. Dei mange kvithåra hovuda hinkar og skumplar seg ved hjelp av stokk eller rullator inn i det varme lokalet, der det luktar nytrakta kaffi, fyrstekake og nysteikte vaflar. Trass den tilsynelatande gode stemninga, er det ikkje eit treff i den lokale pensjonistklubben som skal finne stad i kveld.

Dørene lukkar seg med eit autoritært drønn. Snart står det kaffikoppar, vaflar og fyrstekaker med ein dæsj piska krem på alle bord. Ute er skyene gråe og illevarslande. Det ligg regn i lufta som ventar utolmodig på å falle. Låg mumling summar i lokalet. Dei fleste pratar på ingen måte om vêret.

I enden av lokalet har det blitt rigga til ei lita scene der det står eit bord, eit mikrofonstativ og ein gammaldags overhead. Apparatet vart brukt rundt om på diverse skular tilbake på 1990-talet, før moderne berbare PC-ar og smartbrett eksisterte. På veggen heng eit kvitt lerret.

Ein gammal kall på godt over nitti stavrar seg – med visse vanskar – fram til scena. Det er Jacobsen, pensjonert norsk-, tysk- og historielærar. Han tek på seg to par lesebriller og myser på transparentane, altso arka som skal liggje på overheaden. Han bøyer seg – med visse vanskar – og skrur på den gamle, trufaste maskina, som var topp moderne teknologi sist denne eldre herren underviste. So tek han av seg det eine brilleparet og legg det i brystlomma på den blågrøne Dressmann-skjorta. Han vender seg mot mikrofonstativet som står like ved overheaden.

«Kjære forsamling,» seier han på velklingande bergensk. – «Takk så meget for at dere kunne komme her nu i kveld. Vi har meget på programmet, og altfor liten tid.» Han får eit dystert uttrykk i det rynkete ansiktet. – «Dette e en hastesak. Nu må noget gjøres.»

Han legg på den fyrste transparenten. Eit bilete av sjølvaste Morfin-Mona dukkar opp på lerretet. Ho står der poserande i kvit pleieuniform med ein ufyseleg grimase i det feite, pløsete trynet – det er truleg meint å vere eit smil. Ho held eit Pride-flagg i den vesle neven. Biletet er mest sannsynleg henta frå Facebook. Oppe i hjørnet av biletet er det redigert inn eit Ukraina-flagg. Dei vel 30 seniorane i lokalet gispar og mumlar seg i mellom. Ei av dei gamle damene, ei med tre perlekjede og sjøgrøn kjole, held seg til brystet medan frykt og hat lyser i auga hennar. Ei venninne trøystar ho og stryk ho på ryggen.

«Denne såkalte sykepleiersken, som går under kallenavnet Morfin-Mona,» held lærar Jacobsen fram. – «har desimert eldre i Bergen og Hordaland fylker i flere tiår. Myrderiene har pågått uden stans og uden nåde! Hon e en trussel mot oss eldre, og nu har vi fått nok! Selv var eg innlagt på korttidsavdelingen på sykehémen hon jobbar på tilbage i 2017, og eg vågner fremdeles om natten med de fæleste mareritt! Flere av mine tidligere venner, og flere i nærmeste familie, spesifikt min eldre bror og yngste søstar… Di va ikkje så heldige. Di lever ikkje nu.» Han held seg til brystet og sukkar tungt. Resten av lokalet sukkar med han i djupaste empati.

«Eg mistet tre søstrar og fire brødre til dette monsteret!» utbryt ei dame på godt over 90, skjelvande av sinne. – «Hon avlivet di i kaldt blod! Eg tror til og med hon stod der og lo mens hon tok di av dage!»

«Et skrekkelig fruentimmer!» utbryt ei anna eldre dame.

«Ufyselig og morderisk som få!» utbryt ei anna.

«Min sønn sier til meg at hon i søvne fantaserte om å myrde meg!» utbryt ein eldre herre som viser seg å vere ingen ringare enn oberst Einarsen. Han går no med krykker. – «Hvit som et laken i ansigtet spurtet han sporenstreks til administrasjonen og krevde meg flyttet til en annen sykehém! Det va nok det som reddet livet mitt, ellers hadde eg ikkje sottet her i dag. Då hadde eg logget på gravlunden på Solhjem!»

«Kor blev De flyttet?» spør ei dame nysgjerrig.

«Siljuslåtten,» svarer oberst Einarsen. – «Det liggar i andre enden av by’n, men min sønn og tre døtrer var bare glade til! Eg lever nu fremdeles, i det mindste.» Han grøssar seg.

«Dåkkar vil ikkje tro ka som skjedde med meg!» utbryt ein annan eldre herre, som viser seg å vere Syvert. – «Eg ble dopet ned og fikk verken tørt eller vått, frem til selveste sykehémslegen grep inn og fikk meg bort derfra i en drosje! Då va eg på dødens rand!»

«Var det Morfin-Mona det også?» spør ei anna dame nysgjerrig.

«Ja, det va hon!» Syvert nikkar bestemt. – «Eg glemmer aldri den stemmen! Di små, kalde griseøgene! Alle morfinsprøytene som hon stakk i meg som om eg skulle vært en nålepute!» Han sit der og skjelv medan tårene pressar seg på.

«Stakkars Dem!» seier dama ved sida av han og stryk han på skuldra. – «Selv mistet eg et av oldebarnene mine. Hon hoppet fra Askøy-broen etter at Morfin-Mona fikk hon oppsagt!»

«Ja, huff, det var grusomt!» utbryt ei anna eldre dame. – «Eg leste om det i avisen! Det var skrekkeligt!»

Lærar Jacobsen borte ved scena kremtar for å påkalle merksemd. Summinga stilnar og dei mange kvithåra hovuda vender seg mot han.

«Då e vi alle enige om at Morfin-Mona e vår fiende,» seier han med malmtung røyst og lynande auge. Han fjernar transparenten av det stygge trynet og legg på ein ny. Denne gongen dukkar biletet av Midazolam-Merete opp. Igjen grøssar alle seg. – «Dette e honnes medskyldige, Merete. En djeveltøs av en annen verden, syk i hovvet. Hon blev avskjediget efter at lederen på korttidsavdelingen oppdaget at hon og Morfin-Mona hadde forklart seg uriktig om flere ansatte, med det resultat at disse dyktige pleierne blev oppsagt. Nu e hon vaskekone i et større vikarbyrå, KarmaCare

«Eg har hørt at det ikkje kun e vasking hon drivar med der,» seier dama med dei tre perlekjeda, før ho klukkler. Fleire andre damer rundt ho klukkler med ho.

Biletet av Merete forsvinn temmeleg kjapt. So dukkar det opp ein transparent med bilete av to menn. Den eine er Arve, ektemannen til Mona, medan den andre er ektemannen til Merete, som her forblir namnlaus.

«Dette e mænderne til henholdsvis Morfin-Mona og Midazolam-Merete,» seier lærar Jacobsen. – «Som dere sikkert vet, e di to sykepleierskene og drapskvinderne av den sapfiske natur

«Ka sa han?» mumlar fleire av dei eldre lettare forvirra.

«Di e sånn derre homofile!» utbryt ei av dei andre eldre damene med store auge.

«Ååååå?» utbryt mange rundt dei.

«Man skal høre meget før ørene faller av!» seier dama med tre perlekjede medan ho ristar på hovudet. – «Tenk, to damar som har seg med hverandre!»

«Ektemakene e lykkelig uvitende om denne utroskaben,» seier lærar Jacobsen. – «Men ikkje så lenge nu. Mine damar og herrar, eg har ikkje kun innkalt dere til dette møde for å eksponere ondskab! Eg har nemlig en plan!» Han fjernar transparenten og legg på ein ny. Der står det ei liste med fleire punkt. Fleire av dei eldre myser på transparenten, før dei leitar etter brillene sine i ymse lommer og vesker.

«Gud nåde meg!» utbryt Syvert med store auge. – «Du menar alvor!»

«Visst pokkar gjør eg det!» nærast snerrar Jacobsen.

«Dette e en plan hentet rett fra Fandens lærebok!» utbryt oberst Einarsen. – «Men hvert eneste punkt e særdeles velfortjent!»

«Aksjonen starter med første punkt i morgen klokken syv null null,» seier Jacobsen, før det gamle ansiktet hans formar seg i eit diabolsk smil.

Liknande nifse smil av djupaste skadefrygd formar seg i resten av fjesa. So byrjar dama med tre perlekjede å le. Latteren rungar like etterpå i lokalet. Lynet flerrar over himmelen og overjordiske, nesten guddomlege toreskrall drønnar. Latter og toreskrall fyller veggane i møtelokalet til Nordre Toppe burettslag.

Lesaren vil ikkje eingong vete kva dei hemngjerrige seniorane har tenkt å gjere med Morfin-Mona og Midazolam-Merete. Her er det best å dele ut informasjonen i små munnfullar i slengen – eller, som dei eldre bergensarane sjølve ville ha sagt: «pø om pø».

Kommenter innlegget