Det mange ikkje er klar over, er at landsbyen Horisont som omkransar kjøpesenteret ved same namn i Myrdal i Åsane, er den norske djupstaten sitt 15-minuttsbyprosjekt, der innbyggjarane blir overvaka til ei kvar tid. Då surrar ein eismal drone rundt i dette urbane landskapet og filmar alt den ser, medan ein feit, litt rar 28-årig vektar sit i eit videorom på kjøpesenteret og følgjer nøye med.
Akkurat no surrar denne dronen forbi vindauget til Midazolam-Merete, som bur i fjerde etasje i ei av desse blokkene. På dette tidspunktet har ho sex med ektemannen Egil, som ho har vore gift med i ti år og kjærast med i femten. Ho ligg der stille som eit lik medan han ligg over ho og pumpar ivrig i veg. Ho slepper frå seg eit og anna klynk, berre slik at han ikkje skal tru at ho har sovna eller dauda. Vektaren borte på Horisont flirer med eit skummelt flir, og heile akta blir spelt inn for vidareformidling til E-tenesta. Dei elskar slik porno, og han kan forvente seg litt ekstra lønn neste månad for denne videoen.
Egil kjem med eit brak medan Merete himlar med auga. Ho var ikkje i nærleiken av å få orgasme, for ho er eigentleg ikkje interessert i menn. Perleøyredobbane glitrar saman med dei blotta tennene der ho ligg og smiler sitt falske flyvertinnesmil. Rundt halsen glitrar det eit sølvsmykke med eit hjarteforma, diamantinnsett anheng, som var julegåva ho fekk av den desperate, forsmådde ektemannen. No er det 1.januar 2024. I morgon skal ho endeleg på jobb og møte si kjære Mona, eller «Monalisa» som ho ertent kallar ho når ho vil få den korte, korpulente kosedama kåt.
Ho reiser seg elegant opp og går over til vindauget. Kliss naken står ho der og ser ut på det aude landskapet. Det er mørkt ute, og ikkje ei levande sjel er å sjå nokon stad. Ho trekkjer føre gardinene, før ho spankulerer med rak rygg og nasen i sky ut i den digre stova. Dei tre døtrene Thea, Serine og Clementine (høvesvis 8, 12 og 15 år gamle) er ute og går nyttårsbukk, men dei har fått streng beskjed om å vere tilbake til klokka åtte. No er klokka halv åtte.
Den 37 år gamle sjukepleiaren plukkar opp sin lekre, rosa smarttelefon og ser om Mona har sendt ho nokre pirrande tekstmeldingar. Det har ho. Merete smiler frå den eine perleøyredobben til den andre. Det står å lese:
Hatt ei fin nyttårsfeiring, Merete-pusen?
Ho vender sitt vakre, isblå blikk mot badet, der Egil står og pissar og fis. Ho himlar igjen med auga. Deretter tekstar ho:
Drepande kjedeleg, Monalisa 😉 Du var jo ikkje der… [hjarte]
Ho kler på seg ein lekker, havblå tunika og eit par kvite bukser. Då tikkar det inn ei melding til. Ho plukkar opp telefonen, les meldinga og smiler so søtt:
Gud, som eg saknar deg, kjære. Eg har so lyst på deg akkurat no.
Egil kjem ut frå badet, og Merete legg raskt telefonen frå seg på salongbordet, naturlegvis låst.
«Vel, no var denne jula over,» seier han i det han slengjer seg ned i sofaen og skrur på TV-en. – «Kvir du deg til å fare på jobb igjen?»
«På ingen måte,» seier Merete med eit breitt glis. Det kjem ei melding til på telefonen hennar. Ho plukkar den opp og går ut på kjøkkenet. Det er nok ei melding til frå Mona, som sit i andre enden av byen og lengtar etter ho.
Meldinga kjem derimot frå eit nummer ho ikkje kjenner. Det isblå blikket flakkar over skjermen, og det søte smilet forsvinn frå ansiktet hennar. I meldinga står det:
Eg veit kva du og Mona EIGENTLEG driv med på korttidsavdelinga…
Den høge gudinna med perleøyredobbane og det glitrande, dyre smykket blir likbleik i trynet. Ho ser faktisk ut som ho skal eksplodere. Den digre smartby-leilegheita blir med eitt for lita for ho. Heile Bergen bykommune blir brått for liten for ho. Sjølve hudlaget som omgjev kroppen hennar blir litt for stram og kvelande. Hjartet hamrar i brystet og auga blir fylde av tårer.
Etter å ha summa seg, føretek ho eit nummersøk. Det kjem ingen resultat. Ho går i sirklar rundt om på kjøkkenet. Meldinga er mildt sagt tvitydig. Refererer avsendaren til deira seksuelle eskapadar på medisinrommet, eller til dei nærast daglege mordrundane? Hadde ho ikkje vore so glad i det vakre, blonde håret sitt, hadde ho rive det av seg!
I mellomtida, ute i eit digert hus på Kokstad, misser Morfin-Mona all farge i ansiktet der ho sit i stova med ektemannen. Han sit og glaner på sport, totalt i si eiga verd. Den gråhåra kjetta ser ut som nokon har drylt til ho i magen og helt ei bøtte iskaldt vatn over ho. Auga held omtrent på å sprette ut av skallen på ho. Med hjartet i halsen vrir ho seg ut av sofaen og luntar gjennom den digre stova ut på kjøkkenet.
Ho prøver å ringje dette ukjende nummeret. Ingen svarer. Deretter tekstar ho Kven er du??. Det kjem aldri noko svar.
Nokon veit kva dei driv med på jobb! Åh, faen, no er hundre og eitt ute! So fort ho kjem på jobb i morgon, må ho og Merete ta ein sjekk av telefonlista over tilsette for å finne ut om nummeret tilhøyrer ein av dei. Å ringje Merete no er altfor farleg, og i og med at Merete enno ikkje har ringt ho, tydar på at ho har den same vurderinga.
Ho hiv etter pusten so dei digre puppane nesten eksploderer. Dei neste tolv timane kjem til å bli dei lengste i hennar liv.
**
Det er to likbleike dødsenglar som møter kvarandre i damegarderoben tysdag morgon i sjutida. Dei fisande veganarjentene aner fred og inga fare der dei står og skravlar og prompar medan dei skiftar til dei kvite, søte pleiaruniformene. Snart er Mona og Merete òg kledde i uniform, og dei går saman til heisane som skal ta dei opp til korttidsavdelinga i sjette etasje. Med vilje tek dei ein heis for seg sjølv. Merete har på seg det lekre sølvsmykket og perleøyredobbane. Ho er vakrare enn nokosinne i Mona sine auge. Ingen av dei har smakt eit sekund søvn den natta.
Den høge, hengslete blondine-sjefen ser bleik og herja ut i det 35 år gamle trynet. Ho nærast bykser til inne på kontoret då Mona og Merete kjem ut av heisen. Dei mønstrar ho frå topp til tå. Ho er ulasteleg kledd i ei blå dressjakke, ei kvit skjorte og eit par svarte dressbukser. Gulløyreringane dinglar komisk på kvar side av hovudet. Eit gullsmykke med bokstaven «L» glitrar rundt den magre, lange halsen.
Merete og Mona vekslar blikk med kvarandre.
«Godt nyttår,» seier Mona med sitt falske, falske smil. Ho ser ut som ho skal drite på seg. Merete ser ut som ho skal kaste opp.
«Godt nyttår,» svarer leiaren med ei skjelven stemme. – «De kan gå inn på vaktrommet og få rapport av nattevakta. Sjølv må eg førebu eit møte, so eg blir utilgjengeleg etter lunsj. Møtet skal finne stad klokka tolv nede hjå HR-leiaren.»
«Øh, beskjed motteken,» seier Mona.
Dei to går nedover den lange korridoren.
«Dette lover ikkje godt,» seier Merete stille. – «Sjefen er kledd som om ho skal møte sjølvaste ordføraren. So formelt kledd er ho berre dersom ho skal møte ein advokat.»
«Hmm, det kan vere eit drøftingsmøte,» svarer Mona i det dei går forbi kjøkkenet. Der duftar det kaffi og kokt egg, laga av nattevakta. – «Dessutan sa ho ingenting om at vi skulle vere med. Dette handlar sikkert ikkje om oss.»
«Vel, eg har ei særs dårleg magekjensle,» seier Mona, før ho smiler so kjeven knakar til den trøytte, slitne nattevakta då dei går inn på vaktrommet.
Steg og prompelydar høyrest ute i gangen. Inn kjem dei tre søte stinkbombene av nokre veganarjenter. Dei sit seg lydige og underdanige ved bordet og ser med store, tindrande, tillitsfulle auge på nattevakta.
Morgonstell av pasientane er ein kjapp affære sidan det jo berre er sju igjen etter mordrunden førre veke. Under lunsjen sit leiaren inne på kontoret og berre pirkar i maten. Mona og Merete står omtrent og spionerer på ho gjennom ei glipe i persiennene på glaset. Kvart på tolv ser dei at den høge fyrstikk-blondina omtrent spring ut av kontoret. Ho tek trappa og ikkje heisen, til det er ho nok altfor skjelven og nervøs.
Veganarjentene får med seg alle sju pasientane ned på nyttårsgudsteneste i fyrste etasje halv eitt, slik at avdelinga står tom igjen. Fem over eitt kjem leiaren opp igjen, denne gongen med heisen. Ho ser ut som ho har kjempa i to verdskrigar og tapt begge. Ho er tomatraud i trynet. Framleis synleg skjelven og nervøs går ho med raske steg inn i avdelinga og bort til døra til vaktrommet, der Mona og Merete står trippande. Ho stoppar fleire meter i frå dei.
«Mona,» seier ho med ei skjelven gravrøyst. – «Vi to må ha oss ein prat inne på kontoret mitt.» Ho vender so dei fryktlynande auga mot Merete. – «Og deg må eg snakke med etterpå.»
Mona snur seg med raude auge mot Merete i det ho går etter sjefen bortetter korridoren. Ei lita tåre trillar ut av augekroken på Merete der ho nesten usynleg vinkar til ho med fingrane.
Er dette slutten? Er spelet deira avslørt?
Den blonde dødsengelen blir hjelpelaust offer for sitt livs fælaste panikkanfall.
