Ein aldri so liten cowboystrekk på korttidsavdelinga (fleire drapsfantasiar, folkens!)

Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er fiktive.

Sjå òg «Drapsfantasiar på korttidsavdelinga», publisert 3.april 2024.

Klokka er på slaget to og det er ein sjeldan pause i slitet på den konstant underbemanna korttidsavdelinga som alt helsepersonell ser ut til å sky som pesten for tida. Ute regnar og blæs det, skyene er mørkegrå og meteorologisk illevarslande. Det er ein uuthaldeleg vanleg tysdag, og ein mannsalder igjen til helga. Mona har stelt, varta opp og dulla med fem «ubrukelege etarar», inkludert den etter kvart so berykta oberst Einarsen – han gamlingen med beinbrot som ser ut til å leve i den villfaringa at han har hamna på hotell. Dei små, brune griseauga hennar er tunge som blylodd, og ho har nokre tusen ord å skrive i rapporten. Den korte, korpulente mordarmegga med dei enorme, struttande jura landar som ein sekk poteter på kontorstolen inne på det vesle kontoret ved sida av vaktrommet – «konspirasjonskottet».

Ho er so trøytt at auga går i kryss. Ho berre lukke dei litt. Trass alt skal ho køyre heim igjen i tettaste rushtrafikken. Det blir for dumt å sovne bak rattet og skade seg sjølv og bilen.

Snart sit Mona der rett opp og ned og snorksøv med gapande kjeft og drypande slev.

Den uslåelege trioen Ivar, Jannike og Viktoria kjem ut frå kvart sitt rom. På kjøkkenet står oppvaskmaskina og durar og går – 16 bebuarar har fått servert lammekjøt med poteter, kålrabi og gulrøter til middag. Og ein liten «murstein» med karamellpudding med søt, herleg saus og ein dæsj piska krem. Vanlegvis blir middagen servert 15:30 på vekedagar, men kjøkkenet valde å servere middagen klokka 13 i staden for – ingen veit kvifor.

Dei tre kastar trøytte blikk mot kvarandre. Sjølv den rutinerte og erfarne Ivar er synleg sliten. Jannike ser ut som ho skal krepere, medan Viktoria går ein tanke ustøtt. Dei går inn på vaktrommet for å forfatte lange og detaljerte rapportar. Ut or lommene fell det ein haug med lappar med livsviktige målingar sirleg nedskrivne. Dei humpar ned framfor kvar sin PC og loggar seg inn. Dei skriv og knatrar i veg.

«Kor er Mona?» spør Jannike. Jentestemma hennar går ned ein oktav i rein forakt når ho seier «Mona».

Brått kjem det eit høgt snork frå det vesle kontoret. Dei tre snur seg sakte mot det.

«Ho er tydelegvis inne på konspirasjonskottet,» seier Ivar.

«Konspirasjonskottet?» spør Jannike forundra.

«Du vil ikkje vete det,» seier Ivar.

Akkurat då troppar nestleiar Sandy opp i døra kledd i same kvite pleieuniform som resten av gjengen. Ho ser uforskamma energisk og motivert ut, og luktar nydusja lang veg. Bak ho dukkar ein høg slåpe av ein neger opp, og smiler breitt til dei med sine kjøtfulle lepper og kritkvite tenner.

«Hallaisen, folkens!» utbryt Sandy og klappar hendene saman. – «Då er eg og M’Ukulele frå KarmaCare klare for kveldens dyst!»

«Er det berre de to som skal jobbe i kveld?» spør Ivar.

«Det går so fint so!» seier Sandy med eit smil som stivnar meir og meir. – «Vi jobbar for tre kvar! Då er det det same som om det skulle ha jobba seks tilsette på denne kveldsvakta!»

«Øh, det må vel vere i strid med bemanningsplanen,» seier Ivar stille.

«Det kjem til å gå fint fordi eg seier det!» seier Sandy, før ho tek eit rapportark til seg og vikaren. Dei set seg ned akkurat i tide til å få kaffi skjenkt til seg av den servilt smilande Viktoria. – «So… Vi er klare. Fyr laus.»

Akkurat då kjem eit nytt høgt snork inne frå konspirasjonskottet. Alle snur seg mot det.

«Øh…» byrjar Sandy.

«Mona måtte ta seg ein cowboystrekk,» seier Ivar. – «Ikkje bry deg om ho. Eg skal vekkje ho når vi er ferdige med rapporten. Vakta vart litt for tøff for ho.»

«Ja, ho er ikkje akkurat ein ungdom.» Sandy himlar med dei vakre, filipinske auga.

«Vel, 618 er diverre død,» seier Ivar. – «Det var venta. Han døydde i titida, og Viktoria og eg har utført mors-prosedyre på han. Temperaturen i rommet er skrudd av, og vindauget er ope. Pårørande og gravferdsbyrå er kontakta.»

Sandy nikkar alvorleg i det ho noterer fort og ivrig.

«Og oberst Einarsen har forresten besøk av pårørande,» seier Jannike.

«Her bruker vi romnummer,» seier Sandy vennleg.

«Åh, beklagar,» seier Jannike stille med eit audmjukt smil.

«Kven er det som er hjå han?» spør Sandy.

Akkurat då dukkar det opp ein høg, rakrygga, blond kar som er knakande kjekk. Han er ulasteleg kledd i dressjakke og sølvgrå Gant-genser.

«Han som står i døra no, sonen hans,» svarer Jannike. Dei snur seg mot han. – «Hei, Thomas-Anton. Vi har litt rapport akkurat no.»

«Ah, so avløysinga er komen,» seier sonen. – «Det var bra. Eg vil berre seie at faren min ønskjer å gå på do. Nummer ein. Då er det nok med tisseflaske i senga.»

«Jannike, kan du gå og hjelpe han?» spør Sandy.

Jannike skal akkurat til å reise seg, då følgjande ord lyd frå det vesle kontorkottet der Morfin-Mona snorksøv:

«Hihi, Merete-pusen, då…!! Du veit eg blir kåt av å bli kalla Monalisa…!! Mmmm, ikkje kyss meg sånn i nakken, eg blir gaaaaal…!! Midt under eit mors-stell i tillegg…!!»

Alle i rommet, inkludert Thomas-Anton, nærmar seg kontorkottet med små, nølande steg. Alle kik dei inn på Mona, som ligg der og flirer nett som ei lita jente medan slevet renn nedover munnvikane og den feite, korte halsen. Det ligg ei tung lukt av våt fitte i rommet. Jannike tek opp smarttelefonen sin for å filme, men Ivar fører bryskt telefonen hennar ned igjen i lomma på uniformsskjorta medan han ristar på hovudet.

«På tide å gå mordrunde igjen, pus…!!» kurrar Mona, før ho flirer igjen. – «Ubrukelege etarar…!! Natt-i-natt…!! Dei må alle døøøø…!!»

Det går eit forskrekka gisp gjennom flokken.

«Meir morfiiiin…!!» stønnar Mona. – «Åh, sleik meg hardare, pus…!! No kjem eg kvar augneblink…!!»

Alle har hakeslepp. Thomas-Anton står der med ein perpleks grimase. Han trur knapt sine eigne øyre, og det gjer sannsynlegvis ikkje resten av gjengen heller. Eit særs obskønt stønn kjem frå den tilårskomne, gråhåra kjerringa.

«Åh, som eg hatar oberst Einarsen…!!» utbryt ho brått. – «Firedobbel dose morfin…!! Ei pute dynka i iskaldt vatn over trynet hans…!! Han må døøøøøøø…!!»

«Åh, du hendelse…» seier Thomas-Anton stille. – «Ligg ho der og drøymer om å drepe faren min?»

«Ho slit litt for tida,» seier Sandy. – «Ektemannen sit inne, og dottera blir valdteken av ein hagemann

«Ein hagemann.» Han står der lettare himmelfallen. – «Ja, det skjer med systera mi òg. Øh… Er det trygt at–» Han bøyer seg fram og les namneskiltet. – «–Mona får gå fritt i avdelinga? Tenk om ho faktisk drep faren min ein sein kveld? Han har ganske sterke meiningar om ting.»

«Eg trur ikkje du bør overtolke det ho seier,» seier Ivar stille.

«Døøøø, Einarsen, ditt svin…!!» stønnar Mona, før heile den feite, korte kroppen rykkjer til i orgasmiske rørsler. Ho klynkar og rautar vel og lenge. So opnar ho auga og strekkjer på seg medan ho bit seg ømt i leppene. Jura ser ut som dei skal eksplodere.

Ho vender seg mot døra og ser eit hav av stirande auge og gapande kjeftar. Den motbydelege gratispa blir sprutraud i trynet der ho sit og vrir på seg.

«Eg… eg sovna visst,» seier ho med eit fårete smil. – «Har… Har eg snakka i søvne?»

«Nei, nei, nei, vi høyrde ingenting,» svarer Ivar raskt før nokon andre får snakka.

«Går det bra med deg?» spør Sandy. – «Kanskje du skal få gå heim. Det har vore ei intens vakt, har eg høyrt.»

«Ja… Ja, den var ekstremt intens…» Mona greier sovidt å reise seg frå stolen. Ho er framleis i ørska etter den intense, erotiske morddraumen. – «Eg er plaga med migrene for tida, og då søv eg dårleg. Eg har byrja på ny allergimedisin òg, eg blir døsig av den.» Ho trippar lett sjagande forbi dei og gjennom vaktrommet. – «Då… Då snakkast vi på seinvakt i morgon!»

«God fri,» seier Sandy. Mona tuslar ut av rommet og nedover den lange korridoren.

Resten av dei står djupt bekymra tilbake. Det er so stille at ein kan høyre ein morfinampull falle.

«Eg… eg trur eg vil flytte faren min til ein annan sjukeheim,» seier Thomas-Anton til slutt. – «Helst før seinvakt i morgon.»

Kommenter innlegget