Ethan Huff i Natural News skriv:
Det har no kome fram i lyset at den kontroversielle diabetes- og slankemedisinen Ozempic (verkestoff semaglutid) inneheld gift frå Gilaøgla. Gilaøglegift inneheld eit naturleg stoff som regulerer svolt. Det liknar i samansetning på eit hormon produsert i tarmane i menneskekroppen, men øgleversjonen skal seiast å vare mykje lenger.
Denne sørvestlege øgla er den einaste typen øgle i Nord-Amerika som produserer gift. og den gifta blir no brukt ikkje berre i Ozempic, men òg i ei rekkje andre «bestseljar»-legemiddel mot overvekt som inneheld GLP-1, forkorting for glukagon-liknande peptid-1.
Business Insider, som med dette bekreftar det dr. Bryan Ardis òg fann ut, rapporterte om gilaøgle-gifta som er å finne i Ozempic, og forklarer at når den blir konsumert av menneske, etterliknar den nøkkelhormon som får ein person til å føle seg «mett», noko som altso reduserer appetitten.
«Aukande behov for desse typane legemiddel, som etterliknar nøkkelhormon som får oss til å kjenne oss mette, har ført til alvorleg mangel på GLP-1 dei siste månadene,» åtvarar Business Insider.
«Men før semaglutid vart favorittsprøyta i Hollywood, oppdaga vitskapsfolk at stoff i gifta til gilaøgler kan hjelpe legemiddel-utviklarar med å lage betre diabetesmedisinar enn dei nokosinne har klart.»
(Relatert: Visste du at under «pandemien» testa Wuhan-koronavirus (covid-19)-pasientar positivt for gift-peptidar i blodplasma og avføringsprøvar?)
Øglegift produserer fleire timar med anti-svolt
Det var dr. John Eng som fyrst oppdaga tilbake på 1990-talet at gilaøgler produserer eit spesielt hormon i gifta si som etterliknar det svoltregulerande hormonet som naturleg blir produsert i mennesketarmen.
«Hjå menneske blir det kalla glukagon-liknande peptid-1,» forklarer rapportar. «Hjå gilaøgler gav Eng det namnet exendin-4.»
Medan GLP-1 berre varer i nokre minutt, bruker exendin-4 fleire timar på å bli brote ned, noko som gjer det til ein mykje meir effektiv svoltregulator. Ideen er at dei som tek Ozempic og andre GLP-1-legemiddel berre vil måtte gjere det so og so ofte, i motsetnad til fleire gonger per dag.
Etter å ha gjentekne gonger prøvd, men mislykkast, i å selje etablissementet GLP-1, tok Eng patent på det naturlege molekylet i 1995 – dette er problematisk i seg sjølv, forresten, fordi naturen aldri burde takast patent på.
Til slutt gjenskapte derimot Eng GLP-1 som eit syntetisk hormon ved namn exteatide som vart godkjent av amerikanske Food and Drug Administration (FDA) i 2005 for å behandle type 2-diabetes.
Måten det fungerer mot diabetes på, er at når blodsukkernivået til ein person er høgt, sender GLP-1-legemiddel signal til bukspyttkjertelen om å utskilje meir insulin. Dei sender òg signal til hjernen til personen og gjev kroppen beskjed om å føle seg mettare etter å ha innteke mindre mat.
GLP-1 får òg fordøyinga til å gå langsamare, og endrar måten kroppen til ein person gjer mat om til energi.
Dei tidlegaste utgåvene av extenatide måtte takast to gonger om dagen, men nyare utgåver av det syntetiske hormonet varer lenger, og treng difor ikkje takast so ofte.
«I dag blir dei fleste GLP-1-ar injiserte éin gong om dagen, eller berre éin gong i veka,» indikerer rapportar. «Men dei ville udiskutabelt ikkje ha vore her om det ikkje hadde vore for arbeidet til Eng – som skapte det aller fyrste GLP-1-legemiddelet.»
Når det gjeld Novo Nordisk, selskapet som lagar Ozempic og eit anna liknande legemiddel ved namn Wegovy, har gilaøgler ingenting å gjere med selskapet si oppdaging av extendin-4, som visstnok var «basert på GLP-1-biologi hjå menneske».
På same tid innrømmer Novo Nordisk at extendin-4 har ein «GLP-1-liknande effekt», og det faktum at det finst hjå gilaøgler er «eit viktig bidrag til feltet», sidan det førde til utviklinga av det aller fyrste injiserbare legemiddelet i sin klasse.»
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
Sjå òg «Slankesprøyta Wegowy har HORRIBLE biverknader, men Big Pharma tener fleire titals milliardar i året på den», publisert 5.desember 2023, og «Slankemedisinen Ozempic får skulda for at damer utviklar PERMANENT diaré og tap av tenner», publisert 26.januar 2024.
