Som forventa gjekk juksemakar Ingvild Kjerkol av som helseminister – vil Støre finne nokon verre til å overta?

Fredag 12.april klokka 10:30 fann det stad ein pressekonferanse med statsminister Jonas Gahr Støre og helseminister Ingvild Kjerkol. Temaet var den mykje omtala plagiatsaka til Kjerkol, og ho gjorde det einaste anstendige og gjekk av som helse- og omsorgsminister. Saka fekk naturlegvis stor merksemd i både hovudstraumsmedia og alternative media. Erling Marthinsen i Document skriv:

«Før pressekonferansen var det klart at det står i vedtaket fra nemnda at Kjerkol fusket forsettlig.»

TV 2 skriv:

«I vedtaket fra Nemnda for studentsaker ved Nord universitet, slår nemnda fast at Kjerkol jukset på sin masteroppgave med vilje.

‘Fusk i form av plagiat i et om[f]ang som her, kan ikke ha oppstått uten forfatterens kunnskap til handlingen totalt sett. Selv om nemnda kan være enige i at det i enkelte tilfeller kan være mulig å miste oversikt over kildene, kan ikke dette gjøres gjelden[d]e over såpass mange treff som nemnda har vist til. Nemnda for studentsaker har dermed kommet til at Kjerkol har fusket forsettlig,’ skriver nemnda i vedtaket, som TV 2 har sett.»

Kjerkol nekta ved fleire høve på at ho hadde juksa. Spesifikt prøvde ho seg i januar med følgjande orsaking til Dagsrevyen: «Vi har ikke kopiert, men vi har brukt samme metode og bruker da samme kildehenvisning […].»

Marthinsen i Document skriv:

«Kjerkol hevdet at det dreide seg om ‘redigeringsfeil’. Men VG fant til sammen 125 tilfeller av plagiat.»

Trøndelag Ap, der Kjerkol er fylkesleiar, har heile tida støtta ho. Støre har tidlegare erklært si fulle støtte til Kjerkol, og sagt at denne saka var mellom ho og Nord universitet. Men han måtte gje seg etter at konklusjonane frå Nord universitet vart kjent:

«Støre informerte pressen om at han har konkludert med at Kjerkol må fratre, siden denne saken får så stor oppmerksomhet at det blir vanskelig å gjennomføre jobben sin skikkelig.»

Det blir vel omtrent som at det ikkje blir riktig for ein drosjesjåfør å halde fram å køyre drosje om han blir teken i fyllekøyring. Eller at ein barne- og ungdomsarbeidar ikkje får halde fram å jobbe i barnehage dersom han blir teken i å ha seksuell omgang med barna. Det er noko som heiter å vere skikka for eit arbeid eller verv, og det blir universelt sett på som umoralsk og tillit-svekkjande å lyge, jukse eller gjere noko straffbart.

«Det var en gråtkvalt Kjerkol som takket for godt samarbeid med kolleger, for besøk på sykehus og møter med folket over hele landet.»

I det minste er gråtebileta til Kjerkol langt «finare» enn dei til Anette Trettebergstuen.

I ein annan Document-artikkel om saka seier FrP-leiar Sylvi Listhaug følgjande om Kjerkols avgang:

«Dette var det eneste riktige utfallet. Med manglende tillit ikke bare fra flere partier på Stortinget, men også fra sentrale forskningsmiljøer og studentorganisasjoner, ville det vært umulig for Ingvild Kjerkol å fortsette som helse- og omsorgsminister […].»

Ifølgje Wikipedia-artikkelen om ho, har Kjerkol òg mellomfag i psykologi frå NTNU. Enn so lenge. Den praktiske arbeidserfaringa hennar er, som hjå dei fleste karrierepolitikarar, ikkje noko særleg å skryte av: fransklærar og miljøarbeidar i Stjørdal kommune. I Støre si regjering «utmerka» ho seg ved å fyrst og fremst snakke i World Economic Forum om «nulltoleranse for feil oppførsel», og for å prøve å lure Noreg inn i den totalitære Pandemi-traktaten. Blondina var lett gjenkjenneleg i det politiske landskapet med sine stygge briller og endå styggare «vindtunnel»-frisyre, sitt nifse halvsmil og det karakteristiske gullsmykket med det mystiske symbolet som likna ein «A».

Hennar medskuldige i dette plagiatet har so langt vore anonym. No er det kjent at medforfattaren på den underkjende masteroppgåva er rektor ved Hommelvik ungdomsskole, Kristel Buan Linset. Ifølgje skulen var ho vekke frå jobb på fredag, som iNyheter rapporterte. Ho vart rektor ved skulen lenge før ho «skreiv» oppgåva. Kommunedirektøren skriv til iNyheter at han framleis har tillit til Linset, og at spørsmålet om juks ikkje er relevant.

Spørsmålet vi her i Saksyndig no stiller oss, er kven som skal overta helseministerposten. Vil Støre grave fram nokon som er endå verre enn både Høie og Kjerkol? Utfallet er umogleg å spå. Vi lever jo i interessante tider.

Sjå òg «Ingvild Kjerkol og WHO vil snikinnføre totalitære, overnasjonale pandemilover», publisert 18.juni 2023, og «‘Vår’ helseminister har svike det norske folket», publisert 26.mai 2022.

Dette er ein meiningsartikkel skrive av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget