Anette Trettebergstuen vil at media skal slutte å bruke gråtebilete frå sommarens pressekonferanse

Medier24.no (m24.no) rapporterer at tidlegare kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen vil at media skal slutte å bruke bileta frå sommarens pressekonferanse, der ho stod og grein. Ho meiner bileta ikkje er so flatterande, og at dei har eit «grønskjer» som gjer det fysiske inntrykket av ho endå verre. Det var under eit seminar for Stortingets Presselosje at Trettebergstuen kom med dette ønsket.

M24.no skriv:

«Trettebergstuen gikk av i juni etter habilitetsproblemer. Hun annonserte sin avgang i en pressekonferanse hvor hun tok til tårene. Hun ble spurt av leder i Presselosjen, Marie Melgård, hva hun tenker om bildene og videoene fra den dagen.

‘Det er ikke de mest flatterende bildene dere har av meg,’ sier Trettebergstuen, og legger til at hun ikke husker så mye fra den seansen og at hun var i sjokktilstand. ‘Men kanskje dere kan slutte å bruke det snart. Og så trenger dere ikke å legge på grønnskjær i tillegg. Det er en påminnelse fra mitt livs verste dag’.»

Dette er eit av dei sokalla «gråtebileta» som Trettebergstuen meiner er lite flatterande. På biletet har ho noko som ser ut som uvaska, småfeitt hår kjemma frå venstre mot høgre, ei kvit skjorte og ei dressjakke. Ansiktet er vride i gråt og auga er blanke av tårer. Det kan sjå ut som ho aktivt har prøvd å sjå pjusk og uopplagt ut. Saksyndig har teke eit biletsøk av Trettebergstuen for å finne meir flatterande bilete. Sjølv på dei beste bileta framstår ho ikkje som nemneverdig fotogen.

Ho sa under seminaret i Presselosjen òg at ho føler at pressa jaktar i flokk når noko skjer, «og er i det samme sporet». Ho meiner vidare at pressa ikkje må gløyme å sjekke fakta og sjekke om der finst andre meiningar, sjølv når det er store nyheiter.

At ein toppolitikar klagar over at pressa handlar uetisk, er ikkje anna enn ironisk og hyklerisk. Kor var den same kritikken då pressa i samla flokk spreidde farleg desinformasjon om covid-19 og «vaksinane», og hengde ut meiningsmotstandarar som «konspirasjonsteoretikarar» og «corona-fornektarar»? Det viser vel berre at pressa er politikarens beste venn, heilt til dei finn ein grunn til å vende seg mot vedkomande.

2 comments

  1. Trette Annette er ikke glad for bilder som viser hvor «lei seg» hun er? Pussig.
    De er så «lei seg» hele gjengen, når de tas på fersken. Bu Hu!! Krokodilletårene triller.

    Likt av 1 person

    • Enkelte er faktisk so gode skodespelarar at dei kan grine på kommando. Dei er gjerne narsissistar med eit umetteleg behov for merksemd. Og eit umetteleg behov for å fylle bankkontoen.

      Likar

Kommenter innlegget