Nettstaden The Post Millennial skriv:
Ein ny studie avslørte at betydeleg fleire mindreårige so unge som 12 deltek i brutal sex, slik som å bli teken kvelartak på under samleie.
Ekspertar åtvarar at auken skjer som eit resultat av at brutal sex blir normalisert i popkulturen, som blir gjort lettare i sin tur av kor lett tilgjengelege pornografi og sosiale media er.
Spørjeundersøkinga, som vart utført av dr. Debby Herbenick, ein forskar på seksuell åtferd blant amerikanarar, spurde 5000 studentar ved eit universitet i Midtvesten om sexliva sine, dette ifølgje New York Times.
Blant respondentane sa to tredjedelar av kvinnene at dei hadde blitt kvelt av ein partner under samleie. 40% av respondentane sa at det skjedde for fyrste gong mellom 12 og 17 års alder.
Ei tidlegare spørjeundersøking som stilte det same spørsmålet, viste at 25% av respondentane sa at dei hadde blitt kvelte.
Kveling er ein terminologi brukt for å skildre ein type strangulering der trykk blir lagt på halsen for å avgrense oksygenflyten til hjernen.
Herbenick fortalde New York Times at ho er bekymra for kor vanleg brutal sex har blitt blant unge menneske, og at alle omsorgspersonar – foreldre, lærarar og andre vaksne – burde vere merksame på trenden og dei potensielle risikoane assosiert med den.
Kvinna er vanlegvis på mottakssida av maktbrukssex, og mannen er nesten alltid den som kveler, slår eller tek pusten frå kvinna under seksuelle aktivitetar, ifølgje Herbenick sine eigne observasjonar i boka si.
Funna hennar ser ut til å indikere at mange unge menneske synest sex burde vere brutal.
Ifølgje Herbenick, når college-elevar blir spurde om kvifor dei deltek i brutal sex, svarer dei typisk at det er spennande eller vågalt. Ho trur òg at ei konstant bombardering av pornografisk materiale og eksponering for brutal sex, skaper forventingar om kva sex er meint å vere, og at skikkeleg sexundervisning ikkje blir gjeven i heimen eller på skulen.
Herbenick seier at unge fryktar at dersom dei ikkje deltek, vil dei bli kalla keisame eller «vanilla-shamed» [«vanilje-utskjemt»; vanilla er eit slangord for ordinær, «keisam» sex; oms.an.]. Ho seier at enkelte unge menn er redde for at dersom dei ikkje slår til eller tek kvelartak på partneren, vil dei ikkje bli sett på som mandige.
Ifølgje Herbenick lærer unge kvinner om brutal sex frå TikTok og memes i sosiale media, medan unge menn lærer om det gjennom pornografi. Idear om brutal sex blir òg plukka opp av begge kjønna frå venner og populærmedia, slik som TV-show og musikk, sa ho.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
