Brasil er berre nokre dagar unna å kollapse til ein Nord-Korea-liknande POLITISTAT

Ethan Huff i Natural News skriv:

I noko som nesten er ein reprise av det som skjedde i USA under det stolne 2020-presidentvalet, er Brasil på randa av ei globalistisk overtaking, dette etter at det brasilianske folket valde ein populistisk kandidat som liknar på Donald Trump, med namnet Jair Bolsonaro.

Ifølgje reportasjar er Brasil berre nokre dagar unna å bli temmeleg likt Nord-Korea når den nye globalist-regjeringa no går til åtak på ytringsfridom med betydelege hemntankar.

Sagaen tok eigentleg ei vending til det verre då den nye regjeringa i Brasil lanserte ein krig mot Elon Musk og hans X-sosialmedieplattform. Musk fekk beskjed om at han måtte følgje nye sensurreglar, elles ville han bli bøtelagt, og responsen hans var opposisjon, og ei åtvaring om at han er i ferd med å offentleggjere ei ny sanningsbombe, denne gongen om korrupsjon i den brasilianske regjeringa. […]

Den brasilianske generaladvokaten Jorge Messias erklærte, etter Musk sin motstand, at «vi kan ikkje tolerere eit samfunn der milliardærar som bur i utlandet tek kontroll over sosiale nettverk, ikkje bryr seg om juridiske ordrar, og intimiderer styresmaktene våre».

«Det er kritisk viktig for å regulere sosiale nettverk,» heldt Messias fram.

Brasil versus Musk

Under orsakinga omfattande «hattale» på plattforma, vil den brasilianske Høgsteretten at Musk skal slå ned på kontoar som spreier «feilinformasjon», eller eigentleg berre alle som står i opposisjon til den nye styrande regjeringa.

Den brasilianske høgsterettsdommaren Alexandre de Moraes gav ordre om full etterforsking av Musk, og der X sin Global Government Affairs-konto etterpå bekrefta at «visse populære kontoar i Brasil» har blitt blokkerte frå plattforma etter ordre frå styresmaktene.

X har so langt ikkje lov til å avsløre kva slags kontoar som har blitt blokkerte, og plattforma har bekrefta at til og med dei veit ikkje kvifor innlegga vart fjerna, eller kva slags lover innhaldet på desse kontoane visstnok braut.

På laurdag [13.april 2024] braut Musk ordrane frå den brasilianske regjeringa ved å erklære at alle sensurerte kontoar kom til å bli fullt gjenoppretta, fordi det etter hans meining er grunnlovsstridig å halde dei sensurerte.

De Moraes, etter at Musk gav han ordre om å gå av eller bli stilt for retten, skulda Musk for å lansere ein «desinformasjonskampanje», «leggje til rette for ordrenekt og å forhindre at lova blir følgt», og «å erklære at plattforma vil slutte å følgje ordrar frå den brasilianske domstolen relatert til blokkering av profilar, kriminelle og som spreier falske, bedragerske nyheiter».

X vil bli bøtelagt 20 000 dollar per dag per konto, for kvar konto-reaktivering, ifølgje den brasilianske regjeringa.

«Den brasilianske venstresida hata han heilt til han tok på seg rolla som sjefssensurerar og byrja å sensurere, visstnok, alle som den brasilianske venstresida ser på som sine fiendar,» kommenterte den uavhengige journalisten Glenn Greenwald, som ein gong vart tiltala for å utføre «cyberkriminalitetet» i Brasil, om de Moraes.

«Spesielt Bolsonaro-støttespelarar. Inkludert å gje ordre om arrestasjon av Kongress-medlemmer, og at journalistar får heimane sine ransaka og konfiskerte, og no er han ein helt for den brasilianske venstresida.»

Greenwald seier at alle som stiller spørsmål ved dommaren «vil bli kalla ein forsvarar av fascisme, endå denne dommaren er mest kjent for dette særs ekstreme sensurregimet som til og med var for drygt for New York Times

Minst fem menneske vart fengsla av de Moraes for å publisere ting på sosiale media som vart vurdert som eit åtak på brasilianske institusjonar. De Moraes gav ikkje eingong desse personane ordre om å fjerne dei fornærmande innlegga, ei heller sensurerte han dei – han fekk dei rett og slett fengsla utan rettssak.

«Den einaste gongen i heile min journalistkarriere der eg nokosinne har lurt på om eg eigentleg burde stille spørsmål ved, utfordre eller kritisere ein politisk tenesteperson, er denne personen, som har gått so langt som å gje ordre om at menneske skal bli fengsla utan rettssak fordi dei kritiserer han,» seier Greenwald.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget