Covid – den illusoriske løgna som lét tyrannar ta fullstendig kontroll over verda

Ethan Huff i Natural News skriv:

Det var stort sett ingen som la merke til den då den skjedde, men ein tale halden av professor dr. Stefan Homburg i fjor om falskheita til Wuhan-koronavirus (covid-19)-«pandemien» har gått viralt, og gjort verda merksam på covid-løgna som øydela fridom.

På X delte dr. David Cartland videoopptak av Homburg som tala, og det opptaket spreier seg raskt – du kan sjå det her.

Homburg tala på det andre Koronavirus-symposiet i den tyske riksdagen 11.november 2023, der han og fleire andre, inkludert dr. Michael Yeadon, professor Sucharit Bhakdi, professor dr. Stefan Hockerz, professor dr. Andreas Sönnichsen, alle øydela den offisielle covid-forteljinga med vitskap og fakta.

Homburg sine ord var kraftfulle, og åtvara alle involvert i covid-svindelen at han ikkje ønskjer å vere i deira sko akkurat no.

«Eg ville ikkje ha ønskt å vere ein covid-kulttilhengjar, ein sprøytoholisk lege, sjukepleiar eller nokon som veit inst inne kva som skjedde og all skaden og dødsfalla, men som likevel forblir stille i staden for å snakke ut om det største medisinske bedrageriet og brotsverket som nokosinne er utført mot menneskeheita!» sa Homburg.

«Korthuset kollapsar!» […]

For å hindre eit nytt covid, må dei som står bak det haldast ansvarlege

Der finst mange som helst såg at vi alle gløymer at covid nokosinne skjedde. No når heile greia har blitt eksponert som den største bløffen og svindelen som nokosinne har blitt utført mot verda, ønskjer dei involverte gjerningsmennene at vi alle berre gløymer og tilgjev.

Det kjem derimot ikkje til å skje. Slik det vart referert under symposiet, fortida, i dette tilfellet covid-bløffen, vil berre kunne bli handtert når årsakene til det som har skjedd blir fjerna, for å sitere filosofen Theodor W. Adorno.

«Det er berre fordi desse årsakene framleis eksisterer at banda til fortida enno ikkje har blitt kutta,» slår filosofien til Adorno vidare fast.

Kort fortalt adresserte talen til Homburg nokre av dei største løgnene som vart iverksett mot massane under covid, altso tal om sjukehusinnlegging og dødsfall, det at sesonginfluensa fullstendig forsvann, og all den medisinske fascismen slik som munnbindtvang, sosial avstand og seinare «vaksinasjon».

Homburg snakka spesifikt om Sverige, som var eit av dei einaste i-landa som gjorde ingenting av dette, og likevel opplevde betre folkehelsetal enn Tyskland, som hadde nokre av dei verste og strengaste tiltaka og påboda.

«Frå eit klinisk synspunkt, når det gjeld faktisk sjukdom og død, hendte ingenting spesielt,» sa Homburg om covid. «Alt var normalt. Dette er fakta, og det er nøkkelpunktet.»

«Ideen om ein pandemi var basert utelukkande på ein ny type testar, der resultata varierte vilt og fekk folk til å tru at der var meir sjukdom og dødsfall enn normalt. Dette er ikkje sant. PCR-testing for rhinovirus kan ha skapt liknande illusjonar.»

Homburg avslutta talen sin ved å rette seg mot kvar einaste politikar som nektar å ta del i ein skikkeleg diskurs om dette. Dei har mist alt truverdet sitt og veljarane stoler ikkje lenger på dei.

«På grunn av den enorme skalaen som befolkninga har blitt påverka på, hadde det vore riktig å setje saman ein etterforskingskomité,» la han til.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig, som heller ikkje gløymer eller tilgjev.

Kommenter innlegget