Trans-«vampyr» dømt for seksuelt åtak på psykisk sjuk jente – mistenkt for drap på psykisk sjuk mann i Wisconsin

Nettstaden The Post Millennial skriv:

Ein 35 år gammal transkjønna biologisk mann som identifiserer seg som vampyr, har blitt dømt for å visstnok gå til seksuelt åtak på ei psykisk sjuk 16 år gammal jente i Waukesha i delstaten Wisconsin.

Adam Hekte, som kallar seg Sabrina, vart pågripen for mord berre to veker seinare i samband med dødsfallet til 28 år gamle Vydale Thompson, som òg hadde ei mentalhelse-liding.

Ifølgje Waukesha County Freeman, gjekk Hetke i juli 2021 bort til tenåringsjenta på ein bensinstasjon, følgde ho heimatt der ho budde, og gjekk deretter til seksuelt åtak på ho medan han truga med å bruke ein kniv på ho dersom ho nekta.

Offeret greidde berre å sleppe unna ved å hoppe ut soveromsvindauget. Ho forklarte seinare til politiet at Hetke «sa til ho at han var ein vampyr, og at han kom til å bite ho dersom ho ikkje gjorde som han gav ho beskjed om».

Hetke vart arrestert kor tid etter og sikta for fyrstegrads seksuelt åtak ved å bruke med bruk av farleg våpen, og andregrads seksuelt åtak på eit psykisk sjukt offer.

Hetke legg ofte ut innlegg med gotisk tema på nettet, og hevdar i tillegg at han er vampyr. [Andre døme her og her.]

11.april dømte ein jury Hetke for begge tiltalane, etter at ei psykiatrisk evaluering konkluderte at Hetke var mentalt skikka til å gjennomgå ei rettssak.

Hetke, som ifølgje politiregister har minst 15 kjende alias, inkludert «White Chocolate», «Morgan» og «Black Dragon», var allereie ein dømt seksualforbrytar då hendinga fann stad, og hadde sleppt ut av fengsel for andre sexbrotsverk berre eit år tidlegare. Det var fyrst då at Hetke byrja å identifisere seg som ei kvinne.

To veker etter å ha blitt arrestert for nemnde seksualåtak, vart Hetke sikta for drapet på Thompson. Hetke hadde blitt pågripen for mistenkte brotsverk etter at liket til mannen vart funnen 15.april, men politiet lét Hetke gå. Denne gongen vart Hetke derimot sett i varetekt og formelt sikta for overlagt drap.

Som Milwaukee Journal Sentinel rapporterer, innrømte Hetke overfor romkameratar som var i heimen då Thompson vart myrda, at Hetke var drapsmannen. Hetke hevda at medan Gud ikkje kunne vekkje mannen til live igjen, kunne Hetke, «fordi eg er djevelen». Hetke kvelte visstnok Thompson med ein elektrisk leidning i eit forsøk på å drive ut ein «demon» som Hetke meinte var inni mannen.

Saka er venta å kome opp i retten i juni, og ei høyring skal finne stad 30.april.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget