WHO-tilsett innrømmer at vaksinepass var eit bedrag for å fremje ein global vaksinasjonsagenda

Lance D Johnson i Natural News skriv:

I eit eksplosivt nytt vitnesbyrd braut ein folkehelsetopp ut av rekkja av kollegaer i Verdas helseorganisasjon (WHO). Dr. Hanna Nohynek, sjefslege ved Det finske helse- og velferdsinstituttet og WHO sin leiar i Strategigruppa av ekspertar på immunisering, innrømte i ein finsk rettssal at WHO visste at covid-19-vaksinar var ineffektive tilbake på sommaren 2021. På den tida gav Nohynek råd til WHO om at vaksinepass var unaudsynlege. Ho sa at WHO brukte trugselen om vaksinepass til å presse folket til å ta dei eksperimentelle injeksjonane, sjølv om dei visste at sprøytene ikkje stoppa overføring av covid-19.

Dr. Nohynek vitna at vaksinepass var ingenting anna enn eit bedrag for å fremje ein global vaksinasjonsagenda med røter i dogme og totalitarisme. Dette er ei sjokkerande vending av hendingar i WHO. Nohynek er særs godt omtykt i WHO og er ein av Finland sine topp-vaksinerådgjevarar, der ho er medlem av styra til Vaccines Together og Det internasjonale vaksineinstituttet.

WHO og EU fremja totalitære kontrollsystem som forårsaka masse-vaksineskadar og segregering

Innan sommaren 2021 visste WHO og Det finske helseinstituttet at covid-19-vaksinane var fullstendig ineffektive i å stoppe overføringa av covid-19. Derimot ignorerte desse institusjonane bevismaterialet. På den tida hevda WHO at dei arbeidde for å «skape eit internasjonalt påliteleg rammeverk» for trygge reiser.

Nohynek heldt fram å opponere mot vaksinepass, og kalla covid-sprøytene «falske» fordi dei ikkje stoppa overføring. Ho sa at vaksinepass og sokalla vaksinar gav ei falsk kjensle av tryggleik, og skapte eit kunstig krav om nedstengingar, restriksjonar og segregering.

Det eksplosive vitnesbyrdet til dr. Nohynek kom i ein rettssal i Helsinki. Ein finsk borgar saksøkte staten etter å ha blitt nekta tilgang til ein kafé, medan vedkomande vart tvinga til å vise fram eit vaksinepass. Den finske borgaren Mika Vauhkala spelte ikkje med covid-19-vaksine-bløffen og saksøkte staten etter å ha blitt nekta tilgang til kafeen. Vauhkala skreiv at søksmålet hans er meint «å forsvare grunnleggjande rettar» etter at han vart nekta frukost på ein lokal kafé. Vauhkala vart rutinemessig segregert frå samfunnet på grunn av dei ulovlege, diskriminerande og umenneskelege retningslinjene. Denne segregeringspolitikken vart brukt til å tvinge og terrorisere private føretak til lydigheit.

«Finnlands grunnlov garanterer at ingen borgar skal bli diskriminert mot basert på mellom anna helsetilstand,» skriv Vauhkala på heimesida si.

I juli 2021 rulla medlemsstatar av Den europeiske union raskt ut eit ulovleg vaksinepassystem ved namn EU Digital COVID Certificate Regulation. Personar som ikkje deltok i dette bedraget vart nekta tilgang til supermarknader og fekk forbod mot å nytte offentleg transport. Den medisinske omsorga deira vart truga. Deltakinga deira i samfunnet vart knust. Den europeiske union samarbeidde deretter med World Economic Forum (WEF) for å gjere vaksinepassprogrammet om til eit «digital-ID»-system. I dag arbeider WEF med ein «pandemi-traktat» som gjev globalistar absolutt makt over liva til menneske, set til side nasjonal suverenitet og slavebind folk til deira [globalistane] sine løgner og kontroll.

Vaksinepass-bløffen tilinkjegjorde medisinsk etikk, normaliserte diskriminering, tvinga folk til å bli vaksineskadde, segregerte samfunnet og gav liv til ein biotryggleiks-politistat – halden oppe av kvitvasking og svindel.

Vaksinepass bidrog òg til å etablere WHO sitt Global Digital Health Certification Network, som vart grunnlagt i juli 2023. Brotet på menneskerettar vart òg brukt til å fremje WEF sitt digital-ID-system. Dette systemet av totalitær kontroll inkluderer vaksinepass og digitale betalingssystem som gjer menneske om til slavar, undertrykte av dei ulovlege edikta mogleggjort av dei sokalla ekspertane. Dette tyranni-systemet må plukkast frå kvarandre for ein kvar pris.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget