Globalistar programmerer ChatGPT til å «redusere vaksinenøling» ved å ape etter folkehelsenarrativ

Ethan Huff i Natural News skriv:

I slutten av denne månaden vil ny forsking bli presentert på Konferansen til det europeiske samfunnet for klinisk mikrobiologi og smittsame sjukdommar, som viser at det kunstig intelligens-drivne programmet ChatGPT spyr ut propaganda som fremjar vaksinar som kjem direkte frå offisielle folkehelsebyrå.

For å kjempe ned sokalla «vaksinenøling», har ChatGPT blitt programmert til å påverke alle som bruker det til å ta kva enn slags injeksjonar som staten og media pushar til kvar ei tid, og argumenterer at dei alle er «trygge og effektive».

I tillegg til å kome med propaganda om seksuelt overførbare sjukdommar og andre relevante sosiale problem, er ChatGPT spesielt fokusert på å oppmuntre folket til å gå og bli injisert so fort høvet melder seg – naturlegvis for «folkehelsa» si skuld.

Ei pressemelding om den nye forskinga forklarer – til stor støtte – at «vaksinenøling, direkte knytt til feilinformasjon – falsk, unøyaktig informasjon som blir fremja som faktisk – aukar».

(Relatert: ChatGPT er del av den autoritære framtida som globalistane har planlagt for verda, komplett med KI, handflate-skannerar, ansiktsgjenkjenning, utvida røyndom og andre skrekkelege ting.)

ChatGPT, den nye KI-staten

Mange folk sine eigne hjernar er tydelegvis ikkje nok, sidan dei bruker ChatGPT for alle slags greier. Desse folka stiller det spørsmål som interesserer dei, inkludert slikt som «Burde eg vaksinere meg mot [fyll inn det som manglar]?» ChatGPT responderer deretter til dei at det burde dei, punktum finale.

Forskarane som var involvert i den nye studien om ChatGPT si rolle i å oppmode brukarane til å bli vaksinert, seier at det kan vere «eit effektivt verktøy i å hjelpe til med å redusere vaksinenøling i den generelle befolkninga».

Lyspunktet oppi alt dette er at, for dei som følgjer med, ligg vi allereie føre dei i løypa. Du veit no at ChatGPT er kunstig falsk intelligens – eller kanskje kan det betre skildrast som kunstig ikkje-intelligens, fordi der er ingenting intelligent med å bli vaksinert i desse dagar.

Der er so mange ressursar tilgjengelege no som ikkje var tilgjengelege før, som viser alle risikoane og skadane som er forårsaka av vaksine-injeksjonar, og spesielt dei som blir prakka på massane mot Wuhan-koronavirus (covid-19). Det er rett og slett inga orsaking med alt som ligg ute no, å falle for fleire vaksine-bedrag, sjølv om den rådande makta prøver det med bruken av ChatGPT.

Når det blir spurt kva som helst slags type spørsmål om seksuelt overførbare sjukdommar, svarer ChatGPT òg straks med oppgulpa propaganda frå det amerikanske Centers for Disease Control and Prevention (CDC), inkludert dokumentet med retningslinjer for behandling av seksuelt overførbare sjukdommar frå 2021.

Med andre ord er ChatGPT ingenting anna enn dei same statlege kjeltringane som kjem med løgner, men i dette tilfellet gjennom eit «kult» og fancy KI-program som gjev seg ut for å vere kunstig «intelligent».

«Heilskapleg var ChatGPT sin respons på vaksinenøling nøyaktig, og kan hjelpe personar som har vaksinerelaterte feiloppfatningar,» lovde hovudforfattaren av studien dr. Matthev Koh, ein lege med spesialisering i smittsame sjukdommar ved National University Health System Singapore. (Kvifor er det eigentleg Singapore som styrer amerikansk folkehelsepolitikk??)

«Resultata våre demonstrerer den potensielle makta KI-modellar har til å hjelpe til i folkehelsekampanjar og bistå helsepersonell med å redusere vaksinenøling.»

Takk Gud at vi lever i USA heller enn Singapore. Ikkje for å fornærme dykk dersom de bur i Singapore, men i det minste har amerikanarane enn so lenge retten til å rett og slett seie nei, akkurat som den avlidne fyrstedama Nancy Reagan ein gong i tida åtvara om å seie nei til dop, inkludert farmasøytiske legemiddel av vaksinevarianten.

«ChatGPT er temmeleg ubrukeleg,» skreiv ein lesar i kommentarfeltet på The Defender, som blir utgjeve av Children’s Health Defense. «Dersom det ikkje likar diskusjonen, stoppar det berre opp og ønskjer å skifte tema. Definitivt eit verktøy for dei særs lettlurte.»

«Eg er ikkje ein ‘vaksinenølar’, eg er ein iherdig motstandar,» spøkte ein annan.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget