Ny studie viser at kjønnsdysfori avtek mellom ungdommen og vaksendommen – kjønnsskifte-angrarar blir reinvaska

Shane Trejo på nettstaden Big League Politics skriv:

Ein ny studie reinvaskar «detransitioning»-rørsla, ved å vise at kjønnsdysfori naturleg avtek mellom ungdommen og det vaksne liv. [Detransitioning er eit ord som blir brukt om nokon som gjennomfører kjønnsskifte, men som seinare angrar og prøver å vende tilbake igjen til sitt opphavlege kjønn – omsetjaren har valt å bruke ordet «kjønnsskifte-angrar» om denne gruppa; oms.komm.]

Ein studie utført i Nederland følgde 2700 barn over eit tidsrom på 15 år, og fann ut at 11% av barna hadde symptom på kjønnsdysfori, altso at dei trudde at kjønnet deira var annleis enn det kjønnet dei vart fødde som. Innan 26-årsalderen fall det talet til berre 4%. Forskarar slo fast at dette er fordi «manglande fornøgdheit med kjønn, medan det er relativt vanleg i ungdommen, generelt minkar etter kvart som dei blir eldre».

Kjønnsskifte-angrarar meiner at studien understrekar poenget deira om at barn ikkje burde bli indoktrinerte i transkjønnsideologi som kan resultere i at dei blir kjemisk kastrerte med pubertetsblokkerarar, for so å bli ugjenoppretteleg lemlesta før dei i det heile teke blir myndige.

«Desse avsløringane er i aller høgste grad reinvaskande,» seier den 19 år gamle kjønnsskifte-angrar-aktivisten Chloe Cole til The New York Post. «Det er frustrerande at det har teke so lang tid, men eg er takksam for at dette endeleg blir ein hovudstraums-samtale, og at folk omsider byrjar å vakne opp til kva vi gjer med barn.»

«Dette samsvarer fullstendig med mi erfaring, med tanke på kva eg har observert blant mange av mine transvenner,» sa Airiel Salvatore, ein 34 år gammal kjønnsskifte-angrar-aktivist frå Seattle.

«Europa ser ut til å liggje framfor oss,» sa Salvatore. «Det ser ut som at klinikkane her er meir ideologisk fanga. Det er nesten som om dei ikkje vil vete svaret, fordi heile denne greia er i grunnen berre driven av mistilpassa empati.»

Big League Politics har rapportert om korleis LGBT-groomerar i skulesystemet driv og pressar transkjønnsideologi på veslevaksne barn med vilje, og skjuler sin sanne agenda frå foreldre og øydelegg unge liv i prosessen:

«Ein varslar har avslørt korleis lærarar og administratorar på offentlege skular legg planar for å opprette ‘regnbogeklubbar’ eller Gay-Straight Alliance (GSA)-grupper for å groome barn og indoktrinere dei i LGBT-agendaen.

Varslaren, som skildrar seg sjølv som ein ‘reformert’ sosialrettferd-krigar med namn Christina Buttons, infiltrerte eit webinar der LGBT-lærarar og forkjemparar la planar om den beste måten å rette seg mot barn og forvrengje sjelene deira utan at foreldra oppdaga kva som føregjekk før det var for seint.

‘Stundom seier eg til elevar… i klassen min, for deretter å raskt gå til dei andre klassane og seie… berre so de veit det, so er det fullstendig dykkar val dersom de ønskjer å kome eller ikkje, men, øh, eg sa at dei aldri måtte fortelje dette til nokon andre, bortsett frå dei andre lærarane i klassen, so eg kom aldri til å seie det til deira føresette… berre for å forsikre meg om at alle av dei som potensielt blir nervøse i det minste ville bli meir letta på den måten,’ sa eit av rovdyra då dei delte grooming-teknikkane sine med andre lærarar.

‘Den einaste formelle kommunikasjonen, kan ein seie, som vi sendte heim med dei, var til fjerde- og femteklasse-elevar [der dei er ca. 9 til 10 år gamle; oms.an.]. Vi sa at det ikkje var eit brev foreldra måtte skrive under på og godkjenne, men at det var einvegs-kommunikasjon til heimen om klubben vår, og eg høyrde ikkje nokon motførestillingar frå nokon når det gjaldt det. Men vi brukte med vilje vide omgrep om at det var ein klubb om aksept, toleranse, mangfald og identitet, og so, på sjølve skulen, formidlar vi til alle klassane at vi har eit arrangement,’ sa ein annan groomer, der vedkomande delte dei beste metodane for å lure foreldre når det gjaldt naturen til agendaen deira.

‘Eg trur at på grunnskulenivå, iallfall på skulen min, som ligg i vestlege Massachusetts, byrjar det til og med før ein startar klubben, altso at ein byrjar med å forsikre seg om at ein har inkluderande læreplanar på skulen, at skulen har ein kultur som ønskjer velkomen, at ein bruker mykje vokabular som har med kjønn og seksualitet, og… då trur eg at du kan byrje å introdusere ideen om å byrje å byggje opp ein GSA eller ein Regnbogeklubb,’ fortalde ein annan lærar, og forklarte korleis LGBT-utdanning naturleg fører til grooming av barn.»

LGBT-agendaen er vondskap inkarnert. Denne plaga må stoppast før fleire barn får øydelagt liva sine.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget