Taylor Swift er no eit eige fag ved amerikanske UC Berkeley

For dei som meiner mange fag ved norske universitet har tvilsam samfunnsnytte, har no eit endå verre tullefag dukka opp i USA. Nettstaden The Post Millennial skriv:

University of California Berkely tilbyr businessfag om suksessen til Taylor Swift, og ein lærer visstnok korleis den verdsanerkjende songarinna og låtskrivaren brukte marknadsføring for å oppnå sitt nivå av berømtheit.

Medan studentar visstnok kjempar om ein høgst ønskt plass på studiet kvart semester, ifølgje CBS News, har avgjerda om å tilby studentar dette kurset blitt skjelt ut på grunn av Biden-administrasjonen sitt forslag om å ettergje studentlån – noko som tydar at skattebetalarane må betale rekninga for at desse studentane skal få lære om Swift.

The Post Millenial sin ansvarlege redaktør Libby Emmons delte eit CBS News-innslag om Berkeley-studentar som var meldt på kurset på X, noko som skapte debatt i kommentarfeltet.

«Dei same folka som vil ha oss til å betale studielåna deira tek no fag om Taylor Swift,» skreiv Emmons.

I respons til Emmons skreiv ein X-brukar: «Latterleg, for å seie det mildt… ingen verdiskaping for den amerikanske økonomien, og ei formidabel sløsing av skattebetalarane sine pengar.»

«For eit bedrag, at studentar betaler gode pengar for eit kosekurs,» la ein annan til.

«Får ikkje håpe dei går på TikTok og grin over sin verdilause grad,» skreiv ein annan.

CBS News rapporterer at kurset, som har tittelen «Artistry and Entrepreneurship: Taylor’s Version» [«artistkunst og gründerverksemd: Taylor sin versjon»], blir i sin heilskap undervist av to studentar, Sofia Lendhal og Miaad Bushala.

For tida har 44 studentar meldt seg på kurset.

«Taylor er so strategisk i alt ho gjer,» sa Bushala til nettverket. «Når du tenkjer på ei merkevare, er det alt dei kunne ønske seg. Dei vil ha lojale kundar, og det er det Taylor har.»

I tillegg til UC Berkely, har andre institusjonar slik som Stanford University og Harvard University òg hoppa på Taylor Swift-toget og tilbyr kurs om den sokalla «Swift-effekten» innan felt som går frå kjønnsstudiar og politisk vitskap til engelsk, seier CBS News.

«Der er ein grunn til at toppinstitusjonar studerer det,» sa Sejal Krishnan, ein masterstudent i kjemi som har meldt seg på kurset. «Dei veit at det er ein trend.»

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget