Immunologiekspert åtvarar at alle som tok covid-19-sprøyter kan DØY innan få år

Natural News skriv:

Ein av verdas topp-immunologiekspertar åtvarar at personar som tok mRNA-covid-19-vakisinar kan døy i løpet av dei neste fem åra.

Denne åtvaringa kjem frå dr. Dolores Cahill, som har 25 års erfaring med bruk av antistoff og protein i biomedisinske applikasjonar. Som professor i omsetjingsvitskap ved University College Dublin School of Medicine sitt Conway Institute, er ho og hennar forskingsteam kjent for sitt banebrytande arbeid innan teknologi og diagnostikk, so vel som medisinsk og biologisk forsking. Før det arbeidde ho for det anerkjende Max Planck institutt for molekylær genetikk i Berlin.

Dr. Cahill har hatt reservasjonar mot vaksinane sidan byrjinga, og har åtvara at dei kan ha ein ødeleggjande effekt på menneskehelsa. Medan mange var bekymra for potensialet for ukjende langtidsbiverknader, er dr. Cahill sine bekymringar langt dystrare; ho har åtvara at dei [«vaksinane»] til slutt vil drepe alle, òg dei som berre har teke éin dose.

Sjølv om ho kom med den urovekkjande åtvaringa so tidleg som i 2021, har videoar der ho forklarer teorien sin versert på nettet no i seinare tid, i det fleire og fleire teikn peiker på at dei som er vaksinerte opplever ei rekkje helseproblem.

Ikkje overraskande opplevde dr. Cahill å bli fjerna frå sosialmedie-plattformer i hovudstraumsmedia på grunn av åtvaringa, slik som mange andre som har uttrykt reservasjonar overfor sprøytene. I tillegg vart den dekorerte forskaren stempla som ein konspirasjonsteoretikar av hovudstraumsmedia, som jobba overtid for å beskytte interessene til Big Pharma på høgda av pandemien, og framleis gjer det.

Toppvirolog åtvarar om komande kollaps

Andre leiande ekspertar har kome med liknande åtvaringar, slik som dr. Geert Vanden Bossche, ein virolog [virusekspert] i verdsklasse, og han har åtvara at ein «massiv tsunami» av «død» og «kaos» vil råke den vaksinerte befolkninga.

(Sjå òg «Toppvirolog åtvarar om massiv tsunami av mRNA-‘vaksine’-dødsfall», publisert 8.april 2024.)

Han sa at den kan få sjukehus til å kollapse, og føre til økonomisk, sosialt og finansielt kaos.

Bossche trur at dei vaksine-kompromitterte immunforsvara til menneske vil føre til ei rekkje sjukdommar, og auken i kreftdiagnosar som vi no ser vil gje veg til ein meir kronisk fase som sluttar med «ein hyper-akutt fase, ei diger, diger bølgje».

Han forklarte: «Der eg vil ar publikummet dykkar skal forstå, kva vi vil stå overfor i den hyper-akutte covid-krisa som kjem i nær framtid, er at vi vil måtte byggje opp igjen ei heilt ny verd…»

Han ser ikkje ut til å vere i tvil om at dette ligg i korta, og seier: «Det er svært merkeleg for meg å kome med slike ytringar, men eg skjuler det ikkje fordi eg er 200% overtyda om at det vil skje.»

Scenarioet som han skildrar er det verst tenkjelege utfallet av det globale presset for covid-19-vaksinar, og dersom det skulle finne stad, er det skremmande å tenkje på at styresmaktene rundt om i verda kan få seg til å setje folk i so stor fare.

Derimot trur Bossche at det digre globale omfanget av raskt akselererande sjukdommar og dødsfall rett og slett vil vere for stort til å kunne dekkjast over, og at dei ansvarlege partane vil bli eksponert.

«Derimot, dersom du gjer dette på den særs store skalaen, slik som har skjedd med denne masse-[covid]-vaksineringskampanjen, vil sanninga kome til overflata.»

«Og dei som har utført desse brotsverka, som har loge til folket, som ikkje har teke seg av helsa og tryggleiken til folket, vil bli alvorleg, alvorleg straffa…»

Han trur at verda til slutt vil innsjå at alle har blitt gjenstand for eit omfattande gain-of-function-eksperiment med menneskelege forsøkskaninar.

«Dette vil bli noko som kjem til å bli formidla i historia i mange generasjonar framover,» la han til.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget